Dei førebiletlege blogglivaUlrikke Falch nekta å ta imot pris frå ein overflatisk bransje. Det sette i gang ein usannsynleg djup debatt.

Ulrikke Falch nekta å ta imot pris frå ein overflatisk bransje. Det sette i gang ein usannsynleg djup debatt.

Sterke kjensler under fjorårets utdeling av Vixen Blog Awards, i kjend stil. Her er det Sophie Elise som blir kåra til «årets blogger». I år nekta fleire, blant anna Skam-skodespelar og samfunnsdebattant Ulrikke Falch, å ta imot pris frå nettmagasinet.
Sterke kjensler under fjorårets utdeling av Vixen Blog Awards, i kjend stil. Her er det Sophie Elise som blir kåra til «årets blogger». I år nekta fleire, blant anna Skam-skodespelar og samfunnsdebattant Ulrikke Falch, å ta imot pris frå nettmagasinet.
Publisert

Vi tek eit blikk tilbake i tid, til fjorårets Vixen Blog Awards: Ein vaksen mann græt inn i eit TV 2-kamera. Han har ikkje vunne pris for bloggen om livet sitt, endå om boka han har skrive om livet sitt, «faktisk har redda liv», ifølgje han sjølv. Ei vaksen kvinne forlèt prisutdelinga i raseri. Ho meiner heile opplegget er korrupt, fordi ho ikkje har vunne. Ein bransjepris arrangert av nettmagasinet Vixen vekte sterke kjensler hos dei få han vedkom. I år får prisen merksemd av langt fleire.

Dei små liva

Det er lett å le av dei, bloggarane. Desse folka sopar inn pengar på å skrive om det ofte høgst uinteressante livet sitt. Men vi vil lese om dei. Vi vil sjå dei på TV. TV 2-programmet Bloggerne har vore så populært at det har fått rulle og gå i sesong etter sesong.

Far min har alltid sagt at han likar å ha kjæledyr, for han synest det er interessant å observere «dei små liva», kor lite dei tek seg til, og kor nøgde dei er med det. Kanskje ligg noko av det same til grunn for kvifor vi lèt oss fascinere av bloggarar, dei lever eit lite liv og formidlar det på mikronivå. Dei bloggar fleire gonger om dagen, og mange av dei skriv til og med bok.

– Du følgjer med såpass lenge at sjølv om det ikkje er interessant frå dag til dag, må du innom og lese. Du kjenner dei jo, du får inntrykk av at du må følgje med på korleis det går, seier Anne Gunn Halvorsen, journalist, forfattar og fast blogglesar.

Ho trur det er blandinga av fiksjon og røyndom som gjer bloggar tiltrekkjande for folk. For henne har det erstatta såpeseriar og dameblad.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement