Dei deprimerte jentene
Utskriving av antidepressiv til jenter i tenåra har auka med 80 prosent på sju år.
Denne grafen frå Folkehelseinstituttet viser talet på jenter per tusen som har fått slike legemiddel kvart år. Over to prosent av jentene i alderen 15 til 17 år får no antidepressiv.
Det er blant jenter i tenåra bruken av antidepressiv har auka klart mest i Noreg dei siste åra. I 2010 fekk 3037 jenter i alderen 15 til 19 år antidepressiv på resept, syner tal frå Reseptregisteret. I 2017 var talet 4741. Det er ein auke på 56 prosent på sju år. I tillegg går denne gruppa i snitt lenger på slike medisinar enn før, for bruken i døgndosar auka med 80 prosent i same tidsrom. For gutar i same alder er det ikkje ein tilsvarande auke.
Denne utviklinga har fått mykje merksemd dei siste åra, og det har kome mange forsøk på forklaringar, til dømes karakterpress i skulen, aukande kroppspress eller stresset som sosiale medium representerer. Somme har peika på at auken av depresjon blant unge fell saman i tid med gjennombrotet for smarttelefonane, i Noreg som i USA, og hevdar at den konstante samanlikninga med andre gjennom dei sosiale media kan vere ei årsak til depresjon.
Men uavhengig av forklaringa er det grunn til å vere kritisk til utskrivinga av antidepressiv til ungdom, meiner mange fagfolk. Desse legemidla er testa ut på vaksne menneske, ikkje på barn eller unge. Hjernen til ungdom er i rask utvikling, og det er avgrensa kunnskap om dei moglege langsiktige verknadene av slik medisinering. Fleire studiar tyder dessutan på at bruk av antidepressiv kan auke faren for sjølvmordstankar hos barn og unge. Og vinstane av slik behandling er enda meir uvisse for dei unge enn for dei vaksne. «Barn og ungdom har usikker effekt av antidepressiva», heiter det i Legemiddelhandboka.
«Leger må erkjenne at effekten av disse pillene ikke er overbevisende», sa fagdirektør Steinar Madsen i Legemiddelverket til VG i 2016. «Flere unge som ikke har behov for det, og som kunne kommet seg ut av en depresjon på andre måter, blir satt på antidepressiver», meinte Madsen. Likevel går altså forbruket blant tenåringsjenter rett til vêrs.
Fleire er plaga
Statistikken tyder ikkje på at legane har blitt meir slepphendte med å skrive ut antidepressiv til ungdom, meiner Ingeborg Hartz, som er forskar ved Sykehuset Innlandet og Nasjonalt folkehelseinstitutt. Ho har forska på bruken av antidepressiv blant barn og ungdom.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.