JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den egyptiske portvakta

Den arabiske stormakta Egypt held grensa stengd medan tusenvis av sivile blir drepne i Gaza. Det har mange årsaker.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tilhengjarar av Abdel Fattah Al-Sissi med støttebanner for presidenten i ein parade i Kairo 27. september i år. Sidan Al-Sissi tok makta i eit militærkupp i 2013, har han styrt Egypt med hard hand.

Foto: Amr Nabil / AP / NTB

9620
20231117
9620
20231117

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Tragedien i Gaza veks dag for dag. Det israelske bombardementet og bakkekrigen mot Hamas går sin gang, med fryktelege følgjer for sivilbefolkninga. Meir enn 11.000 menneske skal vere drepne så langt, dei fleste sivile. Folk manglar vatn, mat, straum og drivstoff, og over ein million innbyggjarar er fordrivne frå heimane sine av krigen.

Når så mange menneske på eit lite landområde er utsette for massivt bombardement og ein kvelande blokade, ville det vere naturleg at storparten av folket søkte tryggleik i eit naboland. Slik er det ikkje. Folket i Gaza er fanga i ei krigssone der ingen stad er trygg.

Etter terroråtaket til Hamas 7. oktober er det lett å skjøne at Israel ikkje slepper inn nokon frå Gaza. Men heller ikkje til nabolandet i sør, Egypt, kjem det ein straum av flyktningar. Den egyptiske regjeringa nektar å opne grensa til Sinai så folk kan kome seg i tryggleik. Nesten alle dei få heldige som har sloppe ut via Rafah-overgangen til Egypt, er utanlandske statsborgarar, som dei 51 med norsk pass som fekk utreiseløyve denne veka.

Nok frå før

Kvifor er det slik? Vi kan først sjå på dei offisielle forklaringane frå den egyptiske regjeringa. «Egypt skjøner ikkje kvifor landet åleine skulle bere ansvaret for å ta imot flyktningar frå den beleira Gaza-stripa», sa utanriksminister Sameh Shoukry til CNBC 18. oktober. Han viste til at Egypt allereie har svært mange flyktningar frå andre land i Afrika og Midtausten innanfor grensene sine.

«Eg ser ingen grunn til at Egypt – som er vertsland for ni millionar flyktningar, gjev husrom til dei og integrerer dei i samfunnet til ein stor økonomisk kostnad – skulle ha eineansvar for å ta imot enda fleire flyktningar frå Gaza», sa Shoukry.

Fleire europeiske statar har prøvd å overtale Egypt til å opne grensa for dei som er råka av Gaza-krigen, men forsøka har blitt skarpt avviste, skreiv Financial Times 17. oktober. Avisa siterer ein anonym egyptisk diplomat som skal ha sagt til ein europeisk kollega: «De vil at vi skal ta imot ein million menneske? Vel, eg skal sende dei til Europa. De bryr dykk så sterkt om menneskerettar – de kan ta imot dei.»

Historia skremmer

Shoukry har rett i at Egypt alt hyser svært mange flyktningar, og dette er eit gjeldstyngt, økonomisk skakkøyrt land. I tillegg er det historiske årsaker bak den strenge lina Egypt har lagt seg på. Krigane i Palestina i 1948 og 1967 dreiv til saman kring ein million palestinarar på flukt frå heimane sine, og svært få fekk kome heim att da krigane var over. I dag tel dei palestinske flyktningane og etterkomarane deira kring seks millionar menneske, og mange av dei lever framleis i flyktningleirar i nabolanda.

Den egyptiske frykta for at historia skal gjenta seg, fekk ny næring av ein lekkasje frå regjeringsapparatet i Israel i slutten av oktober. Eit internt notat frå etterretningsdepartementet tilrådde å tvangsflytte heile befolkninga i Gaza – 2,3 millionar menneske – til Sinai i Egypt. Dette ville føre til eit «positivt langsiktig strategisk utfall for Israel», heitte det i notatet. Etter lekkasjen har statsminister Netanyahu forsikra om at dette berre var eit tenkt scenario og ikkje eit politisk mål for den israelske regjeringa. Men det er ikkje gjeve at egyptarane vart overtydde.

Uregjerleg

Regjeringa i Kairo har enda fleire grunnar til å halde grensa mot Gaza stengd. Sinai, det store, tynt folkesette området mellom Gaza og Suez-kanalen, har lenge vore ein nokså uregjerleg del av Egypt. Ørkenen og fjella i Sinai har ikkje berre vore tilhaldsstad for smuglarar og andre kriminelle, men òg for fleire jihadistgrupper – inkludert lokale filialar av Al-Qaida og Den islamske staten. Noko av det siste den egyptiske regjeringa ønskjer seg i denne situasjonen, er å få store mengder Gaza-flyktningar inn i Sinai som potensielle rekruttar for desse gruppene. I tillegg: Kjem det ein stor flyktningstraum over grensa til Egypt, er det ikkje til å unngå at det følgjer Hamas-folk med. Og Hamas og regjeringa i Kairo er ikkje nett vener.

Soldatar held vakt på egyptisk side av grensa til Gaza medan statsminister Mostafa Madbouly vitjar Rafah 31. oktober.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB

Trugsmålet

Éin ting er at Egypt de facto er ein alliert med Israel, erkefienden til Hamas. (Alliansen er så tett at israelske fly og dronar har bistått Egypt med over hundre bombeåtak på islamistar i Sinai, avslørte The New York Times i 2018.)
Ein annan er at Hamas-rørsla har opphavet sitt i Den muslimske brorskapen i Egypt, og for Al-Sisi-regimet i Kairo er denne rørsla det største trugsmålet av alle.

Abdel Fattah Al-Sisi avslutta det kortvarige demokratiske eksperimentet i Egypt da han gjorde statskupp i juli 2013. President Mohamed Morsi frå Den muslimske brorskapen, som i 2012 vann det einaste demokratiske presidentvalet i historia til Egypt, vart send i fengsel. Same sommar gjekk tryggingsstyrkar i Kairo til åtak på demonstrantar som støtta Morsi, og kring 1000 menneske skal ha blitt massakrerte. Sidan da har Al-Sisi-regimet styrt Egypt med hard hand, og mange tusen medlemer av Brorskapen har blitt fengsla.

Ut frå denne bakgrunnen gav det god meining for Al-Sisi-regimet å halde Hamas sperra inne på Gaza. Ein militant, tungt væpna og kamperfaren avleggjar av Brorskapen, med eit langt og stygt rulleblad for terrorisme mot Israel, kunne bli eit alvorleg trugsmål både i Sinai og elles i Egypt. I dei ti åra Al-Sisi har styrt, har egyptiske styresmakter stramma grepet langs grensa, og kring 2000 tunnelar mellom Egypt og Gaza skal ha blitt øydelagde. Men samarbeidet mellom Egypt og Israel om kontrollen med kyststripa går lenger attende.

Samarbeid

At desse to statane kan samarbeide om noko som helst, verkar underleg om vi ser på forhistoria. Israel og Egypt var i krig i 1948, 1956, 1967 og 1973, og langt ut på 70-talet såg mange israelarar på Egypt som det største trugsmålet mot eksistensen til landet deira. Men sidan Camp David-avtalen i 1978 og fredstraktaten i 1979 har det vore fred mellom dei to gamle fiendane. I 1982 fekk Egypt attende kontrollen med Sinai. Og da Israel i 2005 trekte seg ut av Gaza, inngjekk dei to landa ein avtale om grensekontrollen kring den palestinske kyststripa. Egypt og Israel skulle samarbeide om å hindre terrorisme, våpensmugling og andre ulovlege aktivitetar.

Ved Rafah-overgangen skulle Egypt kontrollere si side av grensa, og palestinske sjølvstyresmakter hadde ansvaret på Gaza-sida, under oppsyn av observatørar frå EU. Israelske styresmakter hadde rett til å nekte einskildpersonar å krysse grensa også ved Rafah, og dei følgde med på trafikken der via overvakingskamera.

Etter at Hamas vann det palestinske valet i 2006 og kasta ut Fatah frå Gaza med makt i 2007, gjekk Israel og Egypt saman om ein blokade av kyststripa. Både persontrafikk og varetransport vart sterkt avgrensa, og i ei rekkje kortare og lengre periodar har grenseovergangane vore heilt stengde. Dette raserte økonomien i Gaza, og storparten av befolkninga vart avhengige av bistand for å overleve.

Det meste av den internasjonale kritikken av blokaden vart retta mot Israel. Men om Egypt hadde valt å halde Rafah-overgangen open, så handelen kunne gå fritt, ville blokaden vore nokså lite effektiv. Ei open grense mot Egypt kunne ha gjort livet mykje lettare for folket i Gaza. Men det ville òg ha late Hamas byggje seg opp militært og økonomisk mykje raskare, og noko slikt såg ikkje regjeringa i Kairo seg tent med.

Morsis fall

Berre under det kortlevde styret til Mohamed Morsi frå 2012 til 2013 byrja Egypt for alvor å lette på blokaden av Gaza. Morsi snakka om å utvide handelen, og som president inviterte han Hamas-toppane Khaled Meshaal og Ismail Haniya til Kairo. Men han var samstundes i klemme: Om han vart for hjelpsam mot Hamas og braut avtalen med Israel om grensekontrollen mot Gaza, ville det skade det viktige forholdet til USA.

Oppmjukinga overfor Hamas hadde politiske kostnader for Morsi også på heimebane. På denne tida auka valden frå islamistgrupper i Sinai. Åtaka retta seg både mot israelske og egyptiske mål, og i eit åtak i august 2012 vart 16 egyptiske soldatar drepne. I media i Egypt vart det hevda at Hamas var innblanda. Dette vart ikkje prova, men den venlege relasjonen til ei så ekstrem gruppe som Hamas svekte uansett posisjonen til Morsi blant moderate egyptarar. Og etter at president Morsi vart styrta i 2013, vart grensekontrollen mot Gaza strengare enn nokon gong.

Nøkkelposisjon

For Hamas og for folk på Gaza var fallet til Morsi eit stort vonbrot. Men sett frå regjeringa i Kairo har situasjonen vore ganske stabil og grei i ti år. På dei statlege egyptiske TV-kanalane fekk folk med jamne mellomrom rase mot Israels undertrykking av palestinarane, medan regjeringa samarbeidde godt med Israel om blokaden av Gaza. Men det groteske Hamas-åtaket på Israel 7. oktober og krigen som følgde, har skipla alt. For Al-Sisi stiller dette nye krav til balansekunst: Han har neppe noko imot at Hamas blir knust, men vil slett ikkje sleppe inn ein million flyktningar frå Gaza. Samstundes veks sinnet i Egypt mot dei palestinske lidingane, og det langvarige samarbeidet med Israel tek seg stadig dårlegare ut. Al-Sisi var heller ikkje ein spesielt populær leiar frå før.

Men krigen har samtidig gjeve Egypt ein nøkkelposisjon som kan brukast til å krevje motytingar frå støttespelarar som USA og Saudi-Arabia, og Kairo kan selje seg dyrt. Så langt har regimet nøgd seg med å sleppe inn naudhjelp til Gaza via Rafah. Om den egyptiske regjeringa skal opne grensene for palestinske krigsflyktningar, må det truleg svært mykje økonomisk overtaling til.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis