JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Dei unge skottane vil ut

Valet i Skottland endra ikkje den parlamentariske situasjonen, men sidan dei unge er så sterkt for lausriving, går det mot oppløysing av den britiske unionen, trur Kathrine Jebsen Moore.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nicola Sturgeon kjem til Bute House, den offisielle residensen til Skottlands fyrsteminister, etter å ha vunne endå eit val.

Foto: Russell Cheyne / Reuters / NTB

5237
20210514

Samtalen

Kathrine Jebsen Moore

skribent, busett i Skottland

Aktuelt

Skottland har halde val og vil ha ny folkerøysting

jon@dagogtid.no

Det har vore val i Skottland. Det skotske nasjonalistpartiet (SNP) fekk ikkje reint fleirtal, men nesten. Dei som vil lausriva seg, har no like mange sete som dei fekk i 2011, før den førre folkerøystinga om lausriving, nemleg 74. Toryane fekk like mange sete som ved valet i 2016, 31. Likevel meiner mange at det snart kjem ei ny folkerøysting om lausriving, ei folkerøysting som statsminister Boris Johnson i London seier han ikkje vil gjeva skottane.

Kathrine Jebsen Moore har arbeidd for økonominettstaden Bloomberg, men er no frilansar. Ho bur i Edinburgh.

– Var valet ein siger for SNP og fyrsteminister Nicola Sturgeon?

– Nei, det vil eg nok ikkje seia. Ja, vi som bur her, visste at det kom til å gå godt for SNP; dei står veldig sterkt. Men dei vona på reint fleirtal. Dimed fekk dei ikkje eit klart og tydeleg signal om å gå vidare og presse på for sjølvstende. Når det er sagt, ber korkje partiet eller Sturgeon preg av dei ikkje fekk reint fleirtal. Dei er like tydelege som før på at dei vil ha folkerøysting.

– Men når den parlamentariske situasjonen er som før, kvifor skal dei då få ei ny folkerøysting?

– Dei har støtte frå dei grøne, som fylgjer SNP i tjukt og tynt, så det er fleirtal i det skotske parlamentet for lausriving, men det har det vore før òg, så på det viset er det ikkje noko nytt. Ved den førre folkerøystinga var då også SNP heilt klar på at slike folkerøystingar berre skulle kunne skje «ein gong per generasjon». Dessutan har meiningsmålingane byrja å endra seg. Det klare fleirtalet for å gå ut ser ut til å vera borte. Eg såg nett ein større reportasje på BBC der folk vart intervjua i områda der SNP står sterkt. Veljarane der gav uttrykk for at lausriving ikkje var det viktige no. Innsatsen burde heller rettast mot å få økonomien på fote att etter covid-19. Men SNP vil ha ei folkerøysting, og slik saka ser ut no, kan dei heile enda i den høgste domstolen her borte. Prosessen fram mot ei eventuell avgjerd vert nok ikkje pen.

– Men kor avhengig er Skottland av resten av unionen og England, kor mykje får dei i overføringar?

– Dei får 15 milliardar pund netto frå Westminster (det britiske parlamentet, red. merk.) – eller «Westmonster», som mange i Skottland kallar det – i eit normalår. Pengane vert fordelte etter den såkalla Barnett-formelen, som byråkraten Joel Barnett i finansdepartementet i London laga i 1978. Barnett har rett nok i ettertid kalla sin eigen formel eit «forferdeleg mistak», men formelen syter for at Nord-Irland, Skottland og Wales får meir i offentlege overføringar og støtte enn England får. Under covid-19-pandemien har Skottland i tillegg fått 8,6 milliardar pund.

– Kva vert det per hovud?

– Gjennomsnittet for heile Storbritannia er på 9800, for skottane er det same talet 11.566 pund i eit normalår. Så ja, skottane får langt meir enn det engelskmenn får frå London.

– Er skotske veljarar klare over kor avhengige dei er av England økonomisk?

– Ja, mitt inntrykk er at mange er klar over det. Men debatten går ikkje på det økonomiske. Her borte er det faktisk eit verkeleg hat mot London, og særleg Det konservative partiet og Boris Johnson. Motstanden er ikkje tufta på økonomi, men på ein draum om kva som kan skje etter ei lausriving. Likevel er sjølvsagt økonomi avgjerande. Det har til dømes ikkje vore skikkeleg utgreidd kva slags valuta Skottland skal ha. SNP er svært pro-EU, men underskotet på det skotske statsbudsjettet er altfor stort etter EUs regelverk til at Skottland kan verta medlem. I tillegg er det dette med eksportmarknaden: 60 prosent av eksporten går til resten av Storbritannia, 19 prosent går til EU.

– Men Skottland har oljen. Er SNP oljevenleg?

– Dei var det. Før var det snakka mykje om olje, og at Skottland som Noreg kunne byggja opp eit oljefond. Men den retorikken er borte. Det kan ha samanheng med at det er lite olje att, men det handlar nok også om at SNP har vorte meir progressive på klimafeltet. Dei har vorte eit svært moderne parti ideologisk.

– Det heiter at makt korrumperer. SNP har sete med makta veldig lenge. Kvar vert opposisjonen av?

– No lyt ein hugsa at det er mange som ikkje røystar på dei, men jau, det er ein stor grad av resignasjon mellom andre parti her borte. Det finst ikkje ein klar utfordrar. Dei konservative er nest størst, men dei er langt frå SNP. Labour er særs upopulær og har falle som ein stein. Dessutan har SNP teke dei sosialdemokratiske merkesakene. Mange røystar rett nok taktisk. SNP har til dømes gjeve røysterett til utlendingar også utanfor EU og Commonwealth. Eg røysta på Labour-kandidaten av di Labour hadde størst sjanse til å slå SNP her eg bur. Men samstundes har SNP gjeve røysterett til 16-åringar, og ungdomen er sterkt for ei lausriving. Om dei unge ikkje endrar meining når dei vert eldre, går det mot lausriving før eller seinare.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– 60 prosent av eksporten går til resten av Storbritannia, 19 prosent går til EU.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar
Odd W. Surén

Orda mellom oss

Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.

Teikning: May LInn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis