– Eg saknar å bu i trehus.
Venninna mi hadde nyss flytta inn i den nye bustaden sin, i lag med mann og to barn. Eit murhus med flott utsikt frå balkongen og med rikeleg benke- og skapplass på kjøkkenet, som det stod skrive i bustadannonsen.
Der fekk vi også vite at soverommet fekk godt med naturleg lys inn gjennom dei store vindaugsflatene, og vi vart ønskte «velkomne ned» til underetasjen, der vi kunne finne eit bad med tidlaust preg, lune fargar og materialval.
Fargen i resten av huset sa eigedomsmeklaren lite om, og det var kanskje like greitt, for no hadde venninna mi måla om heile stova og planla ny palett for fleire nye rom. Ho var bra nøgd, av god grunn, men ho sakna det kvitmåla tretaket og dei naturfarga golvplankane i det førre huset. Treverket gav varme og liv til både stova og kjøkkenet.
– Men de har jo parkett og matbord i tre, sa eg.
– Med meir møblar på plass vil de få den same varmen inn her.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.