Sideblikk

Dansegolv for eliten og folk flest

Arendalsjuka er ein smittsam og godarta epidemi som kan styrka immunforsvaret.

Måndag kveld var det partileiardebatt som opptakt til kommunestyre- og fylkestingsvalet 9. september.
Måndag kveld var det partileiardebatt som opptakt til kommunestyre- og fylkestingsvalet 9. september.
Publisert

BYRÅSJEFEN er privatpraktiserande i den idretten bakspelarar og påleggskalvar i partiapparata blir sette til: å grava fram gamle sitat som syner at motparten er ein vinglete og omtrentleg tåkefyrste, har skifta standpunkt, eller ikkje har førstehandskjennskap til sakene.

Nå har Byråsjefen grave fram eit Sideblikk frå i fjor på denne tida: Det handla om arendalsbobla og hadde tittelen «Arendalsjuka». Om Byråsjefen hadde fått sleppa til som hjelpeskrivar, skulle han ha balansert den avundsjuke harselasen. Då skulle det ha kome fram at byen ikkje er dominert av nettverksbyggarar frå fyrstehusa som har fått betalingsdyktige klientar til å tru at dei ikkje kan klara seg utan kommersielle koplarar mellom politikk, presse, næringsliv, interesseorganisasjonar og ålmenta. Heller ikkje av forventningsfulle frå mellomsjiktet i organisasjonsbyråkratia som er på klassetur med trillekoffert for å få ein mjuk overang frå ferie til arbeidshaust. Byen fløymer faktisk over av folk flest som møter fram i store skarar for å vera med på festivalen som kallar seg demokratiets dansegolv.

ETTER Å HA VORE i Arendal må Spaltisten gje Byråsjefen rett. Eg skal ikkje utelukka at Spaltisten er forført av det fine sørlandsvêret, dei vakre kulissane, at han møtte kjensfolk og sambygdingar overalt, at han til og med klarte å vera tidleg nok ute til eit par høgkvalitetskonsertar i bakgardane. Men ikkje minst at han som løn for å vera med i ein paneldebatt, fekk låna ei flatseng hos Friedland i den overfylte byen.

Derfor slapp han å ta buss til hotell i Kristiansand, og han kunne følgja utelivet til det stilna tidleg, for det er full pakke med arrangement klokka åtte neste morgon. Klokka elleve var den fullaste baren Hill, hovudkvarteret til First House, vegg i vegg med Geelmuyden Kiese. Men berre utanfor Madam Reiersen, grundig dekorert med logoen til det gule kommuneforbundet Delta, var køen stadig 100 meter lang.

DET MEDIEVRIDDE biletet er ein delrøyndom. Rett nok okkuperer dei politiske partia TV-kanalane, og dei mest velståande interesseorganisasjonane og kommunikasjonsbransjen restaurantane og båtplassane på solsida av Pollen. Og journalistane flyg i flokk, når dei er mange nok.

Men Arendalsuka er mykje meir enn sitt eliteboblerykte. Det medgav til og med Trygve Slagsvold Vedum, som såg ut til å trivast med regionale vitsar frå festivalscena, der han kom nær folk frå heile landet. Så hadde han då også spellemannprisvinnaren og bondejenta Sigrid Moldestad frå Gloppen som oppvarmar: «Eg ser inn i augo dine; det er som ein stjernekveld.» (Jakob Sande). Han var heldigare med musikken enn Kristeleg Folkeparti dagen før: Då dei etter appellane om eit varmare samfunn drog til med countryrock, reiste kjerneveljarane seg og gjekk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement