Dei usynlege norske statsborgaraneI dag bur 20 norske statsborgarar på norske asylmottak – usynlege i all offisiell statistikk.

I dag bur 20 norske statsborgarar på norske asylmottak – usynlege i all offisiell statistikk.

Ein norsk statsborgar busett på eit asylmottak.
Ein norsk statsborgar busett på eit asylmottak.
Publisert

Dei seinare åra har eg som friviljug involvert meg i livssituasjonen til ulike asylsøkjarar. I utgangspunktet kan ein seie at det gjer meg uskikka til å arbeide som objektiv journalist på dette feltet. Men engasjementet har gjort meg merksam på problemstillingar som er verde kritiske blikk, mediemerksemd og helst debatt og endring.

Ansvar

«Det ligger et tungt ansvar hos de landene som ikke tar imot egne borgere», sa UDI-direktør Frode Forfang i eit intervju med VG for fleire år sidan. Ytringa kom i samband med asylsøkjarar som blir sitjande på mottak over mange år, fordi dei ikkje reiser attende til heimlandet etter å ha fått avslag på asylsøknaden.

Me har sett at Noreg gjer mykje for å hjelpe somme nordmenn som har hamna i problem i andre land. Soldaten Joshua French som i fleire år sat i fengsel i Kongo, kan vere eit godt døme på iherdig innsats frå norske styresmakter. Men kva då med dei norske statsborgarane som bur på norske asylmottak? Statsborgarar som alltid har vore norske – frå fødselen av?

Mellombels løyve

Eg veit dei finst. Eg kjenner to unge som veks opp på eit asylmottak, midt i eit tun omringa av brakker fylte opp med menneske på flukt. Borna har vore vitne til at politiet hentar folk med tvang. Begge borna er fødde i Noreg og har budd alle åra i liva sine i dette landet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement