Den amerikanske aggresjonenUSAs maktvilje og ein lunefull president trugar no all stabilitet på kloden.

USAs maktvilje og ein lunefull president trugar no all stabilitet på kloden.

President Donald Trump på ei militærøving ved Fort Drum i New York 13. august.
President Donald Trump på ei militærøving ved Fort Drum i New York 13. august.
Publisert

Me har vore vane med å leva i ei verd der det var mogleg å sjå årsakssamanhengar. Hendingane kom som oftast som resultat av ei utvikling me hadde kunna fylgja ei tid. Brexit var til dømes inga stor overrasking for oss som hugsar de Gaulle: Han skjøna alt på 60-talet at britane ville vera eit framandelement i ein europeisk union.

Men no går Tyrkia heilt utan førevarsel mot konkurs på nokre dagar, berre fordi landet nektar å utlevera ein «pastor» som president Trump vil ha heim til USA, og sparepengane til folket er halverte i verdi frå ei veke til den neste. Den same Trump har sett ein tjukk strek over avtalen med Iran utan å spørja andre enn seg sjølv til råds. Det er dei korte og uføre-
seielege amerikanske avgjerdsprosessane som no trugar all stabilitet på planeten.

Det gamle Persia

Eg har aldri vore i Iran, men eg flaug over landet ein klårvêrsdag på veg heim frå India, og såg det var vakkert, med høge fjell og djupe dalar. Det er det gamle Persia som no heiter Iran, og eg har levd lenge nok i antikken til å kjenna dei gamle persarane som grekarane sine strålande fiendar i storslegne krigar der fiendane og tok seg tid og høve til å sjå stordomen hjå kvarandre – om me skal tru dei gamle historikarane.

I Frankrike vart eg kjend med ein pater som var spesialist på gamalpersisk poesi og meinte det var noko av det største som var skapt på menneskemål. Eg budde i Frankrike på 70-talet då me i så mange «dagsrevyar» såg ayatolla Khomeini sitja på eit bøneteppe i Paris og senda fordømingar mot sjahen i Teheran. I dag har me gløymt at det persiske monarkiet var eit framandvelde, og at den islamske revolusjonen i 1979 i utgangspunktet hadde brei folkeleg støtte, heilt til presteskapet viste sitt sanne andlet.

Fiendebilete

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement