JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den merkelege samanhengen mellom migrasjon og autisme

Barn av innvandrarar har langt større risiko for å få ein autismediagnose enn barn av innfødde nordmenn har. Ingen veit kvifor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4269
20231208
4269
20231208

peranders@dagogtid.no

Auken i talet på barn med autismediagnose er ikkje jamt fordelt. Somme innvandrargrupper har ein langt høgare frekvens av barn med autisme enn majoritetsbefolkninga, og slik er det både i Noreg og ei rekkje andre land. Nokre av tala er forbløffande.

Som ein del av utgreiinga frå Autisme- og touretteutvalet i 2020 laga Folkehelseinstituttet ein tabell over prosentdelen av barn med autismediagnose fordelt på landbakgrunn. Tabellen inkluderte alle barn fødde i Noreg mellom 2001 og 2016 og synte nokre påfallande skilnader. Barn frå nesten alle innvandrargrupper hadde høgare frekvens av autismediagnose enn majoritetsbefolkninga, og somme låg svært langt over.

Tolvgangen

I aldersgruppa 2 til 5 år hadde 0,23 prosent av barna med to norske foreldre ein autismediagnose i denne perioden. Blant barna til polske foreldre var frekvensen 0,54, nær det dobbelte. Blant barn av pakistansk bakgrunn var frekvensen 1,17. Barn av somaliske foreldre: 1,64. Barn av foreldre frå Sri Lanka: 1,95. Høgast var frekvensen blant barn med eritreisk familiebakgrunn, der 2,77 prosent i aldersgruppa 2-5 hadde ein autismediagnose. I denne gruppa var altså andelen 12 gonger så stor som blant dei med norsk familiebakgrunn.

FHI understreka at tala ikkje var justerte for andre variablar som kan påverke risikoen for autisme. «Ifølge forskerne gir funnene likevel en klar pekepinn om økt risiko for autisme i de to yngste aldersgruppene i nesten alle de store minoritetsgruppene. Økningen omfatter landgrupper av både europeisk, afrikansk og asiatisk opprinnelse», heitte det.

Skilnadene mellom gruppene var uansett så store at ingen av dei kjende risikofaktorane for autisme skulle kunne gje slike utslag.

Store utslag

Biletet vart stadfesta av ein studie som forskarar ved St. Olavs Hospital publiserte i fjor. Studien inkluderte 142 barn i alderen 2–6 år som fekk autismediagnose i Sør-Trøndelag mellom 2016 og 2019, det vil seie alle barna som fekk slik diagnose ved St. Olav i desse åra.

Studien tyda på at barn av mødrer frå andre land enn Noreg hadde meir enn 7 gonger så stor risiko for autismediagnose som barn av norskfødde mødrer. Barna til mødrer med innvandrarbakgrunn hadde òg jamt over meir alvorlege symptom enn dei med norskfødde mødrer. Den høgaste autismefrekvensen fann forskarane blant barna til foreldre med bakgrunn frå Eritrea og Somalia.

Globalt fenomen

Studien frå St. Olav var relativt liten, og skilnaden på innfødde og innvandrarar var det sterkare enn i dei fleste liknande studiar. Men forskarar finn det same fenomenet i ei rekkje land: Barn av innvandrarar får oftare ein autismediagnose enn barn av foreldre frå majoritetsbefolkninga.

Årsakene er ukjende, men så langt tyder ikkje forskinga på at det handlar om spesielt sterk genetisk disposisjon for autisme i befolkninga i somme land. Rett nok er det generelt ikkje like gode helsedata frå fattige land som frå rike. Men dei studiane som er gjort av autismeførekomst i til dømes Afrika sør for Sahara, tyder på at utbreiinga ikkje er større der enn i andre delar av verda. Og risikoen for autisme ser ut til å vere forhøga i dei aller fleste immigrantgrupper, anten innvandrarane kjem til Noreg frå Europa, Afrika eller Asia.

Inga forklaring

Det ser dermed ut som det kan vere noko ved sjølve migranttilværet som er forbunde med høgare risiko. Og den auka risikoen verkar særleg vere knytt til mora: Å ha far frå eit anna land gjev ikkje like sterke utslag, syner ein ny studie frå Folkehelseinstituttet. Den såg på data for barn fødde i Noreg mellom 2006 og 2017, og synte dessutan at innvandrarbarn fekk ADHD-diagnosar langt sjeldnare enn barn av norskfødde foreldre.

– Barn av innvandrarar er overrepresenterte når det gjeld autismediagnosar og underrepresenterte når det gjeld ADHD, men vi kjenner ikkje forklaringa. Eg vil ikkje spekulere i kva årsakene kan vere. Men det er absolutt noko vi bør sjå nærare på, seier Alexandra Havdahl, leiar for Autismestudien.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Barn frå nesten alle innvandrargrupper hadde høgare frekvens av autismediagnose enn majoritetsbefolkninga»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis