JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Dei som bygde landet

Soga om eigedomsselskapet Evergrande er langt på veg soga om Kina dei siste 30 åra. Kva kjem etter konkursen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bustadblokker reiste av Evergrande i Beijing, september 2023. Veksten til selskapet var rask og sterk i mange år, inntil president Xi skrudde att kredittkrana i 2020.

Foto: Florence Lo / Reuters / NTB

10924
20240202
10924
20240202

Utanriks

peranders@dagogtid.no

På måndag fall ein dom av uvanlege dimensjonar i ein rettssal i Hongkong, da dommar Linda Chan slo det kinesiske eigedomsselskapet Evergrande konkurs. Selskapet har over 3100 milliardar kroner i gjeld og ingen truverdig plan for å kunne gjere opp. Difor må Evergrande tvangsoppløysast, slo Chan fast. Tala i denne saka er svimlande store og reiser tilsvarande store spørsmål. Kva tyder dette for Kina – og for verda?

For å setje fallitten i perspektiv: Konkursen til Evergrande er den største sidan den amerikanske investeringsbanken Lehman Brothers gjekk under i 2008. Lehman-konkursen var som kjent startskotet for finanskrisa, som nesten fekk verdsøkonomien til å gå i stå.

Sakte fall

Mykje er ulikt denne gongen: Konkursen til Evergrande var ikkje noko sjokk, ikkje eingong ei overrasking. Fallet til eigedomskjempa har skjedd i sakte rørsle. Alt i 2021 vart det klart at Evergrande var ute av stand til å handtere gjelda.

Men veksten til Evergrande fortel mykje om den ekstreme utviklinga Kina har hatt dei siste tiåra, og fallet til selskapet fortel mykje om veksesmertene i den kinesiske økonomien. Knapt nokon analytikarar i finanspressa trur at dette er ein ny «Lehman-augneblink». Den kinesiske staten har mange reiskapar for å handtere skadeverknadene, dei statsstyrte bankane skal ikkje vere truga, og smittefaren frå konkursen ser ut til å vere avgrensa. Men utviklingstrekka som knekte Evergrande, kan òg få store følgjer både i og utanfor Kina. Dei moglege konsekvensane kjem vi attende til.

«Grunnleggjar og styreleiar Hui Ka Yan er ikkje lenger gullguten til kommunistpartiet.»

Ein flink gut

Først skal vi sjå på livshistoria til Hui Ka Yan, grunnleggjaren av Evergrande. Soga hans kan lesast som ein ekstremversjon av den økonomiske utviklinga til Kina dei siste tiåra. (På mandarin er namnet hans Xu Jiayin, men internasjonale medium brukar som regel det kantonesiske Hui Ka Yan.)

Hui vart fødd i 1958 og voks opp i fattigdom i ein landsby i Henan-provinsen sentralt i Kina. Mora døydde før han var eitt år, og guten vart oppfostra av farmora si. Hui har seinare fortalt at han heile barndomen drøymde om å kome seg vekk frå bygda, få seg ein jobb og få råd til å ete skikkeleg mat.

Guten var skuleflink. Mot slutten av 70-talet, da utdanningsinstitusjonane hadde opna att etter kulturrevolusjonen, fekk han utdanning i metallurgi ved ein teknisk høgskule i Wuhan-provinsen. Etter nokre år i ei leiarstilling ved eit stålverk flytta Hui i 1992 til storbyen Shenzhen sør i Kina, rett nord for Hongkong. Det var eit heldig val: Shenzhen var den første «spesielle økonomiske sona» som vart skapt gjennom reformene til Deng Xiaoping. Byen var eit slags laboratorium der den moderne kinesiske kapitalismen vart dyrka fram, og Hui vart ein av dei mest vellukka kapitalistane. I 1996 grunnla han selskapet som fekk namnet Evergrande, og byrja å kjøpe opp land til eit bustadprosjekt i Guangzhou.

I rett tid

Timinga kunne knapt vore betre. Folkeflyttinga frå bygda til storbyane i Kina, den største migrasjonen i verdshistoria, var undervegs. Bustadblokkene til Evergrande vart svært ettertrakta. Dei 323 husværa i det første prosjektet skal ha blitt rivne vekk første dagen. Dei neste tiåra klaffa det meste for selskapet. Kvart år flytta mange millionar kinesarar frå bygda til storbyane, og det var god tilgang på både arbeidskraft og banklån. Evergrande vart eit imperium, det største eigedomsselskapet i Kina, med bustadprosjekt i fleire hundre byar. Rundt i landet skaut bustadblokkene i vêret i rasande fart, og selskapet gjorde det særleg godt med relativt dyre heimar laga for middelklassen.

Hui Ka Yan, grunnleggjaren av Evergrande, i 2015. Han var på denne tida Asias rikaste mann og stod på god fot med kommunistpartiet. I dag er han under etterforsking og sit truleg i husarrest ein stad i Kina.

Foto: China Photo via AP / NTB

Milliardæren

I 2009 vart Evergrande børsnotert i Hongkong, og konsernet og toppsjefen utvida verkefeltet sitt. I 2010 kjøpte Hui fotballklubben Guangzhou, føydde til namnet «Evergrande» og investerte stort i utanlandske trenarar og spelarar. (Blant trenarane var italienske Marcello Lippi og brasilianske Luiz Felipe Scolari, båe med VM-titlar på merittlista.) Evergrande investerte òg i gedigne underhaldningsparkar, produksjon av elektriske køyretøy, mineralvatn, filmselskap, helseprodukt, kapitalforvalting og forsikringsselskap.

Veksten såg ut til å vere utan grenser. I 2017 vart Evergrande verdsett til over 500 milliardar kroner og var det mest verdifulle eigedomsselskapa i verda. Magasinet Forbes kåra Hui Ka Yan til den rikaste mannen i Asia, på grunn av aksjane hans i Evergrande. Livsstilen var i stil med formuen. Hui heldt seg med store yachtar og private jetfly, og i klesvegen hadde han ein forkjærleik for franske luksusmerke.

Partimannen

Trass i rikdomen hadde Hui lenge ei høg stjerne i det kinesiske kommunistpartiet, og var medlem i «Den nasjonale komiteen for den politisk rådgjevande konferansen til det kinesiske folket», eit prestisjetungt rådgjevande organ for partiet. (Det vekte oppsikt da han stilte med Hermés-belte på eit konferansemøte.) Hui takka gjerne partiet for framgangen sin, for å ha gjeve han ei utdanning og for reformene som hadde opna vegen for han og selskapet hans. «Heile Evergrande er gjeve oss av partiet, staten og samfunnet», sa Hui i ein tale. Alt såg ut til å gå rette vegen for han, og den stadig aukande gjelda til det ekspansive selskapet såg ikkje til å vere noko problem. Så snudde vinden, og Hui klarte ikkje å leggje om kursen i tide.

Skilnader

I 2020 hadde president Xi Jinping byrja å uroe seg over fleire utviklingstrekk ved den kinesiske økonomien, og henta fram slagordet «hus er til for å bu i, ikkje for spekulasjon». Kapitalismen hadde ikkje berre ført til rask vekst i Kina, men også til raskt veksande økonomiske skilnader. Dei rikaste i Kina var så ekstremt mykje rikare enn folk flest, og Xi mislikte måten milliardærar som Hui viste fram rikdomen sin på.

Stigande eigedomsprisar var i seg sjølv med å auke skilnadene i landet. Spekulantar vart rike, medan mange vanlege kinesarar vart utestengde frå bustadmarknaden. Dessutan var eigedomsbransjen, som lenge hadde vore den viktigaste drivaren for veksten i Kina, farleg forgjelda. Men så lenge prisane stadig steig, var det tilsynelatande ingen fare. Også pyramidespel går bra så lenge det stadig kjem nye pengar inn. Dessutan hadde dei store selskapa grunn til å tru at staten ville berge dei om det skulle kome ei krise.

Dødskampen

Men president Xi meinte alvor. Den kinesiske gjeldsfesten var over. Og da styresmaktene stramma inn på kapitaltilgangen, byrja mange eigedomsselskap å slite alvorleg. Gjelda til Evergrande viste seg snart å vere uhandterleg. Hausten 2021 vart det kjent at selskapet ikkje klarte å innfri fleire av obligasjonslåna sine som avtalt. Tida sidan da har vore ein lang dødskamp for Evergrande, som ikkje var i nærleiken av å kunne betale avdrag og renter. Eitt av dei desperate grepa frå leiinga var å presse dei tilsette til å låne selskapet pengar. Mange av husværa Evergrande alt har fått betalt for, kjem truleg aldri til å bli bygde. Kor store verdiar kreditorane kjem til å kunne hente ut av det bankerotte selskapet, er umogleg å seie i dag.

Grunnleggjar og styreleiar Hui Ka Yan er ikkje lenger gullguten til kommunistpartiet. I september i fjor vart det kjent at han var under politietterforsking. Det er ikkje lagt fram nokon tiltale mot Hui, og ingen veit kor han er. Ifølgje rykta som blir attgjevne i internasjonal presse, sit han truleg i husarrest.

Sektor i krise

Så langt soga om Hui og Evergrande, som er spektakulær i seg sjølv. Men denne konkursen er berre eit symptom på eit langt større problem for Kina: Heile eigedomsmarknaden er i krise. Prisane fell, og bustadbygginga har stogga opp. Det ville vere alvorleg i dei fleste land, men i Kina har eigedomssektoren og særleg bustadmarknaden hatt ein heilt spesiell posisjon dei siste tiåra.

Den største drivaren for veksten i Kina sidan 1990-åra, har vore bygging av bustader og næringseigedom i byane, og der er altså bremsene på. Som sagt har styresmaktene gjort dette med vilje for å dempe prisveksten og spekulasjonen, men for mange kinesarar blir kostnaden stor.

På det meste har bustadsektoren i Kina utgjort nærare 30 prosent av bruttonasjonalproduktet. Ei krise i byggjebransjen kan åleine føre til at millionar av arbeidsplassar forsvinn. I tillegg kjem ringverknadene. For lokale styresmakter har bustadbygginga vore ei god inntektskjelde gjennom sal av tomter til nybygg, og også den pengestraumen tørkar inn no.

Sparepengane

Ikkje minst råkar krisa privatøkonomien til mange kinesarar. Verst ute er dei som har investert i husvære som kanskje aldri blir bygde. Men fallet i bustadprisane får òg store delar av folket til å kjenne seg fattigare. Kring 70 prosent av formuen til kinesiske husstandar er plassert i eigedom. Dessutan har aksjekursane òg falle bratt i Kina dei siste tre åra og er no attende på same nivå som i 2019. Når folk ser at formuen deira krympar, gjer det som regel noko med lysta til å bruke pengar, noko som kan svekkje økonomien.

Evergrande-konkursen kan påverke også utanlandske investorar. Sjølv om ein domstol i Hongkong har slege selskapet konkurs, er det uklart korleis domstolane på fastlandet vil handtere saka vidare. Om dei utanlandske kreditorane ikkje får det dei har krav på frå konkursbuet, kan det dempe lysten til å investere i Kina i framtida. Og appetitten på kinesiske aksjar har vore svak ei god stund. Kvar av dei siste seks månadene har utanlandske investorar selt aksjar for meir enn dei har kjøpt, melde Nikkei-børsen denne veka.

Opne spørsmål

Om den kinesiske veksten stagnerer, får det ringverknader. Kor store kan dei bli, kor langt kan ringane nå? Ingen veit. Men Kina er ein viktig handelspartnar for mange land i verda, og når veksten i Kina bremsar, vil det merkast – ikkje minst for dei som sel råvarer.

Også den økonomiske maktbalansen i verda kan endre seg som følgje av eigedomskrisa. I 2010 spådde investeringsbanken Goldman Sachs at Kina kom til å få større BNP enn USA innan 2020. I fjor justerte Goldman Sachs spådomen og meinte at tronskiftet skal skje kring 2035. Andre analytikarar ser mørkare på utsiktene for Kinas del og peikar på den aldrande og minkande befolkninga. Kina-pessimistane trur at veksten i landet kjem til å vere ganske svak i tiåra som kjem, og trur ikkje den kinesiske økonomien nokon gong kjem til å bli større enn den amerikanske.

Men den konkurransen er ikkje så viktig. Vekstmirakelet i Kina har skjedd allereie, med ei 15-dobling av BNP per innbyggar frå 1990 til 2023. 800 millionar kinesarar har arbeidd seg ut av ekstrem fattigdom. Den vinsten blir ikkje borte med konkursen til Evergrande.

Kjelder: Artiklar frå Financial Times, Bloomberg, New York Times, BBC, The Economist, The Straits Times, Verdsbanken og The Brookings Institution. Samtale med Nupi-forskar Hans Jørgen Gåsemyr.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis