Den kommunale luksusfella
Norske kommunar har dobla gjelda si dei siste seks åra. Rekninga for nye kulturhus og idrettshallar sender dei til framtida.
Det liknar på eit paradoks: Medan den norske staten er søkkrik og syltar ned milliardar i utlandet månadleg, blir norske kommunar stadig meir gjeldstyngde. På berre seks år har kommunegjelda blitt dobla. Gjelda har svulma trass i sterk vekst i norsk økonomi som har gjeve store skatteinntekter. Og kommunegjelda har auka langt meir enn inntektene: Den langsiktige gjelda til kommunane var på 360 milliardar kroner i 2014, syner tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) – ein auke på heile 6,8 prosent frå 2013. Driftsinntektene til kommunane auka med berre 2,8 prosent i same periode.
Dette er ikkje det ein kallar berekraftig. Den same enkle regelen gjeld for kommunar som for privatpersonar: Det er grenser for kor lenge gjelda kan halde fram med å auke meir enn inntektene. Og omslaget i norsk økonomi det siste året har allereie ført til sviktande skatteinntekter i kommunane, medan gjeldsveksten held fram: Berre i løpet av første halvår i år vaks kommunegjelda med 20 milliardar kroner. Den kommunale gjelda har òg vakse raskare enn gjelda til norske hushald og bedrifter det siste tiåret. Den dagen renta tek til å stige att for alvor, kan mange norske kommunar kome i ei lei knipe.
For mykje gjeld
Rett nok er det stor skilnad på både låneviljen og inntektsgrunnlaget i norske kommunar. For dei fleste kommunane er gjelda greitt handterleg, men det er òg mange som har lånt meir enn det som godt er. Ifølgje SSB hadde til dømes Hammerfest i fjor ei nettogjeld på 177.000 kroner per innbyggjar, Vardø hadde ei nettogjeld på 155.000 kroner per innbyggjar, medan nettogjelda til Stranda var 145.000 kroner per innbyggjar.
–?Det er ikkje tvil om at mange norske kommunar har teke opp for mykje gjeld, seier Bjørn Brox.
Knapt nokon har finlese så mange norske kommunebudsjett som han. Brox har i ei årrekkje vore fast kommunebudsjettmeldar for avisa Kommunal Rapport, og arbeider med kommuneøkonomi for konsulentselskapet Agenda Kaupang.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.