Åtvarar mot digital innsn evring
– Det er nok av folk som brukar sosiale medium til å snevre inn horisonten, seier holbergprisvinnar Cass R. Sunstein.
Illustrasjon: May Linn Clement
Cass R. Sunstein
Jussprofessor og grunnleggjar og direktør for programmet for åtferdsøkonomi og offentleg politikk ved Harvard Law School. Har spesialisert seg i demokratiteori, forfatningsrett, åtferdsøkonomi, reguleringspolitikk, økonomisk analyse og risikoregulering.
Leidde Office of Information and Regulatory Affairs i Det kvite huset frå 2009 til 2012, under president Barack Obama.
Har vore involvert i grunnlovsutforming og lovendring i ei rekkje land.
Har skrive hundrevis av artiklar og nær 50 bøker, inkludert bestseljaren Nudge: Improving Decisions about Health, Wealth, and Happiness i 2008 saman med økonomen Richard H. Thaler, som fekk nobelprisen i økonomi i 2017.
Fekk Holbergprisen 2018.
Kjelde: Holbergprisen

HOLBERGPRISEN
eva@dagogtid.no
Set at du følgjer med på flyktningsituasjonen i Middelhavet og synest Italia si avvising av redningsskipet Aquarius med 629 migrantar om bord er ganske ufyseleg. Via Facebook klikkar du deg inn på artiklar som presiserer at det er den nye høgreorienterte regjeringa i Italia som nektar å hjelpe. Lenger nede i nyhendestraumen får du opp Independent-artikkelen der ein talsperson for Emmanuel Macron seier at Italias standpunkt gjer han kvalm. Nokon du kjenner, lenkjer til ein ABC News-artikkel som fortel at dei utmatta migrantane no skal få kome til Spania i staden, men dei må reise i fleire dagar gjennom stormfullt hav for å kome dit. Dess fleire artiklar om Aquarius du klikkar deg inn på, dess fleire kjem opp. Facebook les deg og syner deg saker som liknar det du har synt interesse for før. Det er lettvint, praktisk og effektivt.
Men det gjev deg ikkje nødvendigvis betre forståing av kvifor den italienske regjeringa gjer som ho gjer. Kva fortel dei nyhendeartiklane som vert fortrengde for at Facebook skal prioritere å syne deg dei sakene du ser ut til å vere interesserte i? Kva er det du går glipp av der?
Spørsmål som dette er sentrale for ei av dei nyaste bøkene til jussprofessor Cass R. Sunstein, som førre veke var i Noreg for å ta imot Holbergprisen for 2018.
Sunstein fekk prisen for eit skilsetjande arbeid innan så vel statsrett og demokratiteori, rettsvitskap og åtferdsøkonomi som offentleg politikk, forvaltningsrett og risikoregulering. Juryen skriv at dei vitskaplege arbeida hans har omdefinert fleire forskingsfelt og hatt stor innverknad på politikkutforming.
– Ein av få som føreser
Internasjonalt er den amerikanske professoren truleg mest kjend for boka Nudge, som han gav ut saman med økonomen Richard H. Thaler i 2008, og som vart ein bestseljar. I boka skildrar dei korleis styresmakter og selskap gjennom små grep, såkalla nudge – som tyder hint eller dytt – kan leggje til rette for at folk gjennom frie val gjer meir av det som er bra for dei, og mindre av det som ikkje er bra – og utan å forby alternativ eller endre økonomiske incentiv.
Då Barack Obama vart president i USA i 2009, vart Sunstein utnemnd til å leie avdelinga for offentlege reguleringar i Det kvite huset, der han var med på å setje slike idear ut i livet. No vert born frå fattige familiar til dømes melde inn i ordninga for gratis skulemat automatisk, i staden for at foreldra aktivt må melde dei inn, og kan hende gløymer det. Arbeidsgjevarar må automatisk melde tilsette inn i pensjonsordningar.
Det var òg då han jobba for Obama, at Sunstein gjorde erfaringane som er bakgrunnen for boka #Republic: Divided Democracy in the Age of Social Media (2017), der han skriv om korleis sosiale medium, gjennom skreddarsydde og algoritmestyrte nyhendestraumar og lukka grupper, kan polarisere den offentlege samtalen og utgjere ein fare for demokratiet.
– Eg såg samanhengen mellom dei sosiale media på eine sida og verksemda til regjeringa på andre sida, og det var interessant. Eg har vener som følgjer nøye med på regjeringa, og som sende meg e-postmeldingar om ting dei hadde lese at Obama gjorde, og som ikkje var sant. Dei hadde lese det på internett, på Twitter eller Facebook, og trudde det var sant. Då skjøna eg at det var ei verd her av misforståingar og løgner som det ville vere bra å prøve å gå inn i, seier Sunstein.
Holbergprisjuryen skriv at Sunstein var ein av dei fyrste samfunnsvitarane som var opptekne av korleis samtalefellesskapar kan påverke demokratiet i den digitale tidsalderen, og at han er «en av de få forskerne som forutser fremtidens utfordringer ved hver korsvei».
Han kunne hatt god grunn til å vere brautande, men Sunstein er noko så sjeldan som ein lågmælt og stillfarande amerikanar. Då Obama dukka opp i ein videooverført helsingstale under prisutdelinga i Bergen, vart han rørt og måtte bite seg i leppa. Når Dag og Tid møter han i Oslo dagen etterpå, gjer han fyrst eit forsøk på å tone ned dei store orda frå juryen.
– Når det gjeld sportsevenement, har eg jo ikkje gjort det så bra. Eg spår ofte at favorittfotballaget mitt skal vinne, men det skjer sjeldan, seier han.
Lite interessant feiring
At internett kunne by på problem for demokratiet, var han likevel tidleg ute med å skjøne. Alt på slutten av 90-talet, då dei fleste var opptekne av å lære om alle valmoglegheitene som kunne opne seg med og i den digitale sfæren, tok Sunstein til å stille spørsmål: Når vi kan filtrere ut og berre sjå det vi vil sjå, høyre det vi vil høyre, og lese berre det vi vil lese, er det eigentleg bra for demokratiet, samfunnet og ytringsfridomen?
– Det kan vere viktig å feire, men feiringar er ikkje alltid så interessante. Ta utviklinga av mobiltelefonen, til dømes. Det er ei av dei store oppfinningane for menneske. Men om folk snakkar i mobiltelefon medan dei køyrer, eller skriv tekstmeldingar medan dei køyrer, har vi med mobiltelefonen òg auka risikoen for trafikkulukker. Å diskutere dei potensielt skadelege sidene er både meir interessant og potensielt meir konstruktivt enn å feire, seier Sunstein.
Slik tenkte han òg om internett.
– Det var tidleg klart at den store auken i valmoglegheiter som internett gav, var fantastisk. Vil du lære om favorittmusikaren din, eller om ein av favorittfilmane dine, kan du finne eit skattkammer av materiale på nettet, og det er flott. Men det var òg klart at når ein har så mange alternativ, vil folk samle seg rundt emna eller perspektiva dei synest er mest behagelege. Det er eit problem. Når du kan velje ut frå det som i utgangspunktet er ei uendeleg rekkje valalternativ, kan det ironisk nok føre til at folk endar med å snevre inn horisonten, seier han.
Vanskar med å forstå
Han skreiv om farane ved egosentrisk internettbruk fyrst i 2001. I løpet av få år endra teknologien seg så mykje at han gav ut ei ny, revidert og utvida bok i 2007. Sidan den gong har kommunikasjonsteknologien gått gjennom endå ein revolusjon, med etableringa av sosiale medium, som mange i dag får mykje av nyhenda sine gjennom. Difor vart det ei tredje bok i fjor.
– I den tidlegare skrivinga mi forstod eg ikkje problemet med falske nyhende, så denne boka var eit forsøk på å gå inn i det. Og medan eg hadde forstått litt av problema med ekkokammer, at folk lever i verder som er like dei sjølv, og der eigne synspunkt vert forsterka, hadde eg ikkje sett kva sosiale medium kunne bety for slike, ved at du kan ha ein nyhendestraum av ting du i utgangspunktet er samd i, seier Sunstein.
I den nye boka skriv han om korleis ekkokammer i ytste konsekvens kan gje radikalisering og endåtil ekstremisme. Men òg om korleis den individuelle tilpassinga online generelt kan utfordre den offentlege samtalen og den felles forståinga og erfaringsgrunnlaget som utgjer livsnervane i demokratiet. «Mange, eller dei fleste borgarar burde ha eit breitt spekter av felles erfaringar. Utan delte erfaringar, vil eit heterogent samfunn ha mykje vanskelegare for å ordne opp i sosiale problem. Folk kan til og med ha vanskar med å forstå kvarandre», skriv han.
– Har ikkje folk alltid vorte trekte mot likesinna, og vore delte langs politiske, samfunnsøkonomiske og kulturelle liner?
– Eg kan ikkje seie vi har større skilje no enn før. Det vil òg vere vanskeleg å måle. Det som er tilfellet, er at det no finst eit eineståande høve til å sortere oss inn i store samfunn av likesinna. Det som òg er nytt, er at kunstig intelligens og maskinar som lærer, gjer det mogleg å opprette algoritmar som òg sorterer oss. Både gjennom individuelle val og gjennom plattformval vert vi sorterte på måtar vi ikkje har sett før, seier han.
– Korleis kom vi hit?
– Med ein teknologi der dei viktigaste informasjonskjeldene er aviser og kringkastingsmedium, vert folk naturleg eksponerte for ulike tema og synspunkt. Kanskje ikkje så mange som ideelt, men ein kjem over tema og argument som ein ikkje ville valt å sjå. Det er ein slags arkitektur av samantreff. Med sosiale medium har vi fått ein arkitektur av kontroll. Det er ei stor frigjering på mange måtar, men kjem òg med risikoen for større splittingar og for at folk snevrar inn horisonten. Mange folk brukar sosiale medium på måtar som gjer at dei lærer mykje nytt, men det er òg nok folk som brukar det til å snevre inn horisonten, og det er eit problem, seier han.
Fleire samantreff
Sunstein meiner det må leggjast til rette for fleire samantreff og uventa, uplanlagde hendingar. Han siterer den engelske filosofen John Stuart Mill, som skreiv at det «neppe er mogleg å overdrive verdien (…) av å setje menneske i kontakt med personar som er ulike dei sjølv, og med tankesett og handlingar ulike frå dei ein er kjende med. Slike samband har alltid vore (…) ei av hovudkjeldene til framgang».
I eit demokrati som skal fortene namnet, bør livet – inkludert det digitale – vere bygd opp slik at folk ofte kjem over synspunkt og tema dei ikkje har valt sjølv, meiner Sunstein. Her er det fyrst og fremst informasjonsleverandørane som har eit ansvar, slik han ser det, men den enkelte brukaren kan òg gjere sitt.
Sunstein har teikna eit mørkt bilete av stoda, men ser alt no teikn til betring. Merksemda kring utfordringane ved sosiale medium har auka det siste året, meiner han.
På mobilen har han appen Read across the aisle, som måler i sanntid om kjeldene han les, har slagside. Appen vert blå om han berre ser på artiklar med demokratisk synspunkt, og raud om han les mest frå republikansk side. Etter at boka hans kom ut, har han òg vore invitert til Facebook for å gje råd, og han seier Facebook jobbar for å motverke polarisering. Tradisjonelle medium har òg teke grep. New York Times har mellom anna ein ny funksjon for å eksponere folk for politiske idear og saker frå andre publikasjonar.
– Det er ein god veg framover, seier han.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Med ein teknologi der dei viktigaste informasjonskjeldene er aviser og kringkastingsmedium, vert folk naturleg eksponerte for ulike tema og synspunkt.
Cass R. Sunstein, jussprofessor
Fleire artiklar
Ein alternativ Nord-Noregbane?
Frå omslaget til ein utypisk roman om mellom anna sjakk.
Sjakknerden er litt av ein type. Men særleg i litteraturen vert det lite sex.
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»