Utanriks

Delfinane i Svartehavet

På nettet vert det meldt at Russland har teke «kampdelfinar» i teneste i Sevastopol-bukta, der det ligg fleire krigsskip som høyrer svartehavsflåten til.

Desse delfinane vart evakuerte frå Kharkiv etter den russiske invasjonen og er no i delfinakvariet i Odesa sørvest i Ukraina. I Sevastopol på russiskokkuperte Krim skal spesialtrena deflinar vere i teneste for den russiske marinen.
Desse delfinane vart evakuerte frå Kharkiv etter den russiske invasjonen og er no i delfinakvariet i Odesa sørvest i Ukraina. I Sevastopol på russiskokkuperte Krim skal spesialtrena deflinar vere i teneste for den russiske marinen.
Publisert Sist oppdatert

Ukrainske missil kan ikkje nå dei, så dei er trygge. Og delfinar er trena til å angripe sportsdykkarar og fiendtlege ubåtar. Eg veit ikkje om delfinar er i stand til å skilje ikkje-fiendtlege ubåtar frå dei fiendtlege. Eg veit berre at den ukrainske marinen ikkje har ein einaste ubåt. Det er forresten vanskeleg å snakke om «marine» i det heile teke. Det er for det meste ein slags små motortorpedobåtar.

Men ettersom flaggskipet i den russiske svartehavsflåten vart øydelagt av ukrainarar frå land, vil eg tru at Ukraina ikkje treng ein større marine. Og heilt sikkert er det at Ukraina ikkje treng «militært trena delfinar». Uttrykket «russiske militærdelfinar» verkar kome frå ein ironisk science fiction-roman eller -film, heller enn frå røynda. Men dette er verkeleg.

I det siste har ukrainske delfinar blitt evakuerte frå Kharkiv til Odesa, som truleg må verke meir heimleg for dei. Det gjeld delfinar som var spesialtrena til bruk for born med lærevanskar – med Aspergers syndrom eller autisme, til dømes. Evakueringa av desse delfinane, kompleks og farefull som ho var, var ikkje særleg annleis enn andre militære operasjonar.

Spesiallastebilar med «innandørs» svømmebasseng drog frå Odesa via Kyiv. Dei måtte køyre ein omveg av tryggingsomsyn, ettersom frontlina kryp sørover og nye område kjem under hyppigare bombeåtak. Tusen kilometer éin veg, og tusen kilometer attende. Dei mobile akvaria gjorde det mogleg å ikkje berre frakte ut delfinar, men òg sjøløver og selar, frå Kharkiv.

Sjødyra på veg til Odesa vart følgde av delfintrenarar og veterinærar. Det kan hende at delfinane vert sleppte laus i Odesa, og at dei kjem til å svømme tvers over Svartehavet – og ende opp i Sevastopol-bukta. Korleis vil dei «russiske kampdelfinane» møte dei, undrar eg meg. Som ukrainske sabotørar?

Det er framleis to kvite kvalar i akvariet Nemo i Kharkiv. Det er ikkje klart om det vil vere råd å frakte dei til Odesa. Alle skjønar at kvalar ikkje er prioriterte i krigstid, men dei er likevel levande vesen og burde bli tekne hand om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement