Sideblikk

Dei oppskrudde voners misnøye

Støre-regjeringa slit med glid og feste. Etterpåklokskap er opposisjonens privilegium.

Direktør Karin Hindsbo med gåva frå statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på opninga av Nasjonalmuseets i Oslo 11. juni 2022.
Direktør Karin Hindsbo med gåva frå statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på opninga av Nasjonalmuseets i Oslo 11. juni 2022.
Publisert

Då Nasjonalmuseet opna, hadde statsminister Støre frå Heming med ei gåve som går rett inn i det norske metaforsporet: ein plastskitupp til naudhjelp dersom skia brekker i ei trøblete løype. Treski, rimelegvis, for det er ein sentral del av den nostalgiske nasjonalkjensla: Magne Myrmos ettermæle er at han var siste verdsmeisteren på norske treski.

Støre bør ha sikra seg ein tilbakeleveringsavtale, som reiardøtrene Fredriksen, for han kan trenga reservetupp om han skal klara ein langtur i ulendt politisk terreng. Det er endå meir prekært etter at Vedum og Gjelsvik har brekt styringsstaven hans i snøfattige strøk rundt Kristiansand. («Hvor var du da Brå brakk staven?»)

REGJERINGA STREVAR med både glid og feste. Ho får ikkje styringstillegg – tvert imot. Regjeringspartia gjer det elendig på meiningsmålingane: Arbeidarpartiet skjemmest over at Høgre sig ifrå dei, og lekkasjen til SV og Raudt held fram.

Senterpartiet er tilbake som eit middels lite parti. Det var oppturen i fjor som var eksepsjonell, ikkje dagens nivå. Men ein må ikkje gløyma at Senterpartiets framgang la grunnlaget for Støre-regjeringa, for det var dei som flytta veljar­ar over midtstreken. Nå er partiet ramma av dei oppskrudde forventningars misnøye. Jordbruksoppgjeret var ei fjør i hatten, ikkje som ei allmenn vinnarsak, men ei nødvendig gåve til dei djupaste grasrøtene i partiet.

REGJERINGA MEINER at ho har hamna i eit ufortent uføre: korona, krig og kraftkrise er påført utanfrå. Men i politikken kan ein ikkje skulda på uflaks, få medkjensle og bli lønt for det. For uansett uheldige omstende kunne noko alltid ha vore gjort annleis. Til det svarer Støre at ein må ta avgjerder når dei må takast, med den informasjonen ein har der og då. Det er eit rimeleg resonnement, men det skaper ikkje glød.

Etterpåklokskap er opposisjonens privilegium. Høgre er gode til å sitta rimeleg stille i båten og pussa på det falske minnet om at alt var på stell i Solbergs siste, kaotiske og såre styringsår. Og til å sjå bort frå at det fleirtalet ho hadde bak seg, er endå meir motsetnadsfylt enn før.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement