JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Debatten som ikkje døydde

Etter 25. juni-skytinga i Oslo freista ein på vanleg vis å kvela ordskiftet om tilhøvet mellom vald og religion, terror og islamisme, men denne gongen døydde ikkje debatten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Håvard Rem

Foto: Håvard Rem

6774
20220701
6774
20220701

For dei som meiner at hovudstraumsmedium ikkje vågar å ta dei vanskelege debattane, kjem her ein dag-for-dag-gjennomgang av ein debatt som mange har freista å kvela og endå fleira har venta på. Tankekrossen er sjølvsagt at gjennombrotet i ålmenta har ein blodig og tragisk bakgrunn – tap av menneskeliv og åtak mot skeive.

Laurdag 25. juni

Det er snart ei veke sidan 25. juni-skytinga i Oslo. Om grunnane til ugjerninga er psykisk sjukdom eller religiøs ideologi, eller ei blanding, er ikkje slått fast. Mykje ser ut til å knyta den sikta, Zaniar Matapour, til islamistisk aggresjon mot skeive, så mykje at fleire tenkte at den tragiske hendinga kunne opna for kritisk refleksjon kring haldningar til skeive mellom norske muslimar.

Marginaliserte muslimar har fleire gonger freista å reisa debatten, til dømes etter islamistisk motiverte drap på skeive i Orlando i USA i 2016 og i Reading i England i 2020, men kvar gong har debatten vorte kvelt av dei som meiner at han vil fremja rasisme og stigmatisera, og at hendingane ikkje har noko med religion å gjera.

Ville debatten koma no, når dette såg ut til å ha hendt i Noreg?

Nei, ein av dei fyrste i ein høg posisjon som uttala seg, stortingspresident Masud Gharahkhani, slo same dag som 25. juni-
skytinga fast kva valdsgjerninga ikkje handla om. «Hat er hat, og har ikke noe med religion eller bakgrunn å gjøre», uttala han til VG laurdag ettermiddag.

Sundag 26. juni

Dimed såg det ut til at debatten i den breie ålmenta var lagd død denne gongen òg. På sundagen vart Gharahkhanis freistnad på å dempa debatten følgt opp av norskfødde politikarar.

I ei nyhendesending i TV 2 sundag vart Oslo-ordførar Marianne Borgen (SV) beden om å kommentera den muslimske bakgrunnen til den sikta og PSTs utsegn om at dette truleg handla om islamistisk terror. Borgen avfeia problemstillinga med å sitera ei opplysing ein finn på heime­sidene til Amnesty: «Homofili er kriminalisert i 68 land i verden.»

Svaret hennar var med andre ord nokså likt det til stortingspresidenten, at dette «har ikke noe med religion eller bakgrunn å gjøre.» I tilvisinga til «68 land» ligg at somme av dei til dømes er katolske, som Burundi, der skeive risikerer bøter og fengsel inntil to år.

Det neste punktet på Amnesty-sidene nemnde Borgen ikkje: «I åtte land kan du bli dømt til døden for homofili.» Spørsmålet frå TV 2-programleiaren var så direkte at dette punktet i grunnen var meir relevant. Alle dei åtte landa med dødsstraff for skeive er muslimske land, og Zaniar Matapour kjem frå eitt av dei. Det er diverre relevant at ein som kjem frå eit land der dei avrettar skeive, Iran, sjølv gjer noko som kan syna seg å vera ei slik avretting, men då ikkje i det gamle heimlandet, men i det nye.

Nok ein gong vart debatten lagd død av ein person i ein høg posisjon.

Laurdag og sundag uttalte også statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seg. Han la ikkje skjul på at hendinga kunne vera islamistisk terror, og om det muslimske miljøet sa han at mange var redde og fortvila, men han oppmoda ikkje til ein samtale om haldningane til skeive i miljøa. Statsministeren ser diverre ut til å tenkja like lite prinsipielt no som då han som utanriksminister i 2006 kommenterte striden kring Mohammed-karikaturane.

Måndag 27. juni

Måndag morgon såg det ut til at debatten ikkje ville koma, og at utsegna til stortingspresidenten ville verta ståande som siste ord i saka.

Men debatten kom. Måndag føremiddag publiserte vara­representant til Stortinget, Akhtar Chaudhry (SV), eit debattinnlegg i Nettavisen med ingressen: «Hat mot minoriteter oppstår ikke i et vakuum.» Chaudhry haldt fram: «Det er på høy tid at det inntas en bevisst holdning og et oppgjør med intoleranse i de deler av de muslimske miljøene hvor intoleranse mot homofili og homofile eksisterer.»

I skarp kontrast til Gharahkhanis «ikke noe med religion eller bakgrunn å gjøre»-­haldning, skreiv Chaudhry: «Voldsproduksjon skjer ikke brått. Det er et sluttresult av en lang prosess. I denne prosessen og inkubasjonsperioden henter personer som kan være tilbøyelige for å produsere vold, støtte for sin voldsproduksjon fra sine miljøer uten at miljøene er klar over det.»

Tysdag 28. juni

Etter stortingspresidentens ukloke utspel freista venstreside­politikarar med majoritetsbakgrunn å leggja debatten død, men venstresidepolitikarar med minoritetsbakgrunn vakte han likevel til live.

Tysdag morgon publiserte VG såleis ein kronikk av stortingsrepresentant Hadia Tajik (Ap). Ho presisterte at stortingspresidenten har eit meir nyansert syn enn utsegna hans kan tyda på, men i kronikken understreka ho: «Selv blant ungdom som er født i Norge, men har foreldre som har innvandret, viser det seg at en fjerdedel har holdninger om at homofili ikke er akseptabelt, ifølge FAFO. Noen landbakgrunner skiller seg særlig negativt ut, som Somalia, Marokko og Pakistan. Blant ungdom med etnisk norsk bakgrunn er det bare tre prosent som deler slike holdninger. Pew Research har også gjentatte ganger dokumentert at holdninger mot homofile i muslimske land, jevnt over er negative.»

Få timar seinare, i eit intervju i Nettavisen, kom stortingsrepresentant Mahmoud Farahmand (H) med ein kommentar til debatten og freistnadane på å kvela han: «Slike debatter kortslutter ofte. Ingen sier at alle muslimer er terrorister, men man sier at en radikal tolkning av islam er årsaken til at enkelte finner rasjonal til å gjennomføre et angrep.» Han heldt fram: «Vi skal ikke forhåndsdømme individer og grupper, men vi må være klar på hva som motiverer til denne type terror. Vi kan ikke frita islamister slike holdninger.»

Fredag 1. juli

I dag skriv me 1. juli. Det er seks månader sidan nyttår, då mange av oss trudde at 2022 skulle handla om å venda attende til det normale. I staden har me vore vitne til krigsutbrot i Europa og eit halvår frå helvete.

På godt og vondt held hendingar eit høgt tempo no. At me i 2022 skulle få ein open debatt om tilhøvet mellom vald og ideologi, terror og tru, skeive og islamistar, med bidrag frå politikarar på både høgre- og venstresida, var for mange like utenkjeleg som å skulle sjå Sverige i Nato og Sylvi Listhaug i pridetog.

I dag går ein varm tanke og takk til dei mange marginaliserte muslimane eg kjenner og veit om – somme rasande, somme redde, somme skeive, somme fråfalne, somme døde, somme levande – som i mange år har freista å reisa denne debatten i den norske ålmenta og kring middagsbordet i dei mange minoritetsheimane.

Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein varm tanke og takk går til marginaliserte muslimar som lenge har freista å reisa debatten.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis