JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Dei nye skriftlærde

Elevar som får skriveopplæring på nettbrett, lærer like godt å skrive som dei som lærer å skrive for hand, men fyrst etter at dei har fått handskrift­opplæring.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nær 80 prosent av norske skular har no digitale einingar til alle elevar på 1. og 2. trinn. No kjem forskinga om kva nettbruken har å seie for skriveutviklinga og handskrifta til elevane.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

9936
20230317

DigiHand

Er ei forskingsgruppe og eit forskingsrådsprosjekt med føremål om å undersøkje korleis bruken av nettbrett og ulike skriveverktøy påverkar handskrift og skriveutvikling hjå elevar gjennom dei to fyrste skuleåra.

Er eit samarbeid mellom forskarar ved Høgskulen i Volda og Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.

Utdanning

eva@dagogtid.no

Dei fleste elevar i norsk grunnskule har i dag eit eige digitalt verktøy, som iPad, PC eller Chromebook. Sjølv på barnetrinnet har no nær 80 prosent av skulane eigne digitale verktøy til alle elevar på 1. og 2. trinn, ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet.

Dette inneber at også skriveopplæringa for mange elevar no går føre seg på datamaskinar eller nettbrett frå fyrste klasse. Nokre klassar startar endåtil skriveopplæringa på nettbrett fyrst og byrjar med handskrift seinare, medan andre lærer å skrive med hand og på nettbrett parallelt.

Kva denne digitaliseringa av undervisninga har å seie for skriveutviklinga og handskrifta til elevane, jamført med det å lære å skrive på den tradisjonelle måten, har det ikkje vore særleg med kunnskap om. Men nettopp dette ser ei gruppe forskarar frå Høgskulen i Volda og Lesesenteret i Stavanger no på.

Gjennom prosjektet DigiHand undersøkjer dei korleis bruken av nettbrett og ulike skriveverktøy påverkar handskrifta og skriveutviklinga til 585 elevar ved 33 ulike skular gjennom dei to fyrste skuleåra. Prosjektet vart nyleg omtalt av NRK Møre og Romsdal under tittelen «Ber foreldre ikkje bekymre seg: – Barna lærer like godt å skrive når dei brukar nettbrett».

Saka kunne lesast som ein kommentar til det NRK hadde fortalt om månaden før: Facebook-gruppa Opprop for mindre skjermbruk på barneskolen, som på kort tid hadde fått fleire tusen medlemmer, og ei mor som dreiv skrivetrening på papir med barna heime, fordi ho meinte skriveopplæringa på nettbrett i skulen ikkje fungerte. Ho sa at dottera både feilstava ord og skreiv bokstavar feil veg når ho skreiv for hand, og at skilnaden på kva ho kunne med og utan nettbrett, var som «dag og natt».

Prosjektleiaren for DigiHand sa derimot at det «ikkje (er) nokon vesentleg forskjell i tekstkvalitet om elevane startar å skrive for hand, eller med digitale verktøy», og at «(d)ei fleste vil lære å skrive for hand etter andre klasse uansett». Det kom òg fram at forskarane bak DigiHand ikkje såg nokon særleg skilnad på handskrifta til elevar som skriv mest for hand, jamført med dei heildigitale elevane.

Det heile verkar nærast paradoksalt, ikkje minst i lys av erfaringa om «dag og natt» i skilnad mellom nettbrett og penn og papir. Det kan såleis vere verdt å sjå nærare på kva konklusjonane byggjer på.

Skilnader forsvann

Elevane i DigiHand-prosjektet fordeler seg på tre kategoriar. Nokre fekk skriveopplæring på nettbrett fyrst, nokre lærte å skrive med hand og nettbrett parallelt, og nokre starta med å lære seg handskrift fyrst. Alle dei 585 elevane har fått skrive- og ordleseferdigheitene testa ved tre høve: i starten og slutten av fyrste klasse og i slutten av andre klasse.

Det samla resultata frå testane er ikkje publiserte enno, og nokre av analysane av datamaterialet er heller ikkje ferdige, fortel høgskulelektor og stipendiat Eivor Finset Spilling ved Høgskulen i Volda, som er del av prosjektet. Det dei ferdige analysane av dataa derimot syner, oppsummerer ho slik: Etter eitt år med skriveopplæring fann forskarane nokre skilnader i handskrifta hjå elevane som hadde fått digital opplæring, og dei som hadde fått opplæring i handskrift, men etter to år med opplæring var desse skilnadene borte.

Ein faktor å ta med her er at eit av kompetansemåla i læreplanen er at alle elevar skal kunne skrive tekstar både for hand og med tastatur når dei går ut av andre klasse. Spilling understrekar at elevane som fyrst og fremst har digital opplæring fyrste skuleåret, då nødvendigvis må få handskriftopplæring i andre klasse.

Det forskarane bak DigiHand har vurdert når dei gjer opp status etter andre klasse, er elles berre kva elevane då faktisk produserer av skrift, ikkje skriveprosessen bak produktet, legg Spilling til.

– Vi kan dimed ikkje utelukke at prosessen har vore ulike for elevar i dei ulike gruppene, og at elevane i den eine gruppa har skrive bokstavane raskare eller med mindre strev enn den andre, seier ho.

Spilling stadfestar at det heller ikkje er undersøkt kor mykje handskriftsopplæring dei som hadde digital opplæring fyrste skuleåret har fått i andre klasse, jamført med dei som starta med handskriftsopplæring frå start, og at det heller ikkje er gjort vurderingar av kor fin handskrifta til elevane er.

Utviklar seg ikkje

Men tilbake til skilnadene: DigiHand-prosjektet syner altså at det er skilnad i handskrift mellom dei som startar skriveopplæringa for hand, og dei som startar på nettbrett etter fyrste klasse.

Og skilnadene det er snakk om, er heilt i tråd med erfaringane til mora i den fyrste NRK-reportasjen: Elevar som i hovudsak har fått handskriftsopplæring, er etter fyrste klasse betre til å skrive bokstavane rett veg og til å lage rett mellomrom mellom ord når dei skal skrive tekstar på papir, enn dei som har starta med digital opplæring.

I tillegg er ikkje handskriftskilnader dei einaste skilnadene som har synt seg gjennom DigiHand-prosjektet så langt.

Ein delstudie basert på fem av fyrsteklassane som fekk digital opplæring, og fem av dei som starta med handskriftopplæring, synte at dei digitale elevane heilt frå start skreiv på eit høgare prestasjonsnivå når det gjaldt både staving, mellomrom og teiknsetjing, enn kva dei som starta med å skrive for hand, gjorde. Men samstundes som prestasjonsnivået var høgare frå start, synte det seg at dei digitale elevane hadde liten eller inga utvikling gjennom skuleåret. Handskriftselevane vart derimot betre til å stave, til å setje rett mellomrom og til å setje rett teikn i løpet av fyrste klasse.

Hovudføremålet med denne delstudien var å sjå på tekstkvaliteten blant fyrsteklassingar, det vil seie kor lange og gode tekstar elevane skreiv, og på det punktet var konklusjonen heilt klar: Dei som lærer å skrive på nettbrett, skriv like lange og gode tekstar på nettbrett etter fyrste klasse, som dei som byrjar å skrive for hand, gjer for hand.

Kva så med skilnadene mellom dei to gruppene som forsvinn etter andre skuleår? Gjeld det for skilnadene i staving òg? Vel, det er for tidleg å seie. Dette er blant dataa som ikkje er analyserte ferdig enno, ifølgje Spilling.

Ekstra hjelp

At det er funne nokre skilnader mellom dei som fyrst og fremst skriv digitalt, og dei som fyrst og fremst skriv for hand i og etter fyrste klasse, er ikkje noko Spilling ser som overraskande.

Ho syner til at dei som skriv for hand har prøvd og feila seg fram til kva veg bokstavane skal stå og kvar mellomromma mellom bokstavar og ord skal vere gjennom eit heilt skuleår, samstundes som dei som skriv med tastatur frå byrjinga av har kunna velje blant ferdig lagde bokstavar og fått rett mellomrom ved bruk av ein enkel tast. I tillegg har dei som skriv digitalt fyrste året lært å bruke såkalla talesyntese – ein funksjon som les opp teksten på nettbrettet og hjelpar eleven å høyre når noko er feil.

– Når dei skriv digitalt, kan dei difor produsere tekstar med større grad av rettstaving, seier ho.

Høgskulelektor og stipendiat Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, som òg er del av DigiHand-prosjektet, seier at mange lærarar ser talesyntesen fyrst og fremst som ei støtte i skriveprosessen, men at dei også problematiserer bruken av han.

– Veit de om rettskrivinga til elevane er like god uavhengig av hjelpa dei får gjennom talesyntesen?

– Nei, det veit vi ikkje, seier Spilling.

– Ja takk, begge delar

Likefullt er det gjennom NRK altså konkludert med at «Barna lærer like godt å skrive når dei brukar nettbrett».

– Synest de det er dekning for konklusjonen i NRK-saka?

– Ja, men undersøkingane våre kan ikkje seie alt om skriveutviklinga til elevane. Men ut frå dei resultata vi har, ser vi at fyrsteklassingar lærer å skrive forteljingar av omtrent lik kvalitet og lengd anten dei lærer å skrive for hand eller på nettbrett. Så ser vi nokre skilnader i mellomromsbruk og spegelvending av bokstavar etter fyrste klasse, men ikkje etter andre klasse. Samstundes arbeider vi med fleire analysar for å få eit endå større bilete av skriveutviklinga til elevane dei to fyrste skuleåra, seier Spilling.

– Men er det grunn til å be foreldre om å ikkje uroe seg for skjermbruken i skriveundervisninga?

– Vi seier ja takk til både skjerm og papir, og det seier læreplanen òg. Spørsmåler er ikkje om vi skal ha nettbrett i undervisninga, men korleis. Lærarane eg har snakka med gjennom prosjektet, er svært medvitne om kva dei brukar nettbrettet til og ikkje. Det er ikkje slik at elevane sit med nettbrettet heile dagen. Det går an å bruke det på ein god måte. Samstundes er det sjølvsagt variasjonar i korleis det vert brukt, seier Øvereng.

– Ei stund var det ein trend om at alt skulle skje på nettbrettet, men studien vår syner jo at om du brukar den eine eller den andre læringsmetoden, så vert tekstkvaliteten hjå elevane like god. Det gjev lærarane meir handlingsrom til å velje den metoden dei meiner er best for eleven.

– Ser de nokre openberre fordelar ved å lære å skrive på skjerm jamført med for hand?

– Ut frå delstudiane eg har hatt hovudansvar for, som undersøkjer tekstkvaliteten hjå fyrsteklassingar, ser eg ikkje openberre fordelar med å lære å skrive på skjerm, seier Spilling.

– Lærarane ser på nettbrettet som eit verktøy til å skape variasjon i undervisninga og tilpasse undervisninga til den enkelte elevs nivå, og såleis er det ein fordel. Men dei er òg medvitne om at elevane skal lære handskrift, seier Øvereng.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis