Da kløveren var grøn

Ein gong var Senterpartiet det mest ambisiøse klimapartiet av alle.

I 1990-åra kjempa Senterpartiet mot gasskraftverk i Noreg. Biletet viser partileiar Anne Enger Lahnstein under eit debattmøte på Kollsnes utanfor Bergen.
I 1990-åra kjempa Senterpartiet mot gasskraftverk i Noreg. Biletet viser partileiar Anne Enger Lahnstein under eit debattmøte på Kollsnes utanfor Bergen.
Publisert Sist oppdatert

Da regjeringa la fram den nye klimaplanen sin 8. januar, med forslag om ei tredobling av CO2-avgifta fram mot 2030, var det inga overrasking at Senterpartiet og Framstegspartiet var dei mest avvisande. Trygve Slagsvold Vedum og andre leiarar i Senterpartiet har kjempa mot bompengeringar og framsnakka dieselbilen såpass lenge at vi byrjar å bli vande til det. Men i mange år var Senterpartiet svært ambisiøse på miljøfeltet, og da klimapolitikken var ung, kravde Sp meir drastiske klimagasskutt enn nokon andre. Den historia er verd å sjå nærare på.

Kravde halvering

Vi kan starte i året 1989, da dei menneskeskapte klimaendringane ganske nyleg hadde kome på dagsordenen. Eitt år tidlegare hadde klimaforskaren James Hansen gjeve det oppsiktsvekkjande vitnemålet sitt i Senatet i Washington der han slo fast at menneskeskapte utslepp av drivhusgassen CO2 var i ferd med å skape store endringar i klimaet på jorda.

Den nye kunnskapen vart eit politisk tema også i Noreg. Og i juni 1989 fekk arbeidarpartiregjeringa hard kritikk i Stortinget for å vere for slapp i miljøpolitikken. Ap sette seg som mål å stogge veksten i CO2-utsleppa innan tusenårsskiftet.

For dårleg, meinte alle opposisjonspartia bortsett frå Framstegspartiet. Og desidert lengst gjekk Senterpartiet, som gjekk inn for ei halvering av CO2-utsleppa innan 2000. Heilt urealistisk, meinte miljøvernminister Sissel Rønbeck og åtvara om at slike kutt kunne føre til ei massiv avfolking av Distrikts-Noreg. Like fullt tok Senterpartiet med målet om halvering av utsleppa i partiprogrammet sitt i 1989.

Gasskraftkamp

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement