Byråkratiet som held bassenget tørt
Éin ting er å bygge basseng på dugnad. Noko heilt anna er det å handtere bassengbyråkratiet.
Konstanse Tysse vaks opp med vasskrekk. Det ville ho at nye slekter slepp oppleve. Ho har steikt og selt vaflar for eit par hundre tusen kroner.
Foto: Firda / Aud Elsa Grøneng
Det skulle vere så enkelt, den gongen for over 60 år sidan: Eit øysamfunn, omgjeve av salt, kaldt, straumfullt vatn, ville bygge eit basseng slik at born kunne lære seg å symje. Dei hadde ikkje forventningar til at storsamfunnet skulle betale alt; dei var derimot fullt innstilte på at dugnad måtte til.
Det dei ikkje var like innstilte på, var mengda søknader og forskrifter og reguleringar og tilbakerapporteringar: Reguleringsregimet som har gjort at det som ein gong skulle vere eit vedlikehaldsfritt basseng til 200.000 kroner, under open himmel, fylt med saltvatn varma opp av spillvarme frå fiskemottaket, no har vorte eit stort fleirbrukshus med kajakkrom, badestamp, klatrevegg og kontorplass til 18 millionar.
No, i 2017, er huset reist, veggar og tak komne på plass. Mange ville nok ha gjeve opp på vegen. Men Bulandet, Noregs vestlegaste fiskevær – eit samfunn med like mange øyer som innbyggjarar (kring 300), held framleis fast på at bassenget skal byggast ferdig.
I utgangspunktet kunne ein tenkje seg at det ikkje var så vanskeleg å bygge eit basseng. Ein får tak i ein tank, grev han ned i bakken og fyller han med vatn varma opp av spillvarme. Eit avløp gjer at ein slepp å ause alt vatnet ut att når det vert for skite.
Noko slikt var det dei tenkte på sekstitalet, altså for over femti år sidan. Historia om bassenget i Bulandet er på mange måtar to historier. `Éi om kvinnene som ville, og ein heil masse vaflar, og éi om byråkratiet som ikkje er laga for å forstå. Vi skal prøve å få plass til dei begge, og gjer det greiast med å byrje med starten.
Klare seg sjølv
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.