Politikk

Dei moderate kjempene vaklar

Dei moderate folkepartia i Europa mistar grepet om veljarane. Tarjei Skirbekk seier utviklinga bør uroe oss.

Tarjei Skirbekk meiner Europa er i ein negativ politisk spiral som vi ikkje bør undervurdere dei moglege negative følgjene av.
Tarjei Skirbekk meiner Europa er i ein negativ politisk spiral som vi ikkje bør undervurdere dei moglege negative følgjene av.

Valet tidlegare i år gav Arbeidarpartiet 26,3 prosent oppslutning. Med unntak av valet i 2001 er det den dårlegaste oppslutninga for partiet på 97 år. Etter over 70 år med valresultat som i hovudsak varierte mellom 35 og 48 prosent, er det no åtte år sidan partiet sist fekk over 30 prosent.

Fleire av dei andre store sosialdemokratiske partia i Europa – i Sverige, Danmark, Tyskland, Austerrike og Hellas – opplever òg markert nedgang. Det same gjer moderate folkeparti på høgresida, til dømes kristelegdemokratane i Tyskland og Nederland og det konservative og kristelegdemokratiske folkepartiet i Austerrike.

Svenske Socialdemokraterna, som i snitt låg på ei oppslutning på over 45 prosent i vala mellom 1932 og 1994, fekk i 2018 til dømes 28,3 prosent. Angela Merkels CDU fekk ved valet i haust 24,1 prosent, som er den lågaste oppslutninga for partiet nokon gong.

Idéhistorikar og forfattar Tarjei Skirbekk meiner utviklinga utgjer ein trugsel for både politisk stabilitet og sosial berekraft. Han har skrive bok om fallet til dei moderate folkepartia i Europa, som vil seie sosialt konservative, sosialliberale, kristelegdemokratiske og sosialdemokratiske parti som tradisjonelt har hatt over 30 prosent oppslutning.

– Meir uforsonleg

I boka skildrar han korleis desse partia historisk hadde liberale og konservative fløyer som dei balanserte både internt og eksternt. Det gjorde det mogleg for dei å utvikle det han kallar «europeiske kompromiss», basert på sosial marknadsøkonomi som skulle sikre velstand til alle, og ein velferdsstat som skulle sikre sosial berekraft. Slik la dei det politiske grunnlaget for det moderne Europa etter krigen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement