Dei som tek ideane alvorleg

Det er ikkje lett å gje eit heilskapleg bilete av dei ideologiske landskapa Philip Manshaus har rørt seg i, meiner forfattar og journalist Øyvind Strømmen.

Publisert

– Biletet er kaotisk, og vi har ikkje å gjere med ein einskapleg ideologi. Men mange av ideane liknar på nynazisme, blanda med ein særeigen internettkultur, seier Øyvind Strømmen, som har skrive tre bøker om moderne høgreekstremisme

Philip Manshaus som gjekk til åtak på al-Noor-moskeen, har vore aktiv på nettforumet EndChan, ein stad for overskridande ytringar i alle retningar. Trådane der Manshaus har vore aktiv, er «ein høgreekstrem subkultur innanfor ein subkultur», ifølge Strømmen.

– Chan-foruma er eit slags ville vesten, ein stad der alt er lov. Der har Manshaus sjølv vist til andre høgreekstremistar som inspirasjonskjelder, og skreiv at han kjende seg «kalla» av Brenton Tarrant, som stod bak åtaka i Christchurch. Det er som eit slags høgreekstremt kjedebrev, det eine åtaket inspirerer det neste.

Ein sentral idé for drapsmannen i Christchurch er at den kvite befolkninga i vestlege land blir skifta ut med innvandrarar frå muslimske land, som eit sakte folkemord, og at dette medvite blir drive fram av den politiske eliten. Ideen om «den store utskiftinga» er knytt til den franske forfattaren Renaud Camus, som gav ut boka Le Grand Remplacement i 2011.

– Denne ideen har fått gehør på ytre høgrefløy dei siste åra. Vi finn desse tankane både i alt-right-rørsla i USA og den identitære rørsla i Europa. Så blir det i tillegg blanda med andre førestillingar, til dømes at dette er ein del av eit jødisk komplott. «Den store utskiftinga» har blitt eit nytt snakkepunkt på ytre høgre.

Framstillinga av innvandring frå muslimske land som ein invasjon har blitt utbreidd også i norske nettforum dei siste åra. Slike idear er ikkje harmlause, meiner Strømmen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement