Business og biomangfald
Næringslivet har fått auga opp for naturkrisa, men er mest oppteke av rapportering, privat finans og ein «naturpositiv økonomi».
Lågendeltaet naturreservat, her ved Lillehammer bru.
Foto: Jan-Tore Egge / Wikimedia Commons
Tenk deg at du har ei lita hytte i nærleiken av eit naturreservat, eit våtmarksområde med sjeldne fugleartar. Du kan ikkje nytte hytta i hekkeperioden, men det er du innforstått med, for då skal fuglane ikkje bli forstyrra. Så blir det plutseleg vedteke at det skal byggjast ein firefelts motorveg gjennom naturreservatet. Dei delane av naturreservatet som skal ofrast til motorvegen, blir kompensert for gjennom vern av ei anna våtmark ein annan stad. Det høyrest kanskje ut som ein spøk? Nei då, økologisk kompensasjon, kallar ein det, basert på ein såkalla netto null-tankegang.
Kompensasjon
Ideen vart utvikla i USA på 1990-talet og initiert av ingen ringare enn president George H.W. Bush. Det var han som i 1991 foreslo å inkludera prinsippet om «netto null-tap» av natur i miljølovgjevinga. Miljøutfordringane skulle handterast med marknadstenking.
Denne tankegangen kjenner vi frå klimapolitikken, der statar har «kompensert» for eigne utslepp ved å finansiere klimatiltak (oftast) i andre land. No grip «netto null-tenking» om seg også i naturmangfaldspolitikken. Her heime kjempar Sabima og andre norske miljøorganisasjonar for å få såkalla arealnøytralitet, som kort sagt inneber at vi ikkje skal øydeleggje meir natur enn vi restaurerer, inn i forvaltningspraksisen. EU har nyleg innført krav om kompenserande tiltak når det blir gjort skade på naturen. Og også på det pågåande naturtoppmøtet (COP15) i Montreal står temaet sentralt.
Ikkje minst er næringslivet ein pådrivar for ideen om kompensasjon for tap av natur, og det siste året har det blitt etablert ei rekkje koalisjonar som fremjar denne typen løysingar. Det har gått så langt at utkastet til ny naturavtale rett og slett er kapra av næringslivsinteresser, skreiv Friends of the Earth International i ein rapport i forkant av toppmøtet. Vi skal ikkje ta stilling til desse skuldingane her, men rette eit kritisk blikk mot kva slag løysingar på naturkrisa næringsinteressene fremjar på naturtoppmøtet.
Netto null
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.