Dei mørkeblå i gresk politikkI vår var det 50 år sidan militærkuppet i Hellas. Er det spor av juntastyret i dagens ytre høgre i gresk politikk?

I vår var det 50 år sidan militærkuppet i Hellas. Er det spor av juntastyret i dagens ytre høgre i gresk politikk?

Emblemet til Gyllent daggry liknar svastikaen til nazistane.
Emblemet til Gyllent daggry liknar svastikaen til nazistane.
Publisert

Stylianos Pattakos var rett på sak då eg kom for å intervjue han i heimen til dottera i oktober 1991. Eg var i Athen for å skaffa data til hovudfagsoppgåva mi i statsvitskap om den greske overgangen til demokrati i 1974. Pattakos, som var tidlegare brigader og innanriksminister under juntastyret i åra 1967–1974, hadde sloppe ut av fengselet i 1990 på grunn av påståtte helseproblem. Pattakos fekk sone resten av livstidsdomen heime.

– Kva tru har du?, spurde han.

Eg visste med ein gong at skulle det bli noko intervju måtte eg svara rett på spørsmålet.

– Eg er kristen, sa eg som sant var.

– Kva dominion?

– Protestant.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement