Då freden kom attende til Afrika, tok migrasjonen av

Dei fleste migrantar flyktar ikkje frå krig, men frå elende. Såleis forlèt ei stor mengd menneske det underutvikla afrikanske kontinentet. Heller enn å lette børene for Afrika forsterkar migrasjonen fattigdomen på dramatisk vis, syner historikaren Pierre Vermeren.

Folkevandringa vert sett på som ei naturkatastrofe, ho må berre aksepterast eller tolast. Å finne ut av årsakene, blindvegane, omstenda går ein ikkje laus på, skriv historikaren Pierre Vermeren.
Folkevandringa vert sett på som ei naturkatastrofe, ho må berre aksepterast eller tolast. Å finne ut av årsakene, blindvegane, omstenda går ein ikkje laus på, skriv historikaren Pierre Vermeren.
Publisert

Migrantane på skipet «Aquarius» hadde vorte lova eit europeisk paradis. Dei kava ikkje for å kome seg unna krigar – i Afrika er det lite krig for tida – men frå alminnelege plager på kontinentet: veike eller ikkje-eksisterande statssystem, korrupsjon blant statstilsette, politivald, mafiaer og radikale islamistgrupper, ekstreme sosiale ulikskapar, mangel på sosialhjelp og helsestell, underbetalt arbeid, mangel på husvære, brutaliteten i dei sosiale tilhøva, særleg knytt til kjønn og klasse, og fråverande infrastruktur.

Dette dagleglivet utgjer lagnaden til fleire milliardar innbyggjarar i den tredje verda og står i stram motsetnad til den durabelege vestlege fornøyelsesparken som internett skaper skjermbilete av. Frå skya dalar dømesoger om strålande suksess ned, som kjærleiken mellom ein ung afrikansk fotballspelar og ein europeisk toppmodell. Kor mange ulukkelege er ikkje budde på å gjere kva som helst, jamvel risikere livet, for å gjere slike draumar verkelege?

Middelhavet er vorte gravstad for mangfaldige fleire knuste voner enn det finst verkelege suksesshistorier til. Mellom 1993 og 2017 drukna 33.293 identifiserte personar, hovudsakleg afrikanarar, ifylgje ei tysk undersøking frå hausten 2017. Kor mange hundre tusen andre må leve i nådelaus utnytting i arbeidslivet, som sexslavar, eller i brutalitet og ytste naud?

Dei internasjonale folkevandringane som no går føre seg til Vesten, har forsvararar som køyrer argumentasjonen gjennom moralske (religiøse eller verdslege) spor og målber visse interesser (med omsyn til politiske val og økonomi). Svært få slike aktørar interesserer seg for migrantane som einskildmenneske, og dei interesserer seg endå mindre for samfunna som får menneske til å fare derifrå i milliontal. Aldri gir media ordet til afrikanske aktørar – like lite om dette som om anna. Dette gjeld for dei styrande, familiane etterlatne av migrantane, pasientane som brått står utan lækjarar og dei som arbeider hardt for å fremje migrasjonen og lever feitt av han. Ikkje eingong innvandrarane som kjem fram, vert spurde, om det ikkje plent er eit omframt drama å utbrodere (som salet av slavar i Libya eller eit særskilt dødeleg forlis). Folkevandringa vert sett på som ein naturkatastrofe, ho må berre aksepterast eller tolast. Å finne ut av årsakene, blindvegane, omstenda, sjå, det går ein ikkje laus på.

Ingen spør kvifor ytst få migrantar forlét heimlandet sitt under den fæle hungersnauda i Kina i 1960-åra, dei indiske miserene i 1970-åra eller tørken og hungersnauda i Sahel (det sentrale Afrika) i 1980-åra eller då dei svære konfliktane spela seg ut i Afrika i 1990-åra, då mellom 10 og 20 millionar menneske vart drepne. Det er fyrst no når freden er komen attende til Afrika, når konfliktane er mildna (jamvel på Afrikas Horn), medan den økonomiske voksteren aldri har vore betre sidan 1960-åra, at folkevandringar vert utløyste. Tendensen til å sjå migrantane som eit kollektiv utan andlet, noko uomgjengeleg som lagnaden har valt for vegane til Vesten, er ein sterkt fordomsfull tendens.

Ein gløymer at dei som reiser og dei som organiserer migrasjonen, om dei er i nord eller i sør, har heilt presise mål, og dei er enkle å identifisere. Lat oss sjå på etappane i folkevandringane: kven som sender migrantar, kva internasjonale organisasjonar som stør opp under verksemda, og til sist mottakarlanda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement