Fjernsyn
Då Noreg fekk fargar
Sidan TV-apparatet fyller 100 år denne veka, er det endeleg høve til å avlive ein seigliva myte: Kristeleg Folkeparti var aldri mot å innføre fargefjernsyn i Noreg.
Den unge Einar Førde kunne vere skarp og sarkastisk, også i stortingssalen. Og som saksordførar fekk han hala i land saka om fargefjernsyn.
Foto: Scanpix
Fredag morgon 10. desember 1971: Influensaepidemien Hong Kong var omsider på retur, Eivind «Rattiti» Løberg herja på hitlistene, Erik Håker hadde vunne sin første siger i verdscupen, og seinare denne førjulsdagen skulle Willy Brandt få Nobels fredspris i Oslo rådhus. Dette var formiddagen Stortinget endeleg skulle votere over saka som hadde blitt diskutert i fleire år: «S nr. 33, Innstilling frå kyrkje- og undervisningsnemda om prøvesendingar med fargefjernsyn».
Sjokkstart med fargar
Norsk rikskringkasting begynte med prøvesendingar i 1956, og regulære sendingar i 1960. No var tida komen for å ta neste steg: fargar. Dei fleste europeiske land hadde for lengst innført fargefjernsyn, og Noreg var i ferd med å bli ein isolert svart-kvitt-provins i eit europeisk fargehav, som Arbeiderbladet skreiv. Mange hadde alt kjøpt seg dette statussymbolet for å sjå svensk TV, men også NRK hadde sendt fleire program i fargar, mellom anna verdsmeisterskapen i fotball. Lars Reisæter jr. selde TV-apparat i Odda, og hadde i byrjinga av desember levert tjue fargefjernsyn.
– Om ein ikkje har sett fargefjernsyn, kan ein vanskeleg tenkje seg kor flott det er, sa han og slo fast at fargefjernsyn var kome for å bli. Prisen for eit apparat låg på 6000–7000 kroner, noko som svarar til frå 62.000 til 72.000 kroner i dagens pengeverdi.
NRK var klare til å sjokkstarte 1. nyårsdag 1972 med heile åtte program i fargar, fyrst nyårskonsert frå Wien, sidan hopprenn frå Garmisch-Partenkirchen, og innan 1974 var planen å sende 10–24 timar fargefjernsyn i veka. Alle skjøna at fargar var framtida, men Stortinget måtte gje grønt lys. Fleire var skeptiske. Saka var send ut på høyring, og ei rekkje instansar hadde gjeve fråsegner: Radiobransjens Fellesråd, ja, Norges Handelsstands Forbund, ja, Norske kvinners sentralråd, tja, Forbrukarrådet, nei:
«Sett på bakgrunn av den enorme påvirkning fjernsynet utøver på det enkelte menneske, bør det legges vel så stor vekt på innholdet av og formen på programmene, som på den tekniske kvalitet. Rådet ser det derfor slik at hvis innføring av fargefjernsyn vil gå ut over andre sider ved programmene, bør ikke fargefjernsyn innføres.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.