Dei to regimenta i departementetDet er ikkje statsforvaltninga si oppgåve å selja partipolitikk og få statsråden til å skina.
Det er ikkje statsforvaltninga si oppgåve å selja partipolitikk og få statsråden til å skina.
Pensjonert departementsråd Anne Kari Lande Halse då ho overleverte utgreiinga frå Bevæpningsutvalget til justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) i mars i fjor.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Byråsjefen har fått to nye heltar: Anne Kari Lande Hasle og Michael Tetzschner – den første pensjonert departementsråd, den andre flytta frå Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité til utanriks- og forsvarskomiteen, i tospann med den prinsipielle antagonisten sin, Martin Kolberg.
Det er ein motstrevande heltestatus, for den gode hjelpeskrivaren min ser ikkje dei to som ufeilbarlege tolkarar av lov og sedvane for tilhøvet mellom politikk og forvaltning. Men i konstitusjonelle grenseland er det få andre som freistar å vera ryddige.
ANNE KARI LANDE HASLE er fagutdanna sosionom og blei tatt under vengene av Karl Evang i Helsedirektoratet for å jobba med narkotikasaker. Ho synte seg å vera så dyktig til å manøvrera i irrgangane mellom politikk og byråkrati at ho steig til topps i forvaltninga. Namnet på departementet har skifta, og statsrådane endå oftare, og av og til var det to av dei i same departement, men Lande Hasle var departementsråd i 20 år, fram til 2013.
Tidsskrift for Den norske legeforening kalla henne i eit intervju «helsebyråkratiets fargerike eminense». Som departementsråd manøvrerte ho med kløkt og konduite og heldt ein låg profil utetter. Men kvar gong det var skifte av statsråd, kom ho ut av skuggen for å regissera, men ikkje lenger fram enn til departementsdøra. Ho kommenterte rolla si slik: «Byråkratene overlever regjeringsskiftene, men vi må ikke misbruke de fullmaktene vi får. Som departementsråd skal jeg ikke overkjøre statsrådene, men hjelpe dem å navigere dit de vil. Jobben er å balansere mellom politiske og administrative overveielser, selv om det kan være turbulent.»
DET HAR ALDRI VORE ein løyndom at Lande Hasles politiske hjarte ligg til venstre, men ingen har tatt henne i å favorisera Arbeidarpartiet. Då Spaltisten spurde henne ein gong ei Ap-regjering gjekk av, om ho ikkje var litt lei seg, svarte ho at det tvert imot var strålande, for då kunne departementet få sosialisert politikarar som hadde vore i opposisjon og ikkje såg sakene frå departemental synsstad. Og ho minte om at ein normal reformprosess gjerne kan ta eit tiår, frå utgreiing til lov. Derfor må forvaltninga kjenna eigedomsrett til saka for å halda oppe framdrift og styringsfart, for det er sjeldan at same regjering, statsråd eller parti er med på heile løpet.
Som avlusa toppbyråkrat er Lande Hasle mykje brukt som offentleg utgreiar, men ho tar også på seg å refsa statsrådar som ikkje fyller rolla 24 timar i døgeret, men driv privat praksis som person og partipolitikar innimellom.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.