– Byråkratane gjer mytteriSimon Malkenes har fått Skjervheimprisen for engasjementet sitt i skuledebatten. Den siste veka har skulestriden i Oslo teke ei heilt ny vending.
Simon Malkenes har fått Skjervheimprisen for engasjementet sitt i skuledebatten. Den siste veka har skulestriden i Oslo teke ei heilt ny vending.
foto: Vidar Ruud
Simon Malkenes skapte rabalder i vår då han deltok i ordskiftet på Dagsnytt 18 om skulepolitikken i hovudstaden. Han fortalde om ein vanskeleg skulekvardag og om det han meinte var ein mislukka skulepolitikk med fritt skuleval.
Det lika skulebyråkratiet dårleg og sette i gang gransking. Mange andre lærarar støtta Malkenes. Dei siste vekene har skulebyråkratiet atter hamna på framsidene av avisene. Folk i Utdanningstetaten har varsla anonymt mot byråd Inga Marte Thorkildsen (SV). Ho har hatt ei framferd som er «krenkende og skremmende» andsynes skulebyråkratiet, heiter det.
Varselet kom rett etter at skulesjef i Oslo kommune, Astrid Søgnen, fekk vita at ho ikkje lenger er ynskt i stillinga etter at ho fyller 67 år i november.
Men det ligg meir enn personstrid i saka: Astrid Søgnen har stått for høgrepolitikk i Oslo-skulen, der «fritt skuleval» har vore eit nøkkelord – nett det Malkenes kritiserte i vår. Han har slutta i Oslo-skulen. Denne veka fekk Simon Malkenes Skjervheimprisen 2018.
«Han snakka offentleg om negative konsekvensar som leiinga ikkje har synt vilje til a° erkjenna og diskutera. Som for mange andre varslarar har dette hatt store personlege omkostningar for han», heiter det i grunngjevinga.
– Vonar du prisen får fleire lærarar til å stå fram med historiene sine?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.