Dei heimlause folkekyrkjesakene
Oppgjeret etter skiljet mellom kyrkje og stat kjem til å enda i ein dragkamp om pengar.
Christian III slo to fluger i éin smekk i 1537: Noreg blei eit lydrike under danskekongen, og han tvinga gjennom den lutherske reformasjonen. Kongen eksproprierte også den katolske kyrkjas eigedommar, og dei er førte vidare som Opplysningsvesenets fond. Stat og kyrkje smelta saman, med Kongen og hans embetsmenn som kyrkjestyre.
Denne ordninga heldt fram etter frigjeringa frå Danmark. Kyrkje, skule og kultur høyrde uløyseleg saman i norsk statsforvaltning frå 1814 til 1981. Kyrkje og undervisning låg under same statsråd, som sjølvsagt måtte høyra til den evangelisk-lutherske, norske kyrkja. Det måtte også alle andre statsrådar fram til ei grunnlovsendring i 1919 opna for at personar som ikkje var medlem av statskyrkja, kunne sitja i regjering. Den endra paragraf 12 blei kalla Lex Mowinckel etter venstrepolitikaren Johan Ludwig Mowinckel som hadde meldt seg ut, var gift tre gonger og blei statsminister tre gonger.
Men det var framleis eit grunnlovskrav at «af Statsraadets Medlemmer skulle over det halve Antal bekjende sig til Statens offentlige Religion». Dei var «kyrkjeleg statsråd» som utnemnde biskopar, tilsette prestar, var overdommar i lærespørsmål og bestemte i kyrkjelege saker.
DEN HEGEMONISKE
kulturkoplinga sprakk då Kåre Willoch tok det opplagde statsrådsemnet Lars Roar Langslet med i den reine Høgreregjeringa i 1981, for han var katolikk. Han fekk eit eige kulturdepartement som blei ført vidare av humanetikaren Åse Kleveland (Ap). Men kyrkje og undervisning var framleis eitt under dei ikkjepåfallande sterkt-truande statsrådane Einar Førde og Gudmund Hernes.
Etter tusenårsskiftet har det vore departement både for forsking, utdanning og kultur. Kyrkjesakene har vore i flyt etter dei aktuelle stastrådanes konfesjon: om dei var medlem av statskyrkja, pinseven, muslim, humanetikar eller uorganisert gudlaus. Under Valgerd Svarstad Haugland (KrF) var kyrkjesakene tilbake saman med kulturen. Éi tid låg dei under Rigmor Aasrud (Ap) i Fornyings-, administrasjons–?og kyrkjedepartementet. I Solbergs første år sorterte dei under kulturminister Thorhild Widvey, som blei landets siste kyrkjeminister.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.