Dei evige optimistane i Stavanger
FALMAR: Ekofisk-feltet har levert enorme verdiar til Noreg sidan 1971. Men både på Ekofisk og resten av norsk sokkel fell oljeproduksjonen raskt.
Les også: Meiner Oljedirektoratet driv med ønsketenking
I blant må ein journalist vitje gamle tomter. I 2007 skreiv eg ein artikkel her i avisa med tittelen «Storskrytarane i Oljedirektoratet» (OD), som viste at direktoratet systematisk hadde overvurdert framtidig oljeproduksjon på norsk sokkel gjennom 2000-talet. År etter år viste det seg at årsproduksjonen vart mindre enn det prognosemakarane hadde venta.
Eit nytt ettersyn hausten 2013 viser at spåmennene til direktoratet framleis er for positive. Og det er særleg på mellomlang sikt dei har bomma: I 2006 overvurderte prognosane frå OD norsk oljeproduksjon fire år fram i tid med heile 40 prosent.
Ned og ned
Tendensen i oljeutvinninga på norsk sokkel har lenge vore tydeleg. Norsk oljeproduksjon er meir enn halvert sidan toppen i 2001, da det vart henta opp over tre millionar fat olje for dagen frå sokkelen. På den tida var Noreg verdas sjette største oljeprodusent. Sidan da har oljeproduksjonen falle kvart einaste år. I 2012 kom det 1,5 millionar fat olje frå norsk sokkel, og Noreg har falle til 14. plass på lista over verdas største oljeprodusentar. Ingen andre store oljeland har tappa ned ressursane sine så fort som Noreg har gjort.
Men trass i dette er det som regel optimismen som rår kvar januar når Oljedirektoratet presenterer Sokkelåret, den årlege rapporten sin om utviklinga i norsk petroleumsutvinning. Optimismen viser ikkje berre att i tendensen til å framheve dei positive tendensane – nye funn, store investeringar – men òg i prognosane for komande oljeutvinning.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.