Sideblikk
Bygda var og er meir enn bønder
Minneord om ei alternativ planleggarrøyst og eit innspel om tolking av norsk bygdehistorie.
Våronn på eit småbruk i Rogaland. Mannen bak hesten var truleg òg anleggsarbeidar.
Foto Erik Thorberg / NTB / NTB
Røyne Kyllingstad (18. mars 1933–6. oktober 2021) rakk akkurat å få ferdig det stubbdelte faglege testamentet sitt før han døydde: «Bygd er mer enn bønder.» Han var utdanna arkitekt, planleggar i Hamar-regionen, forskar ved NIBR (Norsk institutt for by- og regionforsking) og professor i planfag ved Arkitekthøgskolen i Oslo. I 60 år budde han i den grisgrendte og spreidd busette Furnesåsen i Ringsaker.
Gjennom yrkesliv og offentleg engasjement hadde han eit mantra: Det stemmer ikkje, det lærebøker og forteljinga om Noreg vil ha det til, at fleirtalet av det fleirtalet som budde utanfor dei små byane, var sjølveigande odelsbønder. Bonde var ein kategori som også femna den bufaste bygdeallmugen.
DEI FLESTE DREIV PÅ med «det som svarte seg best» (etter agrarhistorikaren Stein Tveite). Mangesyslarar tok lausarbeid og levde av ulike handverk. Men om dei åtte eller disponerte ein mole jord, hamna dei i skattelister, manntal og folketeljingar som bonde, gardbrukar eller husmann. Det var statistiske kategoriar som sa lite om kva folk faktisk dreiv på med. Og det var kolossale forskjellar i eigedomstilhøve og tradisjonar mellom ulike delar av landet. Eineyrkebonden på familiebruket er ein episode i norsk bygde- og næringshistorie.
Ottar Brox blir aldri lei av å peika på at talet på småbrukarar og sysselsette i industrien steig parallelt i første halvdel av 1900-talet. Mykje av industrien vaks fram på landet, og der var det om å gjera å ha eit tomtebruk med ein liten jordveg attåt. Det kunne fø ei ku eller to og gje poteter til eige bruk, med kjerringa som hest. Det var også offentleg politikk, jamfør Den Norske Arbeiderbruk- og Boligbank.
RØYNES SJANGER er «stubbar», ikkje lange avhandlingar med hårfine kjeldetilvisingar. Han lagra litt tilfeldig det han fann, røynde og kunne bruka til å spinna vidare på, så han la inn fotnotar som denne: «Før jeg går videre, må jeg dessverre tilstå at jeg har somlet bort kilden til det jeg nå skriver. Så jeg får bare håpe at leseren tør stole på min hukommelse.»
I dette tilfellet var det Eilert Sundt og Harham. Et Exempel fra Fiskeri-Distrikterne. Røyne plukka opp at bygdas mest anerkjente høvedsmann formelt var husmann. Men han var ein så dugande fiskar at husbonden bad om å få vera med som mannskap. Andre stader fann Røyne husmenn og strandsitjarar som var største innskytarar i sparebanken og lånte ut pengar til bønder.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.