Den lange vegen til integrering

Norsksomaliarane er ein av dei største minoritetane her i landet. Etter fleire tiår viser statistikkane at det er krevjande å lukkast med integreringa.

Marian A. Hussein, stortingsrepresentant og nestleiar i SV, møter norsksomaliske studentar på OsloMet.
Marian A. Hussein, stortingsrepresentant og nestleiar i SV, møter norsksomaliske studentar på OsloMet.
Publisert Sist oppdatert

– Kven av dykk har gått over Besseggen? Kven av dykk har vore på Hardangervidda eller i Jotunheimen? Rekk opp handa så vi ser.

Det er Safia Haase som spør, ein laurdag tidleg i november. Somalisk studentforening og den norsksomaliske avisa NorSom News arrangerer somalisk kulturdag. Ein jamn straum av unge norsksomaliarar finn seg ein stad i det store auditoriet på OsloMet i Pilestredet. Det luktar herleg somalisk te med sukker, ingefær og kardemomme som studentane tek med seg inn i auditoriet.

Somalisk studentforening skal skape samhald og gje støtte til norsksomaliske studentar. Både i Sverige og i Noreg utgjer innvandrarar frå Somalia og etterkomarane deira i underkant av 1 prosent av befolkninga. I januar 2023 var det registrert 43.600 innvandrarar og norskfødde med somaliske foreldre her i landet.

Vi høyrer stadig at somaliarane er ein av minoritetane med mange utfordringar: kriminalitet, arbeidsløyse, sosial kontroll. Kvifor lukkast dei ikkje betre? Kor dårleg går det eigentleg? Og er det lov å stille spørsmålet?

«No er vi nordmenn»

Safia Haase er ein av fleire profilerte norsksomaliarar som er inviterte til kulturdagen til Somalisk studentforening. Ho har vore sentral i kampen mot kjønnslemlesting og rasisme og arbeidet for å fremje aksept og forståing mellom kulturar.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel