Datostempla alkymiVi bør ikkje vere overraska over at populismen blir broten ned i både Storbritannia og USA.

Vi bør ikkje vere overraska over at populismen blir broten ned i både Storbritannia og USA.

Jeremy Corbyn var endå mindre overtydd om å bli verande i EU enn Theresa May sjølv.
Jeremy Corbyn var endå mindre overtydd om å bli verande i EU enn Theresa May sjølv.
Publisert

No kjenner vi halveringstida for populismen. Ho er tolv månader. Vitskapleg atterhald: Eg veit at det som nettopp hende i britisk politikk, ikkje er identisk med det som skjer når atom vert råka av radioaktiv nedbryting. Likevel trur eg at tanken om at populismen har ei halveringstid på tolv månader, summerer opp på ein god måte det som skjer ikkje berre i britisk politikk, men også i USA.

Tenk deg eitt år attende i tida. Politikken midt i 2016 var dominert av populistiske mem – som i dette tilfellet kan omsetjast med idear – bringa til torgs av folk som Cominic Cummings og Steve Bannon. «Ta kontrollen attende»; «Vi sender 350 millionar pund til EU kvar veke. Lat oss finansiere det britiske helsestellet, NHS, i staden»; «BeLEAVE in Britain». Dei amerikanske motstykka var «Make America great again»; «Drener sumpen i Washington» og «Set henne i fengsel».

Desse slagorda verka sanneleg. Til liks med gen, som er programmerte til å reprodusere seg sjølve, spreidde politiske mem seg viralt i britisk og amerikansk politikk. Folk retvitra dei, likte dei på Facebook og nytta dei i samtalane på puben. Og så røysta dei: for brexit i juni; på Donald Trump i november.

Før eller seinare måtte denne sukkerrusen med å røyste på populistiske løysingar gå over – eller, i kjernefysisk språkbruk: polonium var nøydd til å bli brote ned og gjort om til bly. Spørsmålet var berre når. Svaret ser ut til å vere etter om lag eit år.

Tenk på det som nett hende i Storbritannia. Theresa May, oppegga av rådgjevarane sine og brexitminister David Davis, bestemde seg for at ho kunne få eit større fleirtal og dermed styrkje posisjonen sin i tingingane med Brussel dersom ho lyste ut nyval. Oppmodinga hennar til britiske veljarar 18. april var klår. Ho skulda opposisjonspartia for å «setje på spel det arbeidet vi må gjere for å førebu brexit her heime» og «svekkje regjeringas forhandlingsposisjon» i EU. «Kvar einaste røyst på dei konservative», erklærte ho, «vil gjere meg sterkare når eg tingar med statsministrane, presidentane og kanslarane i Den europeiske unionen». Valet var «naudsynt for å sikre den sterke og stabile leiarskapen landet treng for å få oss gjennom brexit og vidare».

Vel, sist torsdag tala folket, og bodskapen var i hovudsak: «Niks.» Med valet mellom «sterk og stabil leiarskap» og den verste statsministerkandidaten Labour nokon gong har kome opp med, var det mange av dei som i fjor røysta for brexit, som i år satsa på Jeremy Corbyn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement