Den levande som ikkje var medDen klassiske sosialdemokraten Odvar Nordli er nok den siste statsministeren i sitt slag.

Den klassiske sosialdemokraten Odvar Nordli er nok den siste statsministeren i sitt slag.

Odvar Nordli fotografert i samband med lanseringa av ei av bøkene sine.
Odvar Nordli fotografert i samband med lanseringa av ei av bøkene sine.
Publisert

Det har vore ei triveleg samkome i rikskringkastinga med dei som styrte landet: Den moderleg kontrollerande Gro Harlem Brundtland, den distanserte Jens Stoltenberg, den uheldige Thorbjørn Jagland, den forsonande Kjell Magne Bondevik og den spisse Kåre Willoch som skrytte av at han tidleg såg «utviklingsmuligheter» i den heimekoselege Erna Solberg.

Statsvitaren Hilmar Rommetvedt kommenterte bordplasseringa: «Gro og Kåre måtte naturligvis sitte så langt fra hverandre som mulig. Det samme med Jens og Thorbjørn. Dermed havnet også Erna og Kjell Magne langt fra hverandre, selv om jeg tror de to godt kunne sittet ved siden av hverandre.»

DEI SEKS blei presenterte som «våre siste nålevende statsministre». Det er feil. Den fanatisk moderate og retorisk elegante Jan P. Syse, som var statsminister 1989–1990, døydde rett nok i 1997. Men Odvar Nordli (statsminister 1976–1981) fylte 90 år 3. november. Han heldt seg i ro heime i Mjøstun på Tangen, for han er svekt av alderen og dårleg til beins. Men han blei hylla som ein bauta som alltid har kjempa for at dei med sterkast rygg, skal bera den tyngste børa.

Som avgått statsminister ytra Nordli seg sjeldan om rikspolitiske spørsmål. Men av og til klarte han ikkje å halda seg, som då han meinte at det var ei skam med 70.000 fattige barn i verdas rikaste land. Eller då han på slutten av 1990-åra med ein einaste replikk torpederte Arbeidarpartiets lefling med å la private få ansvar for å driva sjukeheimar: «Je vil itte på anbud!» Det var tale i slekt med hans «medfødte angst for arbeidsledighet».

ODVAR NORDLI er ein klassisk sosialdemokratisk politikar frå folkedjupet. Han er nok den siste statsministeren i sitt slag: Ein gåverik mann frå små kår som tok handelsgym, skreiv lokale revyviser, blei kommunerevisor og gjekk den raude fylkesvegen til Stortinget. Då han blei varaordførar i Stange som 23-åring og ville ha greie på arbeidsoppgåvene, svarte ordføraren: «Dær dæ ær medda, går je; dær dæ bærre ær kaffi, går du.» Då n’Odvar blei regjeringssjef, fekk han denne attesten frå gamleordføraren: «Jo da, dætta går nok bra dæ. Statsminister i Norge dug’n nok tel, men ordfører i Stange vart’n æller.» Sitata stammar sjølvsagt frå den sjølvironiske humoristen sjølv .

DEI GODE hjelpeskrivarane mine har stor godhug for Odvar Nordli. Vertinna minnest han som ein varm og liketil kar med triveleg dialekt og lun humor som kom med underfundige, slåande og spontane replikkar når han fekk rulla ein røyk og tenkt seg om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement