Den gong ei ny tid var i emningSovjets invasjon i Tsjekkoslovakia knuste draumar og var ei formativ hending for sekstiåttarar.

Sovjets invasjon i Tsjekkoslovakia knuste draumar og var ei formativ hending for sekstiåttarar.

Då Sovjetunionen invaderte Tsjekkoslovakia i 1968, vekte det sterke reaksjonar over heile verda, som her utanfor den sovjetiske ambassaden i Oslo.
Då Sovjetunionen invaderte Tsjekkoslovakia i 1968, vekte det sterke reaksjonar over heile verda, som her utanfor den sovjetiske ambassaden i Oslo.
Publisert

Vertinna er grundig lei maset om 1968. Ho ser det som eit endetidsteikn: Dei som er flytta opp i avgangsklassen, gjer eit siste forsøk på finna att sin tapte ungdom og rydda seg gravplass i ein nostalgisk flik av historia. Hadde ho tala tysk, ville ho ha kalla det Vergangenheitsbewältigung.

Byråsjefen har i ein mannsalder vore plaga av desse sekstiåttarane. Han har møtt dei som sjølvbedragarar frå ein oppskrytt generasjon. Dei lét som dei var opne og tolerante, men okkuperte posisjonar og blei sjølvgode og forstokka. Han trudde jubileumsrunden i mai, med hundretals artiklar og dusinvis av bøker, var eit endeleg farvel. Derfor er han skuffa over at Spaltisten melder seg inn i koret på etterskot.

DET ER IKKJE til å unngå, for om Spaltisten vil eller ikkje, er han demografisk ein typisk sekstiåttar: fredsbarn frå dei store fødselskulla etter krigen, bygdegut som blei fanga opp av utanningseksplosjonen og flytta inn på Blindern då SV-fakultetet var nytt, våren 1968.

Jan Bojer hadde laga ein eigen versjon av Dylans «The Times They Are a-Changin’» nokre år tidligare: «Ei ny tid er i emning». Det var tonefylgjet til ei stemning av misnøye med den allmenne sanninga at alt var såre vel, og at det trygge framsteget skulle halda fram. Den kompakte majoriteten kjendest kjøvande og nørte opposisjon mot dei rådande autoritetane med hegemonisk tyngde frå dei harde 30-åra, krigen, gjenreisinga, vaneframsteget og den frosne freden under den amerikanske atomparaplyen.

DEN HÅPEFULLE og godt fødde ungdomen var uhøfleg og respektlaus, høglydt og støyande. Det kom til uttrykk i musikksmak, livsstil og
kostyme: gutar med langt hår og skjegg, jenter utan behå, men med p-piller. Fargerike skjorter og kordfløyelsbukser på begge kjønn. Me var opptatt av både underlivet og dei store livsgåtene, for det var viktig å ha eit «rikt begrunnelsesliv». Me ville finna oss sjølve, og dette er som kjent eit sosialt prosjekt som kan fostra ny konformitet i tankar, ord og gjerning.

Utanskjers var det leiting etter råker i den kalde krigen, med atombomber og terrorbalanse, rasediskriminering og menneskerettar, kolonikrigar og Vietnam. Det var festivalar og hippiar i San Francisco i 67 og gatekampar i Paris i mai 68, men dei kom upassande nok midt i eksamenstida, og det var heller ikkje lett å finna forstokka nok professorar og studentbydirektørar å gjera opprør mot.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement