JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Dataspel er ei engelskspråkleg verd

Eit av dei viktigaste media for barn og unge er nesten utan norske innslag. – I Noreg har vi vore trege med å akseptere spel som kulturuttrykk, seier spelutviklar og forskar Bendik Stang.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
?Ein helt kjempar seg fram i ei verd av eventyr i det norskproduserte spelet Earthlock.

Snowcastle

12130
20200522

Bakgrunn

Dataspelbransjen

Den globale spelbransjen omsette for 1 230 milliardar kroner i 2018.

Det er venta at bransjen vil vekse 13 prosent fram til 2025.

Sysselsetjing og omsetnad aukar også i Noreg, men økonomien i norsk spelutvikling er rekna som svak.

Det er kring 100 registrerte dataspelselskap i Noreg, men berre 30 av dei er aktive.

Kjelde: Spillerom. Dataspillstrategi 2020-2022.

Dataspel

christiane@dagogtid.no

– Er spelet på norsk?

Åtteåringen ser på meg med store auge.

– Det er veldig uvanleg! Veldig uvanleg!

Igjen og igjen tek han opp att kor uvanleg dette er. Spel teksta på norsk viser seg å vere så sjeldan at poden, på god veg til å bli ein gamer, aldri har prøvd eit norskspråkleg spel etter at han sjølv vart i stand til å lese. Denne gongen har han ikkje funne fram til spelet sjølv. Det er eg, mor hans, som har funne det fram til han. Stort sett går det i engelskspråklege spel, noko som igjen har ført til at gutungane som leikar i heimen kvar dag, snakkar om fantasifigurar som skal kille kvarandre. Dette siste nektar også eg å omsetje til norsk.

Tysdag 12. mai la kulturminister Abid Raja fram forslag til det som vil verte ei historisk språklov. Til grunn for lova ligg eit klart uttalt mål om at norsk språk skal vere samfunnsberande. Kva ligg i det? Ganske enkelt at norsk skal nyttast på alle samfunnsområde. Målet kan synast sjølvsagt, men er det ikkje. Til dømes er nær 90 prosent av den vitskaplege publiseringa ved norske forskingsinstitusjonar på engelsk. På same måte er engelsk arbeidsspråk i store delar av næringslivet. Og for å forstå teknologiske verktøy må ein gjerne nytte engelske fagomgrep.

Styresmaktene har eit ansvar for å ta vare på det norske språket for å hindre at det fell ut av sentrale samfunnsområde. Poden les Donald på norsk, men kan eg krevje eller håpe på at fleire av spela han og kameratane speler, også skal vere på norsk? Elles skal dataspel bli verande eit reint engelskspråkleg felt?

Regjeringa er innom dette spørsmålet i proposisjonen om språklova. Der står det at dataspelfeltet er eit område der norsk språk er spesielt utfordra, og at internasjonale spel dominerer den norske marknaden. Utvalet av nynorske spel er endå labrare enn utvalet på bokmål. Yes, I know!

Kjempebransje

For dei som måtte vere i tvil: Norske styresmakter har teke spel inn i varmen og reknar dataspel for eit vesentleg kulturuttrykk. I fjor haust skreiv til dømes regjeringa dette i strategien sin for å styrkje norsk dataspelproduksjon: «Dataspill tar opp i seg flere kunstarter som visuell kunst, musikk, arkitektur og historiefortelling. Spill kan gjerne oppleves som en film, utstilling og konsert på en gang.»

Dataspel er mellom dei mest populære kulturaktivitetane blant barn og unge. 96 prosent av gutane og 63 prosent av jentene i alderen 9 til 18 år speler dataspel, ifølgje Norsk mediebarometer 2018. På Youtube er dataspel den fjerde største kategorien og ein arena der barn og unge ser og lærer av meir erfarne spelarar.

Det er òg verdt å nemne kor stor dataspelnæringa er internasjonalt. Den globale spelbransjen omsette for 1230 milliardar kroner i 2018. Det er meir enn den globale sjømatbransjen, meir enn filmbransjen og langt meir enn musikkbransjen, som til samanlikning omset for 170 milliardar (tal henta frå dataspelstrategien til regjeringa). Og, om de klarer ei salve til: Verdas mest selde dataspel, Minecraft, har selt over 180 millionar eksemplar på tvers av alle plattformer og har 480 millionar spelarar verda over. Minecraft er forresten utvikla i Sverige og vart etter kvart kjøpt av Microsoft.

I Noreg er derimot ikkje dataspelbransjen særleg stor. I underkant av 30 norske selskap har gitt ut spel dei siste tre åra. Det skal likevel vere sagt at ein del norske spel er blitt både roste og prislønte internasjonalt.

Verdiar på skjerm

I hovudstaden finn vi ein firebarnsfar, spelutviklar og spelforskar som meiner det er avgjerande at det blir utvikla norske spel.

– Det er norsk historieforteljing og norske verdiar som kjem ut i norske spel. Alternativet er at heile kulturuttrykket spel blir utanlandsk. Det vil ha stor innverknad på verdiane vi har i Noreg. Det synest eg er problematisk, seier Bendik Stang, som er stipendiat ved Høgskolen i Innlandet og sjef og medgründer i selskapet Snowcastle.

Han trekkjer fram eit eksempel frå eigen produksjon, spelet Earthlock, som fell inn under kategorien japansk turbasert rollespel.

– Slike spel er vanlegvis veldig mannssjåvinistiske, med lettkledde damer som må bli redda av menn. Vi har laga eit spel med same type aktivitetar, men med sterke kvinnelege hovudroller og heller litt klønete menn. Det har ikkje falle i så god jord i Japan, men det er eit eksempel på at vi har putta eit norsk uttrykk inn i eit spel og eksportert det til kundane, til saman to millionar. 99 prosent av dei to millionane er i utlandet. Med spel kan vi eksportere våre verdiar og kulturuttrykk til resten av verda.

Utanlandske spelutviklarar tek sjeldan eller aldri kostnaden ved å omsetje spel til norsk. Nordmenn kjøper spel sjølv om dei er på engelsk. For dei norske spelutviklarane er det annleis. Skal du få støtte frå Norsk Filminstitutt (NFI), må spelet kunne spelast på norsk. Dermed gir det med eitt økonomisk meining, sjølv om berre éin av hundre kundar er norsk.

– Når norsk spelbransje er så liten som han er, heng det saman med at vi i Noreg har vore trege med å akseptere spel som eit verdifullt kulturuttrykk, seier Stang.

– Å spele er uglesett blant eldre med makt og pengar. Det er frykteleg vanskeleg å skaffe kapital til å utvikle spel i Noreg. Dersom norske spel gjer det veldig bra, vil det sjølvsagt gjere noko med investeringsviljen.

Dyr omsetjing

Medan somme spel har lite tekst, har andre mykje. Å omsetje eit spel med mykje tekst er meir krevjande enn å omsetje ei bok, fortel Stang.

– Ein hyrar nokon som skriv teksten. Den kostnaden liknar på omsetjinga av ei bok. I tillegg kjem testinga av om teksten fungerer. Det går mykje arbeidstid til å kvalitetssikre, for å legge tekst inn i eit spel går ikkje alltid automatisk. Rett line skal på rett stad. Eit grovt overslag er at det er nær dobbelt så dyrt å omsetje eit spel som å omsetje ei bok.

Teksten må òg testast på alle plattformer spelet kan nyttast på, som Playstation, Xbox, Nintendo eller PC.

I høgkostnadsproduksjonar kan omsetjing bli særs dyrt. Her kan det vere innlesen tekst og til og med innleigde skodespelarar som bidreg.

– Om ein skal leige inn skodespelarar på fleire språk, kan kostnadene gå frå 100.000 til 2 millionar ganske kjapt. Men kostnadene er knytte til kva skodespelarar ein vel, og det er mange moving parts, for å seie det på godt norsk.

Nokre av verdas mest populære spel for barn og unge, som Minecraft og Fortnite, har lite tekst, og dei finst òg i norsk utgåve.

Norsk ueigna?

Språkdirektør Åse Wetås seier Språkrådet er oppteke av mangelen på norske spel.

– Det gjer at barn og unge ikkje får eit godt tilbod på sitt eige språk. Vi kan gå ut frå at det gjer noko med haldningane. Når barn og unge ikkje møter norsk, anten det er bokmål eller nynorsk, på bestemte arenaer, vil dei oppfatte at språket ikkje eignar seg i dei kanalane.

Også Wetås meiner støtteordningane til spelbransjen i Noreg bør bli betre.

– Vi trur det er viktig å sjå på støtteordningane som finst for å utvikle gode kulturtilbod til barn og ungdom, slik at dei blir retta inn på ein måte som når ungane. Om det er slik at unge bruker mykje tid på å spele, må vi støtte opp under tiltaka som gir god fagleg kvalitet i kanalane der borna er, seier Wetås.

Ho understrekar at Språkrådet ikkje er motstandarar av engelsk.

Fleire språk utfordra

Det er ikkje berre i Noreg språket vert utfordra av den digitale tidsalderen. Island, som er kjent for å skape eit nytt islandsk ord for kvart utanlandsk som kjem seglande inn, er i same situasjon.

På telefon frå Islands universitet seier språkprofessor Eiríkur Rögnvaldsson til Dag og Tid at det ikkje er lett å få tak i dataspel på islandsk, med unntak av nokre spel for dei aller yngste. Han seier òg at bruken av interaktive spel har auka, slik at barn og unge kommuniserer på engelsk med spelarar frå andre hjørne av verda.

Rögnvaldsson jobbar sjølv på eit forskingsprosjekt om statusen til det islandske språket, og her er påverknaden frå dataspel eit tema. Styresmaktene er òg på ballen. Sjølv om Island så vidt Rögnvaldsson er kjend med, ikkje har omfattande tiltak for å få meir islandsk inn i dataspela, trur han dette kan endre seg.

– Staten har finansiert eit stort språkteknologiprogram med tanke på å utvikle teknologiske verktøy på islandsk. Dataspel kan verte ein del av dette, seier han.

Betre i engelsk
enn norsk

Den massive bruken av engelskspråkleg underhaldning i Noreg er kanskje til skade for statusen til norsk kulturbransje og norsk språk. Bør vi vere bekymra for korleis bruken av dei engelske spela påverkar norskkunnskapen til den nye generasjonen som veks opp?

Ein språkforskar som har studert språkkompetansen hos vidaregåandeelevar generelt og aktive spelarar spesielt, er ikkje bekymra.

For nokre år sidan studerte Lisbeth M. Brevik, førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved Universitetet i Oslo, i samarbeid med to andre forskarar leseevna til over 10.000 norske elevar. Mellom dei var det ei lita gruppe som skilde seg ut. Ei gruppe på rundt 500 elevar las veldig godt på engelsk, men kritisk svakt på norsk. Det gjorde Brevik nysgjerrig.

Ho tok til å studere denne gruppa nærmare ved å intervjue dei. Det kom for ein dag at denne gruppa elevar brukte mykje tid på engelskspråklege dataspel. Ungdommane kommuniserte med medspelarar og las instruksjonar på engelsk og utvikla på den måten god engelskkompetanse – og meistra altså engelsk betre enn norsk.

Kan ein då slutte at dataspela har gjort ungdommane dårlegare i norsk?

– Det er lett å trekke konklusjonen at gaming har påverka det norske språket negativt, men forskinga mi tyder på at det ikkje nødvendigvis er slik, seier Brevik.

– Vi har nokre ungdommar som er svake i norsk, men som trass i det får god kompetanse i engelsk fordi dei gamar. Og langt frå alle gamerar er svake i norsk.

Tospråklege

Brevik har rettleidd fleire masterstudentar som har studert språket hos aktive dataspelarar. Ein observasjon av ei gruppe 16–17-åringar som speler, viser mellom anna at 90 prosent av kommunikasjonen dei imellom skjer på norsk. Spelarane utviklar eit sterkt språkmedvit og situasjonsmedvit, meiner Brevik. Eit eksempel på det er at språket endrar seg ut frå kva situasjon ungdommane er i. Er dei midt i ein runde i spelet, bruker dei norsk og engelsk om kvarandre, og då eit engelsk med ei rekkje innarbeidde forkortingar som medspelarane forstår. I pausane mellom rundane går dei ofte over til norsk. Når dei bruker engelske nemningar frå spelet, legg dei til dei norske endingane til slutt, og då på korrekt vis.

– Ein masterstudent eg rettleier, Julie Darras, meiner at ungdommane er tospråklege i positiv tyding. Dei bruker engelsk og norsk om kvarandre. Engelsk når dei er inne i spelet, fordi det er ein engelsk kontekst, og norsk mellom rundane fordi det er ein norsk kontekst.

Det medvitne språket er òg knytt til banneord, som gjerne blir nytta i spelet fordi det er naturleg der, men ikkje utanfor, fordi det er ein annan kontekst der det ikkje er naturleg.

Ifølgje Brevik er spelarane også fint i stand til å kommentere korleis dei vekslar mellom dei ulike språka og situasjonane.

– Om det er slik at spelarane blir gode i engelsk av engelske spel, ville dei kanskje òg bli betre i norsk ved å spele norske spel?

– Det vil eg tru. Det er definitivt mogleg å få fleire norske spel, men gamerane sjølve seier i intervju at det per i dag ikkje finst norske spel som er kule nok.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er norsk historieforteljing og norske verdiar som kjem ut i norske spel.

Bendik Stang, spelutviklar og forskar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis