Dei urbaniserte langrennaraneNorske bygder er ikkje lenger det dei var. Skisporten er avruralisert og har flytta til byen.

Norske bygder er ikkje lenger det dei var. Skisporten er avruralisert og har flytta til byen.

Martin Johnsrud Sundby svarte på spørsmål på pressekonferansen før 15 km langrenn i Pyeongchang. Simen Hegstad Krüger (t.v.), Finn Hågen Krog og Hans Christer Holund (t.h.) skulle også gå distansen.
Martin Johnsrud Sundby svarte på spørsmål på pressekonferansen før 15 km langrenn i Pyeongchang. Simen Hegstad Krüger (t.v.), Finn Hågen Krog og Hans Christer Holund (t.h.) skulle også gå distansen.
Publisert

Langrennshegemoniet har flytta til byen, med tyngda i godt møblerte heimar i Oslo nord for Ring 3. Oslo vest er best og først i løypa. Den kvalitative krona på verket var tredobbelt i krinsmeisterskapen på 30 kilometeren i OL. Simen Hegstad Krüger er frå Nordberg i Lyns kjerneland, og Martin Johnsrud Sundby frå Røa. Hans Christer Holund er frå det meir suburbane, men då det ikkje var mange nok seniorar til eit stafettlag i Nittedal, gjorde han som sambygdingen Odd Martinsen. Han gjekk for BUL (Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo). Holund fekk eit løft då han gjekk til Lyn.

Kvantitativt har ingen stader i landet så godt preparert løypenett og så tett mellom skiløparane som langs markagrensa i Oslo, og ingen stader går så mange barn så mykje på ski som der. Om villsnøen sviktar, har dei kunstsnø på Kringsjå. Og for dei utan familiehytte med smørjebu på fjellet går det pappabilar og busskolonnar til Sjusjøen straks løypene er køyrde opp der.

NIKKERSADELEN har alltid hatt ei fremjande hand i ski-
idretten. Dei produserte nasjonal ideologi og identitet, dei var sentrum i organiseringa og sola seg i glansen, men det var unge menn frå enkle kår i periferien som konkurrerte. Dei mest myteomspunne gjekk fram og tilbake på ski frå dei djupe skogane i Telemark og Østerdalen til Huseby og Holmenkollen. Og bakom spøkte trønderane.

Langrenn var ein manndomsprøve. Jentutten blei ikkje tatt på alvor før med Ingrid Wigernes på 1970-talet.

ODDMUND JENSEN (1928–2011) overtok i 1964 etter Kristen Kvello frå Mebonden i Selbu som rikstrenar for herrelangrenn. Han kombinerte filosofi frå den australske løps-
trenaren Arthur Lydiard med eigne røynsler: Han kom frå Sørfold i Salten, der han hadde bygd grunnkondisjon gjennom å springa med telefonmeldingar til straumlause og snøfattige grender. Men då han satsa på å bli ein habil langrennar, flytta han til Alvdal som tømmerhoggar, for hardt skogsarbeid og langrenn var to sider av same sak. Dei blei sterke som bjørnar.

Jensen var gudfar i 14 år og fostra ein innseig generasjon av langrennarar etter LSD-doktrinen – long, slow distance, altså roleg langkøyring. Til dømes Harald Grønningen og Ole Ellefsæter og andre av heltane til Thor Gotaas. Filosofien er stadig gyldig: Krüger og Holund frå Lyn blir kalla kapasitetsløparar og O2-snapparar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement