Dei vellukka terroristane
Terroristane på Sri Lanka kom frå greie økonomiske vilkår. Kvifor driv ikkje verkeleg fattige med terror?
Borna syrgjer ved grava til mora, som vart drepen i terroråtaket på Sri Lanka.
Foto: Athit Perawongmetha / Reuters / NTB scanpix
Åtaket på kristne i Sri Lanka har i det dette vert skrive, ført til 359 døde og langt fleire skadde. Det var åtte menn og éi kvinne mellom dei no døde sjølvmordsbombarane. Det alle hadde til felles, var levestandarden. Den var god. «Bombarane var godt utdanna og kom frå familiar med god økonomi. Nokre av dei var utdanna i utlandet», fortalde viseforsvarsminister Ruwan Wijewardene pressa onsdag denne veka. Åtaket var i tillegg eit klassisk terroråtak. Sjølvmordsbomber har på ingen måte vore uvanleg på Sri Lanka, men då har det vore som ein del av ein større militær operasjon, i hovudsak av dei no utrydda Tamiltigrane. Påskeåtaket hadde ikkje noko militært mål, berre å spreia frykt på vegner av militant islam. Thomas Hegghammer er terrorforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt og ein av verdas mest siterte på sitt felt.
– Kvifor vert ikkje verkeleg fattige terroristar?
– Av di dei er opptekne av å få mat på bordet. Dette er ei generalisering, og det finst døme på at verkeleg fattige har vore med på terror, men i stort vert ikkje fattige terroristar. Skal ein tenkja politisk, må ein ha eit minimum av tid og frigjorde intellektuelle ressursar som berre ein viss levestandard kan gje. Denne terskelen er ikkje relativ, men absolutt. Når maten er på bordet og ein veit at han vil halda fram med å koma, då kan ein verta politisk aktiv.
– Men når ein fyrst har nådd eit visst økonomisk nivå og fått status, ser det ut som om det er dei litt lenger nede i den statusgruppa som gjennomfører terroren?
– Ja, då slår meirkostnadsmekanismen inn mellom dei som har kome over terskelen – der ein har tid til å tenkja politisk. Di høgre du stig innanfor mellomlaga og dei rike, di høgre vert meirkostnaden ved å driva terror. Vert du terrorist, risikerer du både død, fengsel og tap av framtidig stor inntekt. Er du i snitt rik innanfor det landet du høyrer til, vil du ikkje mista det du har.
– Så verkeleg rike vert stort sett ikkje terroristar?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.