Dei verkelege tyrannane i USA slår tilUSAs intolerante venstre set ytringsfridomen i større fare enn presidenten.

USAs intolerante venstre set ytringsfridomen i større fare enn presidenten.

Då den konservative kommentatoren Milo Yiannopoulos skulle halde eit foredrag ved University of California i Berkeley i vinter, vart det avlyst etter valdelege protestar dagen før.
Då den konservative kommentatoren Milo Yiannopoulos skulle halde eit foredrag ved University of California i Berkeley i vinter, vart det avlyst etter valdelege protestar dagen før.
Publisert

For kvar veke som går, ser dei dummare ut, dei som spådde tyranni under Donald Trump. Hindra av domstolane, frustrert over Kongressen, under åtak frå pressa, under aukande press frå ein spesialetterforskar, redusert til å spele om att rolla frå The Apprentice, har presidenten gått frå tyranni til trumperi til tomfooleri med farten til ein feit mann som trakkar på eit bananskal.

Vil det seie at vi alle kan slutte å uroe oss over tyranni i USA? Nei. For det verste med presidentskapen til Trump er at når han slår feil, opnar det for ein tilsvarande og motsett, men mykje meir omsynslaus populisme frå venstresida. Kall meg ein ureformert kaldkrigar, men eg finn eit slikt tyranni mykje meir urovekkjande – og sannsynleg.

Med få unntak er det slik at amerikanske konservative – til og med slike som siglar under republikansk fordelsflagg, som Trump – respekterer grunnlova. Les henne, og du vil sjå at det ikkje er noko i dette dokumentet som set forbod mot å byggje murar langs grensa eller leggje avgifter på import frå Kina.

Den moderne amerikanske venstresida, derimot, hungrar etter å bli kvitt eit av dei viktigaste verna i grunnlova: vernet av ytringsfridomen. Det første grunnlovstillegget forbyd Kongressen å «hindre fri utøving av den (religion); eller avgrense ytringsfridomen, eller fridomen til pressa; eller folkets rett til fredeleg samling».

Om du vil sjå korleis desse grunnleggjande fridomane no er under åtak i USA, må du forlate Washington og bli med meg til nokre institusjonar der du ville ha venta at ytringsfridomen vart halden høgt i ære.

Så å seie kvar månad i år har eg sett minst eitt åtak på ytringsfridomen på ein universitetscampus. I februar avlyste University of California i Berkeley eit føredrag av Milo Yiannopoulos, den britiske alt-right-journalisten og provokatøren, etter sterke protestar. Du kan seie at Yiannopoulos er ein useriøs publisitetssøkjar som ønskte ståket velkomen. Men det same kan ikkje seiast om min gamle ven Charles Murray, ein konservativ samfunnsvitar og ein pilar i American Enterprise Institute. Det er han som har skrive boka Coming Apart, som så briljant analyserer det sosiale opphavet til trumpismen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement