Demokratikrisa er overdrivenUSAs undergang har vore spådd lenge, men det er eit system bygt for å vare.
USAs undergang har vore spådd lenge, men det er eit system bygt for å vare.
Den kinesiske presidenten Xi Jinping inspiserer troppane ved feiringa av 20-årsdagen for overtakinga av den tidlegare britiske kolonien Hongkong i juni 2017. Den kinesiske framgangen dei siste tiåra har ført til overdriven respekt og frykt for det autoritære styresettet i Kina, meiner Niall Ferguson.
Foto: Kin Cheung / AP / NTB scanpix
Yrket som dommedagskremmar har blømt sidan USA vart til. Grunnlovsfedrane sjølve kunne nok europeisk historie til å vite at den republikanske styreforma hadde høge odds mot seg. Republikkar hadde ein tendens til å gli over i tyranni, vanlegvis fordi folket støtta ein demagog.
«Det er berre å sjå på historia til ulike land», skreiv Alexander Hamilton i 1795, «for å oppdage at alle land, til alle tider, lid under at det finst menn med overdrivne ambisjonar som ikkje skyr noko for å auke eigen framgang og prestisje.» I republikkar kom faren frå «smiskande eller uregjerlege demagogar som tilber avguden makt, kvar helst han må vere, og utnyttar veikskapen, lastene, det skrøpelege og fordommane» til folket.
Dei fleste av venene mine i akademia trur dette kan lesast som ein profeti om Donald Trump. I The People vs Democracy hevdar Harvards Yascha Mounk at populismen til Trump er del av ein verdsfemnande baksmell for liberale verdiar. «Liberalismen», skriv Mounk, er «no under eit samla åtak frå Trump-regjeringa, som har erklært krig mot uavhengige institusjonar som FBI og nytta presidentens talarstol til å mobbe etniske og religiøse minoritetar».
På liknande vis har Stanford-kollegaen min, Larry Diamond, skrive om ein global «demokratisk tilbakegang». I ei spalte i New York Times åtvara han om at Trumps appell var særleg sterk overfor veljarar som ønskjer seg ein «sterk leiar som ikkje lèt seg hefte av val og kongress».
Yale-historikaren Timothy Snyder har gjeve ut ei ny bok med tittelen The Road to Unfreedom som hevdar at valet av Trump (til liks med utfallet av brexit-røystinga) var ein del av ein svær russisk konspirasjon for å øydeleggje demokratiet.
Paradoksalt nok er ein overraskande stor del av vestlege intellektuelle tiltrekte av Kinas utilslørt autoritære styringssystem. Daniel A. Bell ved universitetet i Tsinghua skriv i boka The China Model at det kinesiske kommunistpartiet er eit meritokrati som styrer meir kompetent enn eit demokrati. Min gamle ven Martin Jacques, forfattaren av When China Rules the World (2009), teiknar eit bilete av måten Kina handterer økonomien på som langt overlegen den vestlege.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.