Dataspel er ei engelskspråkleg verd
Eit av dei viktigaste media for barn og unge er nesten utan norske innslag. – I Noreg har vi vore trege med å akseptere spel som kulturuttrykk, seier spelutviklar og forskar Bendik Stang.
?Ein helt kjempar seg fram i ei verd av eventyr i det norskproduserte spelet Earthlock.
Snowcastle
– Er spelet på norsk?
Åtteåringen ser på meg med store auge.
– Det er veldig uvanleg! Veldig uvanleg!
Igjen og igjen tek han opp att kor uvanleg dette er. Spel teksta på norsk viser seg å vere så sjeldan at poden, på god veg til å bli ein gamer, aldri har prøvd eit norskspråkleg spel etter at han sjølv vart i stand til å lese. Denne gongen har han ikkje funne fram til spelet sjølv. Det er eg, mor hans, som har funne det fram til han. Stort sett går det i engelskspråklege spel, noko som igjen har ført til at gutungane som leikar i heimen kvar dag, snakkar om fantasifigurar som skal kille kvarandre. Dette siste nektar også eg å omsetje til norsk.
Tysdag 12. mai la kulturminister Abid Raja fram forslag til det som vil verte ei historisk språklov. Til grunn for lova ligg eit klart uttalt mål om at norsk språk skal vere samfunnsberande. Kva ligg i det? Ganske enkelt at norsk skal nyttast på alle samfunnsområde. Målet kan synast sjølvsagt, men er det ikkje. Til dømes er nær 90 prosent av den vitskaplege publiseringa ved norske forskingsinstitusjonar på engelsk. På same måte er engelsk arbeidsspråk i store delar av næringslivet. Og for å forstå teknologiske verktøy må ein gjerne nytte engelske fagomgrep.
Styresmaktene har eit ansvar for å ta vare på det norske språket for å hindre at det fell ut av sentrale samfunnsområde. Poden les Donald på norsk, men kan eg krevje eller håpe på at fleire av spela han og kameratane speler, også skal vere på norsk? Elles skal dataspel bli verande eit reint engelskspråkleg felt?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.