Datakrig er ikkje så farleg
Kina kjem neppe til å svara på den amerikanske teknologiboikotten med dataåtak på USA. Og Russland avgjorde ikkje det amerikanske presidentvalet. Det er Martin Libicki, amerikansk professor i datatryggleik og datakrig, overtydd om.
Noreg har òg eit nasjonalt cybersenter – NorCERTs operasjonssenter i Oslo er den operative delen av Nasjonalt tryggingsorgan.Noreg har òg eit nasjonalt cybersenter – NorCERTs operasjonssenter i Oslo er den operative delen av Nasjonalt tryggingsorgan.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpixFoto: Heiko Junge / NTB scanpix
Martin Libicki er kanskje ikkje den i verda som veit mest om «cyberwar», datakrig eller «den stille krigen», som det òg vert kalla, men han er ein av dei som kan mykje. Libicki har i over 25 år forska på datatryggleik, datakrig og informasjonskrig, og han har skrive ei rad bøker. Sist måndag held han førelesing ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) i Oslo. Libicki er i dag professor ved United States Naval Academy, men er særs nøye med å påpeika at han ikkje uttaler seg på vegner av den amerikanske regjeringa.
– Eg har knapt tilgang på gradert informasjon og liker det best på det viset. Då kan eg ytra meg fritt.
Å hacka eit kraftverk
Kva er vi mest redde for av det ytre som omgjev oss? Det er kan henda naturelementa. Det gamle helvete i norrøn tid var ikkje evig eld. Nivlhel, eller Helheimen, var plassert lengst mot nord, og i nord er det ikkje varmt, det er kaldt. Det som i dag vernar oss mot kulde og påfylgjande død, er kraftverka våre – dette at vi berre kan slå på ein brytar. Underskrivne skal ikkje snakka på vegner av alle, men mange ber nok på ei lita uro over kva som skjer med kraftverka våre om russarane kjem til at dei vil hacka dei. For i dag er kraftverka utan menneske, dei vert styrte av datamaskiner som ligg ein heilt annan stad. Kraftverka våre er heilautomatiserte og styrte via internett.
– Slik automatisering gjer oss urolege. Vi veit at det ikkje er nokon der. Vi veit òg at det finst datamaskiner, og vi veit at det finst slemme menneske der ute. Dessutan veit vi at russarane makta å forstyrra kraftproduksjonen i Ukraina. Då framskriv vi alt og trur at det kjem til å råka oss òg, seier Libicki.
Uroa dykk ikkje!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.