Dei flinke får mest

Dei fleste av dei som tener mest i USA, tener pengane på grunnlag av eigeninnsats og kognitive evner. Arv har lite å seia.

Aldri før i USAs soge har så mykje av amerikansk rikdom og inntekt vorte skapt gjennom eige arbeid.
Aldri før i USAs soge har så mykje av amerikansk rikdom og inntekt vorte skapt gjennom eige arbeid.
Publisert

At USA er meir økonomisk delt enn nokon gong sidan før 1929, er det ingen tvil om. Den rikaste prosenten på toppen har no om lag 40 prosent av all formue, og eig med det meir enn dei 90 prosentane på botnen. Og formue gjev inntekt, i form av overskot, utbyte og verdistiging på børsar og i eigedomsmarknaden. Har du stor nok formue, stor nok arv, kan du sitja still i båten og sjå på at inntekta di berre aukar og aukar og dimed også den samla rikdomen. Dei verkeleg rike i USA treng difor ikkje gjera noko som helst. Dei er det som i USA vert kalla «idle rich», late rike. Og hovudgrunnen til at dei kan vera late og tek stadig meir av inntektskaka, er arv, seier standardforklaringa.

Denne forklaringsmodellen vart tilsynelatande styrkt gjennom boka Capital in the Twenty-First Century av den franske historikaren og økonomen Thomas Piketty. I den avviser Piketty langt på veg påstandar om at ein kan arbeida seg opp til stor formue, at det er humankapital, altså kor flink og hardtarbeidande ein er, som forklarar dei stadig større skilnadene mellom dei som har og dei som ikkje har. Det er arv, eigedom og verdipapir som driv den negative utviklinga, slår han fast:

«(Hypotesen om human kapital) forklarar mykje mindre enn ein skulle tru (…). Ikkje-human kapital ser ut til å ha vorte like viktig i dette hundreåret som det var på 1700- og 1800-talet, og det er ingen grunn til å tru at den kapitalen ikkje vil verta endå meir avgjerande», skriv Piketty. Sagt på ein annan måte: Det er ikkje det du gjer, som er avgjerande for kor rik du er, det er det du har.

Tvilsamt av Piketty

Det ser ut til at Piketty tok grundig feil. Hovudforklaringa på kvifor dei rike i USA tener stadig betre og får stadig større rikdom, er nemleg det dei gjer, ikkje det dei har eller har fått. National Bureau of Economic Research (NBER) er kanskje USAs mest respekterte uavhengige økonomiske forskingsinstitusjon. Dei set saman forskingsgrupper henta frå dei beste forskingsmiljøa i USA og har stort sett alle amerikanske nolevande nobelprisvinnarar i økonomi som medlemar – inkludert Paul Krugman, som skriv faste innlegg i New York Times, presenterte i norsk versjon i Dag og Tid.

NBER sette for eit tid attende ned ei gruppe med forskarar frå Det amerikanske finansdepartementet, Princeton, Chicago og Berkeley for å sjå om Piketty og mange med han hadde rett i at arv, eigedom og finanspapir var den store drivaren bak dei auka skilnadane, som nær alle er samde om er eit stadig større problem. Dei gjekk gjennom skattedata frå elleve millionar firma og såg på kven som åtte desse firmaa, og kva eigarane var for noko: passive eigarar som henta inn utbyte og vinst, eller aktive eigarar som skapte verdiar på grunnlag av eigen kunnskap og innsats. Denne veka kom rapporten med tittelen Capitalists in the Twenty-First Century.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement