Landbruk
Dei som eig og dei som driv
Aktive bønder eig stadig mindre av jorda dei driv, og færre av mjølkekvotane dei fyller. Dermed strøymer stadig meir pengar frå aktive til passive bønder.
Moderne mjølkebønder automatiserer og aukar drifta. Dei leiger stadig meir jord og mjølkekvoter frå passive bønder.
Terje Bendiksby / NTB
For eit par veker sidan kom ein aktiv bonde under 40 med eit hjartesukk her i avisa.
– Hadde eg leigd ut mjølkekvoten og jorda, fylt opp plassen her med campingvogner og byrja å jobbe som lærar, hadde eg sete vesentleg betre i det. Det er eit tankekors. Kvifor gidd eg, sa Tor Jacob Solberg, ein av bøndene bak det etter kvart så godt kjende oppropet #bondeopprør21.
«Den aktive bonden» er eit omgrep som skildrar sjølve bondeidealet for mange politikarar – ein bonde som investerer i ei framtid som produsent av norsk mat. Omgrepet står på same tid i motsetnad til «den passive bonden», som bur på ein gard og held driveplikta i hevd ved å leige ut jord og eventuelt mjølkekvotar, men som kanskje ikkje burde omtalast som bonde i det heile teke. Han eller ho har helst inntekt eller pensjon frå anna arbeid.
Det gode livet på landet
Den aktive bonden Solberg set fingeren på eit paradoks i norsk landbruk: Ein del gardbrukarar kan leve «det gode livet på landet» ved å droppe store investeringar i garden og heller leige ut jord og mjølkekvote til andre. Jordbruksinntekta kjem som ein bonus til anna lønnsinntekt og kan medverke til å halde garden i stand. På den måten går ein del av dei statlege tilskota til dei aktive bøndene vidare til dei passive i form av jord- og kvoteleige.
Tilskota medverkar rett nok til å halde matjorda i bruk og mjølkeproduksjonen oppe, men ikkje til å auke lønsemda for dei som jobbar som bønder.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.