Cass R. Sunstein
– Det er nok av folk som brukar sosiale medium til å snevre inn horisonten, seier holbergprisvinnar Cass R. Sunstein.
Illustrasjon: May Linn Clement
Set at du følgjer med på flyktningsituasjonen i Middelhavet og synest Italia si avvising av redningsskipet Aquarius med 629 migrantar om bord er ganske ufyseleg. Via Facebook klikkar du deg inn på artiklar som presiserer at det er den nye høgreorienterte regjeringa i Italia som nektar å hjelpe. Lenger nede i nyhendestraumen får du opp Independent-artikkelen der ein talsperson for Emmanuel Macron seier at Italias standpunkt gjer han kvalm. Nokon du kjenner, lenkjer til ein ABC News-artikkel som fortel at dei utmatta migrantane no skal få kome til Spania i staden, men dei må reise i fleire dagar gjennom stormfullt hav for å kome dit. Dess fleire artiklar om Aquarius du klikkar deg inn på, dess fleire kjem opp. Facebook les deg og syner deg saker som liknar det du har synt interesse for før. Det er lettvint, praktisk og effektivt.
Men det gjev deg ikkje nødvendigvis betre forståing av kvifor den italienske regjeringa gjer som ho gjer. Kva fortel dei nyhendeartiklane som vert fortrengde for at Facebook skal prioritere å syne deg dei sakene du ser ut til å vere interesserte i? Kva er det du går glipp av der?
Spørsmål som dette er sentrale for ei av dei nyaste bøkene til jussprofessor Cass R. Sunstein, som førre veke var i Noreg for å ta imot Holbergprisen for 2018.
Sunstein fekk prisen for eit skilsetjande arbeid innan så vel statsrett og demokratiteori, rettsvitskap og åtferdsøkonomi som offentleg politikk, forvaltningsrett og risikoregulering. Juryen skriv at dei vitskaplege arbeida hans har omdefinert fleire forskingsfelt og hatt stor innverknad på politikkutforming.
– Ein av få som føreser
Internasjonalt er den amerikanske professoren truleg mest kjend for boka Nudge, som han gav ut saman med økonomen Richard H. Thaler i 2008, og som vart ein bestseljar. I boka skildrar dei korleis styresmakter og selskap gjennom små grep, såkalla nudge – som tyder hint eller dytt – kan leggje til rette for at folk gjennom frie val gjer meir av det som er bra for dei, og mindre av det som ikkje er bra – og utan å forby alternativ eller endre økonomiske incentiv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.