Den flygande hollendar
HJØRUNDFJORDEN: Kvar dag går ferja der. Utan folk og utan bilar. Staten betaler 21,3 millionar. Det går eit skrømtskip på fjorden.
May Linn Clement
Ein stor ferjedebatt går over landet. Nordland og Møre og Romsdal er dei store ferjefylka. Dei driv med elektrifisering. Stortinget ynskjer at klimautsleppa frå ferjer, som utgjer om lag éin promille av Noregs samla utslepp, skal bort. Men ein slik reduksjon er dyr, og fylka påstår at staten ikkje fullfinansierer omlegginga. Difor har dei sett opp prisane – kraftig. No går det føre seg ein maktkamp mellom fylka, staten og ferjebrukarane. Finst det ekstrapengar? Både det korte og lange svaret ser ut til å vera ja. Staten er meir enn viljug til å dela ut pengar til ferjene, og det til og med utan at ferjebrukarane har bede om det.
Skrømtskipet
Det er ikkje få som meiner at Hjørundfjorden er verdas vakraste fjord. Det påstår i det minste Hurtigruta, som pøser stadig nye reklamefilmar frå fjorden utover potensielle cruiseturistar. Men det har vorte ei slit å taka den vanlege ferja. Det er så mykje mas.
– Jon, sjå ut på fjorden. Ser du skrømtskipet?
– Ja, eg gjer då det.
Og jau, langt der ute ser eg ei ferje som heiter «Dalsfjord». Namnet er litt artig, for han som har betalt for drifta av den ferja med dine og mine pengar, er tidlegare samferdselsminister Jon Georg Dale. Han kjem frå Dalsfjorden, som ferja er kalla opp att etter. «Dalsfjord» har ein kostnad: 21,3 millionar norske kroner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.