Den lange vegen til integrering
Norsksomaliarane er ein av dei største minoritetane her i landet. Etter fleire tiår viser statistikkane at det er krevjande å lukkast med integreringa.
Marian A. Hussein, stortingsrepresentant og nestleiar i SV, møter norsksomaliske studentar på OsloMet.
Alle foto: Ole Jan Larsen
Innvandring
redaksjonen@dagogtid.no
– Kven av dykk har gått over Besseggen? Kven av dykk har vore på Hardangervidda eller i Jotunheimen? Rekk opp handa så vi ser.
Det er Safia Haase som spør, ein laurdag tidleg i november. Somalisk studentforening og den norsksomaliske avisa NorSom News arrangerer somalisk kulturdag. Ein jamn straum av unge norsksomaliarar finn seg ein stad i det store auditoriet på OsloMet i Pilestredet. Det luktar herleg somalisk te med sukker, ingefær og kardemomme som studentane tek med seg inn i auditoriet.
Somalisk studentforening skal skape samhald og gje støtte til norsksomaliske studentar. Både i Sverige og i Noreg utgjer innvandrarar frå Somalia og etterkomarane deira i underkant av 1 prosent av befolkninga. I januar 2023 var det registrert 43.600 innvandrarar og norskfødde med somaliske foreldre her i landet.
Vi høyrer stadig at somaliarane er ein av minoritetane med mange utfordringar: kriminalitet, arbeidsløyse, sosial kontroll. Kvifor lukkast dei ikkje betre? Kor dårleg går det eigentleg? Og er det lov å stille spørsmålet?
«No er vi nordmenn»
Safia Haase er ein av fleire profilerte norsksomaliarar som er inviterte til kulturdagen til Somalisk studentforening. Ho har vore sentral i kampen mot kjønnslemlesting og rasisme og arbeidet for å fremje aksept og forståing mellom kulturar.
– De må bli kjende med naturen i Noreg. Kva er integrering? Integrering handlar om kunnskap og fakta. De må bli glade i det norske livet. For vi må bli norske når vi bur i Noreg. Vi mistar ikkje kulturen vår sjølv om vi går over Hardangervidda. Vi styrkjer oss og forstår oss sjølve betre når vi deltek i det norske samfunnet, samstundes som vi er somaliarar. Vi skal ikkje segregere oss. Vi skal bli ein del av det norske samfunnet. No er vi nordmenn.
Safia Haase snakkar med stort engasjement til studentane i Somalisk studentforening.
Safia Haase har motteke ei rekkje prisar, mellom anna St. Olavs Orden. Ho overgår alle som kjem på scenen når det gjeld energi, humor og forteljeglede. No har ho akkurat snudd perspektivet på hovudet framfor 350 unge norsksomaliarar. Temaet i samtalen er faren for at unge norsksomaliarar mistar eige språk, identitet og kultur. Svaret til Safia er utdanning og kunnskap.
– De må kome dykk over Besseggen, seier ho og ler.
I løpet av ettermiddagen møter vi Marian A. Hussein, nestleiar i Sosialistisk Venstreparti og den første stortingsrepresentanten med somalisk bakgrunn. På scenen kjem fleire kjende røyster som snakkar om somalisk kultur og historie. Mange av innlegga er på somali. Det er dans, moteshow og musikk. Også komikaren Hani Hussein stiller opp.
– Somaliarane kjem til å ta over verdsherredømet om nokre år. No er vi busette over heile verda. Og vi kan ikkje stoppast.
Publikum ler, og Hani får god respons frå studentane. Det er ei hjarteleg stemning i salen. Venner som ikkje har sett kvarandre på lenge, møtest. Det er latter og gjensynsglede. Kvinnene er definitivt i fleirtal. Berre nokre få går utan hijab.
Mange av innlegga handlar om å lukkast som tokulturell og om å ta vare på alle kvalitetane som somalisk kultur står for. Studentane i Somalisk studentforening gjev håp og tru på morgondagen. Dette er ikkje møtet for å diskutere utanforskap og utfordringane med integrering for norsksomaliarane. Men statistikkane fortel dystre historier om korleis det går med ein av dei største minoritetane i Noreg.
«Fortvila og sinte»
Då eg for eitt år sidan kontakta Christian Tybring-Gjedde i Framstegspartiet for å få hans syn på innvandringspolitikken dei siste tiåra, var svaret dette:
«Hei. Jeg velger å takke nei til din henvendelse. Samfunnet har utviklet seg i en retning som gjør det umulig med en reell innvandrerdebatt. Mediene har det største ansvaret for dette. Ikke minst NRK. Stigmatiseringen er så kraftig at de fleste forblir tause, samtidig som de er fortvilet og sinte. Det opplever vi i mange vestlige land. Ytringsfriheten er en illusjon når konsekvensene for ytringen er livslang stigmatisering med mulige konsekvenser for videre yrkeskarriere. Det ønsker jeg ikke å risikere.»
Eg kontakta også stortingsrepresentant Marian A. Hussein i SV for å få hennar synspunkt på utfordringar som ein møter i integreringsarbeidet. Ho skreiv: «Dette høres ut som en viktig sak, men jeg får dessverre ikke prioritere dette, siden jeg har mye å gjøre på mitt fagfelt som er helse og omsorg. Men, om du er interessert i å få innspill til andre som du kan snakke med, så finnes det utrolig mange sterke muslimske kvinner i både moskémiljøene og i det somaliske miljøet. Jeg tenker det er viktig å endre de strukturene som gjør det mulig at mennesker lever ufrie liv i Norge, men at det da er viktig å lytte til de kvinnene som har skoene på, og som utfordrer kjønnsrollene.»
Så legg ho ved nokre artiklar frå ulike medium der somaliske kvinner er blant kjeldene. Men sjølv har ho altså ikkje kapasitet til å bidra.
– Ikkje relevant
Eg kontaktar òg ein medarbeidar i politiet som jobbar som mangfaldskontakt mot moskeane i hovudstaden, mellom anna for å førebyggje radikalisering. Men samtalen kjem aldri i gang, fordi ho var usikker på om ho har løyve til å uttale seg om jobben sin.
Etter ein lang prosess får eg melding frå kommunikasjonsavdelinga i politiet om at seksjonsleiar Jane Bechmann Dahl i Oslo politidistrikt vil svare på spørsmåla. Ho stiller saman med ein medarbeidar frå pressekontoret på politihuset på Grønland i Oslo. Der blir følgjande utsegn lesen opp frå manuskript:
«Hovudstrategien til Politidirektoratet og Oslo politidistrikt er å satse på førebygging og skape forståing og tillit blant alle innbyggjarane i byen.»
Eg spør om politiet på nokon måte opererer med landbakgrunn i det statistiske materialet sitt. Svaret er nei. Det vert ikkje rekna som relevant.
«Det går seg til...»
Nordmenn generelt er ikkje særleg skeptiske til innvandring. Til Statistisk sentralbyrå (SSB) svara nær ni av ti nordmenn i 2023 at «innvandrere flest gjør en nyttig innsats i norsk arbeidsliv». Berre 4 prosent er heilt eller nokså usamde i påstanden.
Lars Østby er nestor i SSB. I fleire tiår har han jobba med statistikk som handlar om utviklingstrekk for minoritetsbefolkninga. Og han har hatt ei spesiell interesse for norsksomaliarane. I dag har Østby berre ei deltidsstilling ved byrået, som han kallar det. Resten av tida er han pensjonist.
– Tenkjetanken Human Rights Service (HRS) har fleire gonger omtala meg som «Lars Det Går Seg Til Østby», fordi eg har uttala at det er eit spørsmål om tid. Når nye generasjonar kjem til, vil pilene peike i rett retning. Ein større del kjem i jobb, butilhøva blir betre, fleire tek høgare utdanning. Men eg må innrømme at eg er litt uroa, og eg må seie at eg hadde trudd vi skulle sjå ei meir positiv utvikling i løpet av dei siste 10–15 åra. Vi ser blant anna at eritrearar, som òg kjem frå vanskelege tilhøve, har passert somaliarane på levekårsstatistikkane.
Østby ønskjer ikkje å svartmåle biletet, men leitar etter lyspunkt. Han trekkjer fram vietnamesarane som etablerte seg i Noreg frå midten av 1970-åra. Dei hadde i ein lang periode store utfordringar med integrering og deltaking i arbeidslivet. Men frå 1990-åra stoppa innvandringa frå Vietnam, og trenden endra seg. I dag er vietnamesarane godt integrerte i det norske samfunnet.
Østby seier at det er lov å håpe at det same vil skje med somaliarane. Dei siste åra har innvandringa frå Somalia stoppa opp. Det er fleire norsksomaliarar som flyttar frå Noreg, enn det er somaliarar som kjem til landet. Altså netto utvandring, som Østby meiner tyder på at somaliarane kanskje føler at dei har betre sjansar i andre land enn Noreg.
Utan far i oppveksten
I Somalia føder kvinnene i snitt 6,2 born (2017), som er blant dei høgaste tala i verda. 40 prosent av somaliarane i Noreg bur i store familiar (fem eller fleire personar). I tillegg er prosentdelen hushald med berre éin vaksenperson svært høg. Skilsmissedelen er uvanleg høg, særleg for kvinner. Kvar fjerde kvinne (24 prosent) over 19 år er skild eller separert.
36 prosent av norskfødde born mellom 0 og 17 år med innvandrarforeldre frå Somalia bur saman med berre éin vaksen. Dette skil somaliarane frå dei andre store innvandrargruppene. Blant pakistanarar er denne delen berre 8 prosent. 16 prosent av alle born i Noreg bur saman med berre mor eller far.
Det store fleirtalet blant somaliarane bur saman med berre mor. I tillegg viser levekårsundersøkingar at det er vanlegare for gifte somaliarar enn for andre å ha ein av ektefellane (oftast mannen) i utlandet. Også i desse tilfella er det ein av forsørgjarane som er åleine om å ha ansvaret for borna.
Norskfødde born med somaliske foreldre utgjer ei stor gruppe i Noreg, med rundt 15.800 personar (1. januar 2023), som er den tredje største gruppa av norskfødde med innvandrarforeldre. Berre born med pakistanske og polske foreldre ligg over på statistikken. Så vi har ein stor minoritet med låg gjennomsnittsalder som kjem dårleg ut på ei rekkje statistikkar frå starten i livet. Korleis vil dette utvikle seg i dei komande åra og tiåra? Det er nøkkelspørsmålet – og uroa.
Nordisk perspektiv
I Noreg bur det over dobbelt så mange innvandrarar og etterkomarar frå Somalia som i Danmark og Finland. Rundt 43.000 her i landet og rundt 20.000 i kvart av nabolanda. I Sverige, med dobbelt så mange innbyggjarar som Noreg, er talet på svensksomaliarar rundt 100.000. Somaliarane er den suverent største innvandrargruppa frå Afrika i Norden. Rundt 183.000 innvandrarar og etterkomarar.
Forkortinga NEET (Not in Education, Employment, or Training) fangar opp personar som ikkje er engasjerte i verken jobb, utdanning eller opplæring. I 2018 hamna rundt 38 prosent av innvandrarane frå Afrika i kategorien NEET i Noreg. For etterkomarar var talet rundt 23 prosent. For befolkninga elles i Noreg hamna 12 prosent i kategorien NEET. Statistikken for Noreg, Sverige, Danmark og Finland syner at afrikanske innvandrarar kjem dårlegast ut i alle dei fire landa.
Minoritet er majoritet
Holmlia i Oslo ein varm sommarkveld i juni: Samarbeidsrådet for trus- og livssynsspørsmål (STL) har invitert til nabolagsdialog i Forandringshuset like ved Holmlia Senter for å diskutere korleis organisasjonar og trussamfunn kan medverke til å redusere utanforskap for dei ulike minoritetane i bydelen Søndre Nordstrand. Oppmøtet er nedslåande. Dei store og påkosta plakatane har ikkje hatt nokon effekt.
Odd Rune Andersen har i mange år vore direktør i bydel Frogner på Oslos beste vestkant. No har han starta som direktør for Søndre Nordstrand. Ein ung norsksomaliar spør bydelsdirektøren:
– Kva er den største skilnaden på å vere direktør i Søndre Nordstrand og direktør i Frogner?
– Her er minoritetane majoriteten av innbyggjarane. Og her skårar ein stor del av borna lågt på nasjonale prøver i skulen, noko som forklarar kvifor dei slit med å henge med i skulegangen. At mange droppar ut av skulen, er altså ikkje overraskande, men det er svært skremmande, seier Andersen.
Kveldssola treffer golvet i det romslege lokalet. Det er roleg og venleg stemning når panelet, som består av blant anna ein bydelspolitikar, ein prest og ein representant frå ein av moskeane, startar samtalen. Det kjem føreseielege frasar om at trussamfunn kan medverke til å førebyggje utanforskap. Dei få tilhøyrarane slappar av med kald drikke som er servert før oppstart. Men så skjer det noko.
– Moskeane sviktar
Shahid Rasool, som driv Fighters Gym Oslo, har sete roleg i panelet og høyrt på samtalen ei god stund. Han er kjend som tidlegare kriminell og er no ein fighter for å berge born og unge frå utanforskap og kriminalitet.
Shahid Rasool arbeider med å hjelpe unge bort frå kriminalitet og driv Fighters Gym Oslo.
– Eg har vore 18 år i fengsel. Dei kom og vitja oss frå Blå Kors, Raudekrossen, Kirkens Bymisjon, Frelsesarmeen og andre kristne kyrkjelydar. Kvifor kjem de ikkje frå moskeane? Kvifor skyv de oss frå dykk?
Rasools intensitet og engasjement set ein ny standard for samtalen. No er det alvor. Rasool snakkar om moskeane generelt. Men i panelet er det ungdomskoordinator i Tauheed-moskeen på Holmlia, Hasan Rizv, som må svare.
– Det er ikkje slik at vi ikkje vil vitje innsette i fengsel. Og vi gjer det. Men det er også komplisert. Moskeane vil unngå å bli knytte til kriminelle personar og kriminelle nettverk. Det kan føre til at PST nemner moskeane når dei lagar rapportar om trusselbiletet i landet. I tillegg er det kostbart å dra på fengselsbesøk. Om ein skal til Halden fengsel, er det ein lang tur. Vi treng meir pengar for å gjere det betre.
Rasool responderer med det same:
– De manglar ikkje pengar. Kvifor inviterer de toppolitikarar og toppsjefar frå politiet og militæret i Pakistan til Noreg? Dei har ikkje noko her å gjere. Og det kostar mange pengar. Det er dårlege greier. De må heller opne dørene og skape rom der dei unge kan utvikle seg og bli gode borgarar. Det er den viktigaste jobben no, slår Shahid Rasool fast.
Etter panelsamtalen tek vi ein guida tur, først til Holmlia kyrkje. Kvelden vert avslutta i Tauheed-moskeen, som ligg fem minutts biltur unna kyrkja. Unge kvinner i moskeen tek imot delegasjonen. Det luktar god pakistansk mat, og vi forsyner oss med krydra kjøt, ris, nan, raita og chutney før vi set oss ved langbordet og blir betre kjende. Odd Rune Andersen tek tak i meg mot slutten av kvelden.
– Du må kome tilbake i morgon. Då kjem byrådsleiar Raymond Johansen hit for å diskutere korleis vi skal løyse utfordringane som vi slit med.
Bydelsdirektør Odd Rune Andersen tek imot dåverande byrådsleiar Raymond Johansen på Holmlia i Oslo.
Urovekkjande statistikk
Tal frå Statistisk sentralbyrå for fjerde kvartal 2022 syner at berre 48 prosent av somaliarane i Noreg er i arbeid (2022). 54 prosent av mennene og 40 prosent av kvinnene. Dette plasserer somaliarane på eit botnnivå blant innvandrargruppene, litt over innvandrarar frå Syria, som har kort butid i Noreg.
Somaliarane i Noreg har lågare inntekt enn dei fleste innvandrarar her i landet. Grunnen er at få er i jobb. Om vi ser på medianinntekta i Noreg i 2017, som var 372.000 kroner, hamna somaliarane på 193.000 kroner, som er rett over 50 prosent av snittet. Dårleg økonomi sørgjer for nedslåande resultat i andre statistikkar.
Det er lett å forstå at det er krevjande å vere åleinemor frå Somalia med mange born, og samstundes skulle lukkast med utdanning og jobb. Dette er truleg òg ei viktig forklaring på kvifor mange born med bakgrunn frå Somalia hamnar i kategorien «fattige» i Noreg, eller med Lars Østbys ord, «varig låginntekt».
Berre 5 prosent av oss som ikkje har innvandrarbakgrunn, er trongbudde. Det vil seie at det er færre rom enn personar i bustaden, eller at éin person bur på eitt rom, og at arealet per person er under 25 kvadratmeter. Blant dei store innvandrargruppene er det å bu trongt vanlegast blant somaliarane. Heile 38 prosent bur i bustader som blir definerte som trongbudde.
Ei rekkje statistikkar viser òg at norske born med somaliske foreldre har utfordringar i skulen. Av alle som tek til på vidaregåande skule her i landet, fullfører 80 prosent på normert tid (fem eller seks år). Blant elevar med somalisk bakgrunn hadde 67 prosent fullført på normert tid (2016–2022). Dette er lågare enn for dei fleste andre, men ein oppgang frå under 50 prosent fem år tidlegare. Relativt mange vel yrkesfaglege studium, der prosentdelen som fullfører, er lågare enn for studieførebuande retningar.
Kriminaliteten blant innvandrarar frå dei fleste land i Afrika, Asia og Latin-Amerika er høgare enn blant folk utan innvandrarbakgrunn. I 2010–2013 var det dobbelt så mange siktingar mot innvandrarar frå Afrika samanlikna med befolkninga utan innvandrarbakgrunn. Innvandrarar frå Kosovo toppa statistikken i perioden, medan somaliarane kom på andreplass. Deretter følgde Afghanistan, Irak og Iran.
Medan ein ser ei viss sekularisering blant muslimske innvandrarar generelt, bryt somaliarane med dette mønsteret. 84 prosent av somaliarane seier at religionen er svært viktig i livet deira. Berre blant somaliarane er religion like viktig for kvinner og menn. I alle andre grupper er han viktigast for kvinnene. Éin av tre somaliarar i Noreg svarar at dei deltek på religiøse møte minst to gonger i veka. Moskeen til somaliarane i Oslo, Tawfiiq Islamsk Senter Norge, er landets største moské, med rundt 6600 medlemer (2022).
Raymond på Holmlia
Dagen etter kveldsmøtet om utanforskap på Holmlia møter eg Odd Rune Andersen i bydelskontora i øvste etasje på Holmlia senter.
– Du kom! Veldig bra!
Utstrålinga og framtoningen kler ein bydelsdirektør: open, energisk og venleg. Han tek meg med på ein rask tur gjennom dei moderne lokala til bydelsleiinga.
Så er vi brått på OsloMet, universitetet i Oslo sentrum, som er i ferd med å etablere ein filial på Holmlia. Og det er denne hendinga som skal markerast. For når minoritetane ikkje kjem i gang med utdanning inne i Oslo sentrum, flyttar OsloMet ut til bydelen der minoritetsbefolkninga bur.
Tilsette ved universitetet kjem slentrande. I akademia er det tydelegvis ok å stille i shorts på ei mottaking på varme sommardagar. Vi får kaffi og noko smått å bite i. Det vi ventar på, er storfint besøk frå rådhuset.
Så kjem Raymond Johansen og fleire av byrådane inn i lokalet. Rektor Christen Krogh ønskjer velkomen og bruker termodynamikkens andre hovudsetning, overføring av varme skjer alltid frå ein stad med høgare temperatur til ein stad med lågare temperatur, som metafor på kvifor OsloMet har starta eigen filial på Holmlia.
– Vi vil minske avstanden og vere der folk bur, seier Christen Krogh.
Raymond Johansen, øvste leiar i hovudstaden, tek ordet. Med sin energiske stil konstaterer han at det er store skilnader i Oslo. Han snakkar om generasjonskontrakten. Om å overlevere garden i betre forfatning til neste generasjon, og om at unge opplever at kontrakten er broten. Dei har ikkje tru på seg sjølv og på at dei kan medverke med noko i dette samfunnet.
– Det er dette vi skal og må stoppe, avsluttar Raymond Johansen.
– Tillit må til
Bydel Søndre Nordstrand strekkjer seg frå Hvervenbukta nede ved Bunnefjorden og opp til Holmlia. Men bydelen er samansett av ei rekkje senter som står fram som sjølvstendige bydelar. Den nytilsette direktøren, Odd Rune Andersen, kallar det gettoar med ulike innvandrargrupper. Han er 65 år og vil bruke dei siste åra sine i arbeidslivet til å gå laus på ei reell utfordring. Å minske utanforskap og syte for at fleire lukkast i samfunnet. Kontrasten frå beste vestkant er enorm. Økonomien i bydelen er strammare, folket er mykje yngre, og det offentlege slit med tillit i folket.
– Utan tillit kan vi ikkje lukkast. Det er ei mengd religiøs og kulturell kodeks som ikkje er så lett å knekkje. Men folket må vere med. Foreldre må forstå at det er viktig å sende borna i barnehage, slik at dei blir gode i norsk, og slik at dei har høve til å lukkast på skolen. Eg trur vi må tenkje nytt og radikalt. Kanskje må vi tilby matteundervisning på arabisk. Kanskje må barnehagane også vere ein møteplass for foreldra. Vi ligg etter. Det er ikkje berre innvandrarbefolkninga som slit. Vi som skal tilby gode tenester, slit òg.
Andersen konstaterer at resultatet av å liggje etter er at det blir for mange barnevernssaker, i staden for at ressursane blir brukte til å førebyggje og leggje til rette for at folket skal lukkast.
– Vi treng fleire svarte
I tillegg til somalisk kulturdag arrangerer Somalisk studentforening det årlege inspirasjonsseminaret på OsloMet. I fjor vår fekk studentane møte ei rekkje norsksomaliarar som har lukkast i det norske samfunnet.
Yasmin Sheikh-Mohamed er sivilingeniør i Statnett. I presentasjonen viser ho bilete av gjengen ho jobbar saman med, kvite middelaldrande medarbeidarar – og Yasmin.
– Vi treng fleire svarte folk! Engasjer deg under studiane. Bli kjend med folk, bygg nettverk, skaff deg arbeidserfaring.
Yasmin sende 100 søknader til sjukeheimar i Oslo då ho studerte. Ho fekk eitt svar, og ho fekk jobben. Det første ho vart informert om av arbeidsgjevaren, var at ho måtte servere svin og alkohol når bebuarane bad om det.
– Kvifor det? Eg hadde ikkje sagt noko om at eg ikkje kan servere alkohol eller servere svin. Men de må ut og møte samfunnet og knekkje kodane, seier Yasmin Sheikh-Mohamed.
Til slutt går den mest kjende norsksomaliske komikaren på scenen. Mange har gledd seg til å sjå Jonis Josef Afrah Abdulle, betre kjent som Jørnis.
– Eg trudde det var ein panelsamtale, seier han og ler.
– Vi må leve i spenninga mellom forventningane til foreldra våre og våre eigne modige val, seier Jonis Josef Afrah Abdulle, betre kjend som Jørnis.
Jørnis fortel om ei imponerande reise i arbeidslivet, frå telefonseljar til vellykka aksjemeklar på Aker Brygge i Oslo – og deretter over i underhaldningsbransjen som komikar. Og han er morosam.
– Eg var litt i kjellaren på nyåret. Så eg tok ein tur til Kenya i februar. Då skjøna eg at eg måtte heim til Somalia. Plutseleg var eg i Mogadishu. Eg møtte folk, og eg fekk snakke språket. Ein kveld sat eg saman med nokre kompisar. Ein i gjengen var soldat i hæren og hadde akkurat kome tilbake frå fleire månader i kamp mot Al-Shabaab. Han lurte på kvifor eg var i byen. Eg måtte fortelje at eg var sliten, utbrend, mangla energi. Det vart jo heilt absurd, ler Jørnis.
– Ingen skjøna kva eg snakka om.
Jørnis har eitt viktig råd til studentane:
– Følg draumen og sats på det du er interessert i. Hadde eg høyrt på mor mi, ville livet mitt vorte heilt annleis. Vi må leve i spenninga mellom forventningane til foreldra våre og våre eigne modige val, seier Jørnis.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.
«Moren» utanfor Munchmuseet.
Foto: Heiko Junge / NTB
«Kva slags motiv hadde Emin for å støype ein salbar skulptur i bronse i tre utgåver under konkurransen?»
Hans Rotmo var ein flåkjefta rabulist og provokatør, skriv Audun Skjervøy.
Hans Rotmo (1948–2024)
«Det er eit før og eit etter Vømmøl Spellmannslag.»