Utanriks

Dei fire krigane i Ukraina

KIEV: Vanlege borgarar i Ukraina skjønar no at framtida til landet heng på eitt spørsmål: Kven tek knekken på kven?

Fotgjengarar som ramlar på glatta Kiev, lèt vanlegvis skjellsorda hagla over styresmaktene. Men denne vinteren er ikkje folk så emosjonelle.
Fotgjengarar som ramlar på glatta Kiev, lèt vanlegvis skjellsorda hagla over styresmaktene. Men denne vinteren er ikkje folk så emosjonelle.
Publisert Sist oppdatert

Lett desembersnø knitrar under skorne. Somme gonger lavar det ned for mykje snø om natta, og om morgonen ligg byen fastfrosen i bilkøar. Det er no eingong slik at vegane i Kiev brukar vera lamma i rushtida, men om vinteren er denne tilstanden meir langvarig på grunn av snøen.

Bilførarar og fotgjengarar som ramlar på glatta lèt vanlegvis vreiden og skjellsorda hagla over dei som styrer i byen, og over ordføraren, sjefen sjølv, som no er den kjende boksaren Vitalij Klitsjko. Men denne vinteren er ikkje folk så emosjonelle. Ein person datt, ja vel, kom seg berre stilt på beina att og gjekk vidare.

I desse dagane er innbyggjarane i Kiev meir årvakne og meir uroa. Livet deira vert no i mindre grad påverka av daglegdagse trivialitetar, men i større grad av storpolitikken. Og storpolitikk no handlar ikkje om ukrainsk innanrikspolitikk. Eigenleg har ein aldri kunna kalla det storpolitikk heller.

Det som er avgjerande for vanlege borgarar i Ukraina no, er den globale geopolitikken. Dei skjønar at framtida for Ukraina heng på eitt spørsmål: Kven tek knekken på kven? Vil USA og Europa skvisa ut Russland? Eller vil Russland knekkja alle dei andre? Nei, sjølvsagt spelar Ukraina ei viktig rolle i denne globale konfrontasjonen. Til tider har Ukraina òg ei katalysatorrolle, får den ukrainsk-russiske konflikten opp på eit nytt nivå.

Men no er det ikkje så mange nye nivå att. Stoda er fastlåst, ein har gradvis glide inn i ei blindgate på høgste nivå, og etter det er det mogeleg at ein får ein fullskala kald krig, det har ein no snakka lenge om. Det kan jamvel verta ein brennheit krig.

Høgtid i moll

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement