Den grøne bobla
Når alle vil verta grøne og klimavenlege, er det éi gruppe som tener hemningslaust: dei aller, aller rikaste. Kjell Inge Røkke kan ved hjelp av Manifest analyse le heile vegen til klimabanken.
Statsminister Erna Solberg (H) trykkjer på knappen som i fjor markerte starten på havvindprosjektet Hywind Tampen, der dyre og ulønsame flytande vindturbinar skal elektrifisera Snorre A og B og Gullfaks A, B og C. Prosjektet kostar nesten 5 milliardar kroner. I praksis tek staten så godt som heile rekninga gjennom skatte- og utbytesystemet for oljenæringa og gjennom direkte subsidiar.Statsminister Erna Solberg (H) trykkjer på knappen som i fjor markerte starten på havvindprosjektet Hywind Tampen, der dyre og ulønsame flytande vindturbinar skal elektrifisera Snorre A og B og Gullfaks A, B og C. Prosjektet kostar nesten 5 milliardar kroner. I praksis tek staten så godt som heile rekninga gjennom skatte- og utbytesystemet for oljenæringa og gjennom direkte subsidiar.
Foto: Jan Kåre Ness / NTBFoto: Jan Kåre Ness / NTB
Om du spør ein samfunnsøkonom om korleis ein bør få ned klimautsleppa, kjem han til å svara noko slikt:
– Det ein vil ha meir av, skattlegg ein lågt. Det ein vil ha mindre av, skattlegg ein høgt. Difor er mjølk billig og sprit dyrt. For å få ned utsleppa av klimagassar, bør vi leggja høge avgifter på CO2 og andre gassar som gjev eit tilskot til global oppvarming.
– Kva med reguleringar og subsidiar? Bør ikkje selskap som lagar noko som får ned klimautsleppa, få tilskot og billig kapital?
– Det går sjeldan bra. Vi veit ikkje på førehand kva som er lurt og ikkje lurt for selskap å halda på med. Dessutan er det alltid nokre luringar der ute som nyttar billig kapital og subsidiar til å kara til seg mest mogleg på kostnad av fellesskapen. Det er som regel dei som er rikast frå før, dei som har mest pengar til å driva med lobbyisme.
Ja, dette er ein hypotetisk samtale, men gå ut og spør din næraste samfunnsøkonom. Han kjem til å svara slik. Sparebank 1 har tilsett ein fyr som heiter Peter Hermanrud. Han er eit flogvit og ein av dei beste aksjeanalytikarane vi har her til lands. Han har laga noko vi kan kalla ein dygdsindeks for Skandinavia. Det er ein indeks der dei som kjøper, kjenner seg særmerkt gode. Pengane som går inn i den indeksen, luktar ikkje, dette er kapitalisme med eit venleg andlet. Hermanrud har så samanlikna denne indeksen, som han kallar Nordic Virtue Index med andre aksjebobler i soga. Grafen ligg ute på Twitter og er pynta litt på av Holberg-fonda. De ser grafen på denne sida. Han dekkjer åra frå 1960 til 2021.
Disney
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.