Den evige norske studentenNorske studentar kjem ikkje berre seinare ut i arbeidslivet enn studentar i andre land. Dei skifter gjerne

Norske studentar kjem ikkje berre seinare ut i arbeidslivet enn studentar i andre land. Dei skifter gjerne utdanningsløp i studietida.

Publisert

Tala for Samordna opptak kom førre veke. Aldri før har så mange unge nordmenn valt høgare utdanning. 142.004 personar søkte seg til mange år ved lesesalen ved universitet og høgskular. Det er 6.417 fleire fyrstevalsøkjarar enn i 2017.

Det er rekordhøge tal, særleg på universiteta er dette synleg. Universitetet i Tromsø har størst vokster i fyrsteprioritetssøkjarar av alle universitet: Auken er 14,34 prosent. Så kjem NTNU, der er auken 7,2 prosent. Universitetet i Oslo melder òg om rekordhøge tal: 19.175 søkjarar valde universitetet i hovudstaden som fyrsteval. Ifylgje Statistisk sentralbyrå frå mars i år var 35,4 prosent av norske 19–24-åringar i høgare utdanning i 2017.

Vi kunne då førestille oss utdanningsløpet til desse unge, kunnskapshungrige studentane. Full av vitelyst og engasjement fyller dei seminarrom og auditorium, lyttar til førelesarar, les ihuga til eksamen og står med glans, før dei går i gang med neste studium, og endeleg fullfører utdanninga på normert tid.

Meir feil kan ein ikkje ta.

For det fyrste fullfører berre 38 prosent av bachelorstudentane i Noreg i tide, for mastergradstudentane er talet 40 prosent. Det kjem fram av den såkalla Tilstandsrapporten 2017, tala viser til studentar som byrja med desse løpa i 2013.

Men det som verre er, er at svært mange av dei som no har universitet og høgskule på fyrsteval i Samordna opptak, vil droppe ut alt etter det fyrste studieåret. Nesten halvparten av bachelorstudentane på humanistiske og samfunnsvitskaplege fag sluttar eller byter studium etter berre eitt år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement