Helse

Dei frie og dei ufrie

– Vaksinepass kan gje einskilde fleire rettar enn andre, men er neppe rettsleg diskriminerande, seier Adele Matheson Mestad, direktør ved Noregs institusjon for menneskerettar.

Koronavaksinerte kan i nær framtid få vaksinepass og fleire rettar enn andre, også i Noreg.
Koronavaksinerte kan i nær framtid få vaksinepass og fleire rettar enn andre, også i Noreg.

Ved vaksinepass vil ein få ei forskjellsbehandling basert på medisinskfaglege prioriteringar av kven som skal få vaksine først. Det er neppe diskriminerande.

I Verdshelseorganisasjonen og EU vert det for tida utarbeidd krav til teknikk og innhald i vaksinepass. Det vert opp til dei enkelte landa å avgjere korleis passa skal brukast, og debatten i Noreg går langs politiske så vel som juridiske og helsefaglege spor.

– Korleis ser debatten om vaksinepass ut i lys av menneskerettane?

– Utgangspunktet er at vi lever i ei tid der det er gjort inngrep i mange av menneskerettane våre, som retten til rørsle og privatliv. Det kan staten gjere for å verne om retten til liv og helse, føresett at det er heimel for det, og at inngrepa er forholdsmessige. Ein kan ikkje gripe inn meir enn nødvendig. Eit vaksinepass vil kunne ivareta prinsippet om minst mogleg inngrep, ved at inngrepa vert avgrensa til dei det må avgrensast til, og ved at dei som kan få tilbake rørslefridommen sin, får det. Eit pass vil også kunne verne sårbare grupper betre, fordi det kan opne for vitjing og medverke til at ein raskare kan lette på restriksjonane. Men det finst også menneskerettslege utfordringar.

– Kva er dei mest openberre?

– Eit vaksinepass vil ha implikasjonar på personvern og privatliv, for ein vil på ein heilt ny måte måtte vise fram dokumentasjon på helsedata i ulike situasjonar der ein tidlegare har kunne røre seg heilt fritt. Frykta er då at ein ikkje får eit godt nok personvern i bruken av data, og at kontroll av helsedata kan verte normalisert. Eg trur utfordringane kan løysast, men det må gjerast ved at ein prioriterer personvernet og gjer passet tilgjengeleg for alle, også dei som ikkje har smarttelefon. Spørsmålet som gjerne vert diskutert, er om eit vaksinepass er diskriminerande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement