JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den innvortes forsvarskampen

Arbeidet med eit felles luftvernsystem over Europa
vert avgrensa av nasjonale industrielle omsyn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tyskland og Frankrike leiar saman luftvernkoalisjonen for å støtte Ukraina. Men Tysklands forsvarsminister Boris Pistorius (t.v) har ikkje fått med seg Frankrike på sitt initiativ for å investere i felles europeisk luftvern til eige territorium. Biletet syner Pistorius og Ukrainas president Volodymyr Zelensky i Tyskland, der ukrainske soldatar vert trente i å bruke det amerikanske langtrekkande luftvernsystemet Patriot.

Foto: Jens Buttner / Reuters

11151
20240621

Bakgrunn

European Sky Shield Initiative

Har som føremål å byggje eit felles integrert luftvern- og missilforsvarssystem blant europeiske land.

Er del av, og har som mål å styrkje, Natos integrerte luft- og missilforsvar, NATINAMDS.

Vart føreslege av Tysklands kanslar Olaf Scholz nokre månader etter at Russland gjekk til åtak på Ukraina.

Har i dag 21 deltakande statar, 19 Nato-land i tillegg til Sveits og Austerrike. I tillegg har Polen indikert at landet kan kome til å gå med.

Forsvar

eva@dagogtid.no

– Vi har eit stort behov for eit styrkt alliert samarbeid om luftvern. Krigen i Ukraina har understreka det, sa forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) då Noreg, saman med 14 andre europeiske land, i oktober 2022 signerte ein intensjonsavtale om å vere med på å utvikle eit felles luftvernsystem i Europa.

Samarbeidet, som har fått namnet European Sky Shield Initiative, er føreslege av Tyskland for å styrkje Natos integrerte luft- og missilforsvar over Europa. Tanken er at felles innkjøp av luftvern kan gjerast meir effektivt og billeg enn å kjøpe kvar for seg, noko som særleg kan vere til hjelp for mindre land. I tillegg gjer det det lettare å integrere, bruke og halde ved like luftvernsystema mellom landa i ettertid.

To år etter signeringa er det derimot skralt med konkrete resultat å syne til, utover at seks nye land har slutta seg til intensjonsavtalen. Tyskland har rett nok teke initiativ til eit rammeverk for felles innkjøp, men det er ikkje signert av alle landa bak intensjonsavtalen.

Frankrike har på si side gått imot det tyskinitierte samarbeidet. I staden har dei signert intensjonsavtale med Estland, Ungarn, Kypros og Belgia om eit eige innkjøp av luftvern, ifølgje den tyske tankesmia Stiftung Wissenschaft und Politik.

Og Polen, som også var imot det tyske initiativet i starten, har saman med Hellas nyleg bede EU-kommisjonen gå inn for eit missilskjold i EU-regi – eit tema som ifølgje nettavisa Politico kan verte diskutert på EU-toppmøtet seinare denne månaden.

Medlemsland i European Sky Shield Initiative. Mørk grønfarge markerer nasjonane som starta samarbeidet, dei lysegrøne kom til sidan. Polen er det siste landet som no har indikert at det kan gå med i initiativet.

Illustrasjon via Wikimedia Commons

Kritikk

Det kan vere fleire grunnar til at samarbeidet om eit felles europeisk luftvern ikkje har gjeve konkrete resultat. For det fyrste er det framleis relativt nytt.

Ifølgje ein rapport frå den amerikanske tankesmia Center for Strategic and International Studies lid European Sky Shield Initiative samstundes under mangel på klare mål og prioriteringar.

Tryggingspolitisk forskar Lydia Wachs ved tyske Stiftung Wissenschaft und Politik meiner på si side at initiativet er for snevert og også bør innebere koordinering av eksisterande luftvernkapasitetar og pågåande innkjøps- og utviklingsprosessar i Europa. «Ved å fokusere berre på innkjøp (...) lèt det viktige spørsmål vere uløyste og risikerer dermed å skape politiske spenningar i Nato i staden for å styrkje samarbeidet», skreiv ho i ein kommentar i fjor haust.

Det som står fram som den viktigaste årsaka til at samarbeidet om eit felles europeisk luftvern ikkje har fått meir fart, er likevel våpensystema Tyskland har valt å basere samarbeidet på.

Ikkje-europeiske system

Tyskland held seg i dag sjølv med det eigenutvikla mellomdistanseluftvernsystemet IRIS-T SLM, som kan skyte ned kryssarmissil, og det amerikanske langtrekkande luftvernsystemet Patriot, som kan brukast mot ballistiske missil. Dessutan har landet nyleg inngått avtale om å kjøpe det endå meir langtrekkande luftvernsystemet Arrow 3, utvikla av Israel Aerospace Industries og amerikanske Boeing.

Dei to fyrstnemnde systema er planlagt inkluderte i European Sky Shield-samarbeidet, ifølgje nettsidene til det tyske forsvarsdepartementet. Wachs i Stiftung Wissenschaft und Politik skriv at det same gjeld for det tyskproduserte korthaldssystemet LVS NNbS, medan Arrow 3 kan verte inkludert i samarbeidet på eit seinare tidspunkt.

Oppsummert altså berre system produserte av, eller brukte av, Tyskland.

Frankrike og Italia produserer på si side sjølv det langtrekkande luftvernsystemet SAMP-T. Saman med Estland, Ungarn, Kypros og Belgia vil Frankrike no dessutan kjøpe inn korthaldssystemet Mistral, som også er franskprodusert.

Frankrikes president Emmanuel Macron har òg kritisert European Sky Shield-initiativet for å gjere seg avhengig av teknologi frå USA og Israel i staden for å styrkje forsvarsindustrien i Europa.

Norsk suksess?

Kan hende kan valet av luftvernsystem vere grunnen til at den norske regjeringa ikkje har signert det rammeverket for felles innkjøp som Tyskland har teke initiativ til.

Då Noreg vart med på intensjonsavtalen i 2022, indikerte forsvarsminister Bjørn Arild Gram at det hadde å gjere med luftvernsystemet Nasams, som Noreg sjølv har utvikla og opererer. Nasams er eit mellomdistansesystem utvikla av Kongsberg Gruppen i samarbeid med eit amerikansk selskap, og det er i dag innkjøpt og vert brukt av tolv andre land, inkludert Ukraina.

Systemet er «en av norsk forsvarsindustris største eksportsuksesser noensinne», heiter det i Store norske leksikon. Men to år seinare har det altså ikkje nokon plass i initiativet.

Noreg var blant dei 15 landa som i 2022 signerte ein intensjonsavtale om å vere med på å utvikle eit felles luftvernsystem i Europa.

Foto: Nato

Tom Henry Knutsen er pensjonert generalmajor og har vore forsvarsattaché i USA og Canada og sjef ved Forsvarets høgskole. Han seier at norske styresmakter nok hadde forhåpningar til European Sky Shield Initiative som ikkje har vorte innfridde, og at initiativet no truleg er å rekne som eit sidespor frå norsk side.

Statssekretær Anne Marie Aanerud (Sp) i Forsvarsdepartementet uttrykkjer seg ikkje like kategorisk. I e-postsvar til Dag og Tid skriv ho at norske styresmakter «førebels ikkje» har signert rammeverket for felles innkjøp, og at det er naudsynt å gjere ei nærare vurdering av korleis European Sky Shield opnar for å kople saman fleire typar luftvernsystem. I tillegg: «Vår deltaking i det tyske initiativet kan bidra til å leggja til rette for at Nasams skal passa inn i det vidare arbeidet med eit styrkt europeisk luftvern.»

Mindre enn 5 prosent

Det alle uansett ser ut til å vere samde om, er at behovet for både meir og betre luftvern i Europa har auka.

Som Dag og Tid skreiv om for litt sidan, har dei fleste europeiske land bygd ned luftvernkapasiteten etter den kalde krigen. I dag er det berre Tyskland, Nederland, Italia, Spania, Hellas, Romania og Sverige som har såkalla operativt langtrekkande luftvern, som altså er i stand til å skyte ned ballistiske missil.

Den siste tida har fleire land i tillegg donert mykje luftvernutstyr til Ukraina.

Financial Times melde nyleg at Nato har gjort utrekningar som syner at Europa i dag har mindre enn 5 prosent av luftvernkapasiteten som trengst for å verne landa i Sentral- og Aust-Europa mot eit fullskala åtak. Det som kan bidra til å kompensere for manglane, er ifølgje same artikkel full integrasjon av dei ulike luftvernsystema i Europa.

No rustar fleire europeiske land opp, og både Finland, Tyskland og Polen er blant dei som alt har kjøpt nytt langtrekkande luftvern på eiga hand.

– Ulike system vil ikkje kunne oppnå det same som like system.

Tom Knutsen, pensjonert generalmajor

Framover skal Noreg skaffe seg langtrekkande luftvernsystem for å kunne verne det sentrale Austlandet og eitt anna geografisk område. Det seier langtidsplanen som nyleg vart vedteken av Stortinget. Der vart det også presisert at luftverninnkjøpa skal skje raskt.

Korleis norske styresmakter tenkjer seg å gjennomføre innkjøpet, står derimot att å sjå.

Dei kan til dømes gå inn for å skaffe det amerikanske Patriot, som fleire andre allierte alt har, anten på eiga hand eller gjennom European Sky Shield Initiative. Alternativt kan dei gå inn for å vidareutvikle dagens Nasams-system til også å kunne verne mot ballistiske missil – ei oppgåve Kongsberg Gruppen nyleg har antyda at dei kan klare i løpet av fem år.

– Meir treffsikkert

Kor stor betydning har det så for målet om å styrkje luft- og missilforsvaret av Europa dersom fleire land kjøper inn ulike luftvernsystem kvar for seg?

Vel, ganske stor, ifølgje Knutsen. Han seier at integrasjon er eitt av grunnprinsippa for operativ bruk av luftvern.

– Jo tettare luftvernsystema er integrerte, jo raskare går det som vi kallar the kill chain (militært omgrep, journ. merk.) – som omfattar alt som skjer frå noko vert oppdaga og til det vert skote ned – og jo meir treffsikkert er systemet. Er systema ulike, vert det fleire hol i den lina. Sjølv om ein prøver å integrere systema ved hjelp av såkalla «svarte boksar», vil ikkje ulike system kunne oppnå det same som like system, seier han.

Foto: Hanna Johre / NTB

I tillegg har det store fordelar for logistikk og utdanning av personell om landa har same system, legg han til.

Under den kalde krigen hadde Noreg same luftvernsystem som fleire andre europeiske land. Det langtrekkande amerikanske Nike-systemet, saman med Hawk-systemet med middels rekkevidde, dekte då, ifølgje Knutsen, eit meir eller mindre samanhengande belte tvers gjennom Europa, frå Noreg i nord til Tyrkia i sør. Landa hadde også tett utdanningssamarbeid for å bemanne systema.

Eit visst nivå av integrasjon mellom dei ulike luftvernsystema i europeiske land er det i dag òg, gjennom Natos integrerte luft- og missilforsvar, seier Knutsen.

– Noreg er ikkje fullt ut med i dette i dag, for vi har ikkje hatt luftvernsystem med kapasitet det har vore vits i å melde inn. Men når vi no kjøper langtrekkande system, endrar det seg, seier han.

Til den som stussar her og hugsar at Solberg-regjeringa i 2019 sa nei til å ta Noreg inn i det som vart omtalt som Natos rakettskjold: Vedtaket frå Solberg-regjeringa sa konkret at «Norge ikke vurderer å anskaffe øvre lags sensorer eller avskjæringsmissiler». Dei langtrekkande luftvernsystema som det kan vere aktuelt for Noreg å kjøpe, er derimot system for «nedre lag» av atmosfæren, såkalla terminalfasesystem, ifølgje Knutsen.

– Det er i dag berre USA, Kina og Russland som har kapasitet til å ha system for øvre lag, seier han.

Natos integrerte luft- og missilforsvar er Noreg altså del av, same kva langtrekkande luftvernsystem landet endar opp med å skaffe.

– Det hastar

Det finst også nokre fordelar ved at europeiske land har ulike luftvernsystem. Det seier Paal Sigurd Hilde, som er professor ved Forsvarets høgskole.

– Biletet er blanda. Ved felles innkjøp og like system ser vi føre oss at ein får meir for pengane. Samstundes kan det å få til internasjonalt samarbeid om system både ta tid og vere vanskeleg. Ulike system har i tillegg ulike fordelar og ulemper. For parten som angrip, kan det difor vere vanskelegare å møte mange ulike system, så her er det fordelar og ulemper ved dei fleste løysingane.

Kva bør så vere den avgjerande faktoren når norske styresmakter tek stilling til kva for langtrekkande våpen Noreg skal ha?

– Eg trur tidsaspektet, altså kor lang tid det tek å få luftvernsystemet, vert avgjerande for kva norske styresmakter vel. Trugselen er der alt i dag, og Russland treng ikkje utvikle nye våpen før dei eventuelt går til åtak, så det hastar, seier Knutsen.

– Mi gjetting er at industriinteresser vil trumfe tid, og at Kongsberg Gruppen kjem til å produsere også langtrekkande luftvern for Noreg, seier Hilde.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis